JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Heilt sant. Nesten.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4315
20171103
4315
20171103

Det er nok ikkje berre den noverande presidenten i USA som har røynsle med at det ikkje alltid er like lett å halde seg til sanninga. Me har vel alle vore i situasjonar der ei kvit lygn verka som ei betre løysing enn å seia si verkelege meining utan atterhald.

Når sant skal seiast, er eg som hovudregel tilhengar av at folk fortel meg sanninga, uansett kor ubehageleg ho er. Men om nokon må lyge for meg, forventar eg i det minste eit diskré lygekors bak ryggen. Elles seier jo definisjonen på lygn at det er å seie noko som ein veit ikkje er sant. Ei openberr løysing for lystlygnaren er difor at ein lyg så ein trur det sjølv. Kan hende er det nett det som no går føre seg i Det kvite huset.

Så til oppgåve 1310 der mange innsendarar ikkje hadde tenkt på Hamsuns første kone, Bergljot Bassøe Beck. Men Ingebjørg Sogge har styr på det og skriv: «Det som nesten er sant av Bergljot Kaslegard (første kona til Knut Hamsun heitte Bergljot), er ei skildring av Bodvar som ligg på det siste på sjukeheimen. Eg har høyrt folk seie at demente har det godt fordi dei er i si eiga verd, men da har dei nok ikkje opplevd tilstanden på nært hald. Bodvar har ikkje kontroll på noko. Folk kjem inn på rommet hans utan å vere inviterte, ting forsvinn, tankane slår krøll på seg og språket sviktar, notid og fortid blandar seg. Han er heile tida på spor av den tapte tida, barndommen, da faren ikkje kom heim att frå krigen og livet vart alvorlegare enn ungar flest har godt av. Men snart melder notida seg på nytt med krav om å gjere opp status over levd liv og gode og mindre gode gjerningar. Det er vondt å lese, men også godt fordi det er godt sett. Marta Nordheim, som nettopp gav ut Oppdateringar frå lykkelandet, har registrert at yngre forfattarar skriv om alderdommen på ein annan måte enn før. Tidlegare vart eldre skildra gjennom auga til barn og unge, dei hadde gyngestol, god tid og vaflar og saft på lur for å dempe små og større kriser. Det blir nok steikt ein og annan vaffel enno, men dagens besteforeldre har nok med seg og sitt, dei går på pilates, spring på konsertar og kulturarrangement (kulturkjerringar, må vite!) og slår ut håret under stadig fjernare himmelstrøk. Derfor er det ekstra vanskeleg å takle det når kropp og sinn sviktar og den store stilla legg seg over livet. Og det gjer ekstra inntrykk når dette ikkje blir skildra utanfrå, men gjennom synsvinkelen til den eldre. Demensen er eit gåtefullt skuggeland, men Bergljot Kaslegard lar Bodvar komma til orde sjølv, og lesaren sitt att med innsikt og ei kjensle av å ha møtt eit menneske.»

Sanninga om oppgåve 1310 er at desse kom fram til rett svar: Skeisebibliotekaren i LASK, Birte Næsheim, Laurits Killingbergtrø, Odd Storsæter, Sidsel Spilde, Eirik Holten, Inger Anne Hammervoll, Bjørn Myrvang, Vigdis Hegna Myrvang, Asbjørg Engebø Rystad, Marit Mangerud, Gunn Bull-Berg, Truls Johan Horsberg Hoff, Anne-Marie Grønhaug, Olav Holten, Laura Killingbergtrø, Kari Lønning Aarø og Ottar Aarø, Asbjørg Apalset, Tor Inge Myren, Robert Øfsti, Eli Hegna, Else Gjesdahl Sørensen, Fritjof Lampe, Jan Alfred Sørensen, Jens Erik Romslo, Eva Sunde, Norunn Valderhaug, Bjørn Gjermundsen, Turid Tirevold, Eldbjørg Stegane Engebø, Else Bovim, Sjur Joakim Fretheim, Torleik Stegane, Tove Knutsen og Idar Lind, Ove Bjørkhaug, Jon Grepstad, Petter Kristensen, Mona Fonnes, Dei kvasse på Fana, Tvillingene, Ingebjørg Sogge og Olav Molven. I dag er Jens Erik Romslo bokvinnar. Gratulerer!

Klok på bok 1312

Du må være stille, sa de til henne, bestefar sover. Så vet hun ikke sin arme råd og har det forferdelig kjedelig –

«Og hva gjør hun?»

Jeg vet ikke. Det er mest sannsynlig at hun forsøker å nå sin egen nesetipp med tungespissen.

«Der ser du. Og du har villet fremkalle noe i retning av en ny syndflod?»

Sitatet er frå siste kapittel i ein roman som blir rekna som ein klassikar. På originalspråket kom boka ut same året som Nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar frå USA. Året etter kom romanen for første gong ut på norsk. Forfattaren har like mange bokstavar i førenamnet som i etternamnet. Før eg godkjenner svaret, vil eg vite kven det er forfattaren snakkar med i siste kapittel i løysingsboka. Send namn på forfattar, verk og samtalepartnar til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 10. november.

MEDIKUS LIBRI

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis