Frå Bøyaøyri.
Foto: Bjørn Erik Pedersen/Wikimedia Commons
I serien «Personar vi helst vil gløyme»:
Matterroristen Veggis Khan.
Ein song eg har fått på hjernen (eigen tone):
Eg skulle besøke far min,
men det er så langt å gå,
det er så langt å gå,
det er så langt å gå.
Eg skulle besøke far min,
men det er så langt å gå.
Så frykteleg langt å gå.
(Anonym)
Eit fint tidsfordriv som eg kan tenkje meg å ta opp att:
Ein sommar i barndommen då eg låg sjuk, mora eg meg med å klippe fullt av hol i pyjamasbuksa mi. Eg hugsar at det gav meg ei stor og nesten uforklarleg glede.
Eg hugsar også at eg dreiv og klipte knappar av kleda til folk for å bruke dei til å kaste på strek – ein variant av å «kaste på stikka» – med.
Ei lita språkspalte igjen. På høg tid, vil mange seie
For alt eg veit, kan dette ha vore nemnt før, av heilt andre språkentusiastar, for stundom dukkar spørsmålet opp: Kva for eit norsk ord har flest vokalar etter kvarandre utan utidig innblanding frå ein konsonant? Eg hugsar ikkje svaret, så eg spør berre: Kva for eit norsk stadnamn har flest vokalar på rad? Eg har ein kandidat: Bøyaøyri i Fjærland. Og om vi ikkje har vinnaren her, så trur eg i det minste at det er det stadnamnet med flest ø-ar og y-ar etter kvarandre, med berre ein a imellom, for å piffe opp ordet litt.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
I serien «Personar vi helst vil gløyme»:
Matterroristen Veggis Khan.
Ein song eg har fått på hjernen (eigen tone):
Eg skulle besøke far min,
men det er så langt å gå,
det er så langt å gå,
det er så langt å gå.
Eg skulle besøke far min,
men det er så langt å gå.
Så frykteleg langt å gå.
(Anonym)
Eit fint tidsfordriv som eg kan tenkje meg å ta opp att:
Ein sommar i barndommen då eg låg sjuk, mora eg meg med å klippe fullt av hol i pyjamasbuksa mi. Eg hugsar at det gav meg ei stor og nesten uforklarleg glede.
Eg hugsar også at eg dreiv og klipte knappar av kleda til folk for å bruke dei til å kaste på strek – ein variant av å «kaste på stikka» – med.
Ei lita språkspalte igjen. På høg tid, vil mange seie
For alt eg veit, kan dette ha vore nemnt før, av heilt andre språkentusiastar, for stundom dukkar spørsmålet opp: Kva for eit norsk ord har flest vokalar etter kvarandre utan utidig innblanding frå ein konsonant? Eg hugsar ikkje svaret, så eg spør berre: Kva for eit norsk stadnamn har flest vokalar på rad? Eg har ein kandidat: Bøyaøyri i Fjærland. Og om vi ikkje har vinnaren her, så trur eg i det minste at det er det stadnamnet med flest ø-ar og y-ar etter kvarandre, med berre ein a imellom, for å piffe opp ordet litt.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Foto: Alf Ljungquist
Meistermøtet
Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?