Infoinnside:
LA OSS PRATE OM PENGAR!
Kvifor synest folk at det er så vanskeleg å prate om pengar? Dei fleste har vel høyrt historier om kva samane svarar når ein spør kor mange reinsdyr dei har: «Det ville vore det same som å spørje deg kor mykje pengar du har i banken.» Så humrar alle, for det er jo hårreisande å spørje om slikt.
«Kva er det som skil menneska frå dyra?» er eit anna spørsmål. Vi trur at svaret er «pengar». Det er berre menneska som godtek fiksjonen «pengar», at ein papirlapp er verd like mykje som talet som står på han.* Nesten alle menneska som bur på jorda er med på leiken, frivillig eller kanskje bitte litt motvillig, dei fleste til og med ivrig.
* Mogleg unnatak: veddeløpshestar (som gjerne klarer å brødfø eigarane sine).
Det kontantlause samfunnet – ein informativ tekst
Det kontantlause samfunnet blir meir og meir kontantlaust. Kva følgjer har det? Jo, pengane blir enda meir fiktive. Dei er berre tal på bankens harddisk.
Om du treng noko å turrprate om neste gong du kjem i kontakt med naboen, foreslår vi at du tek initiativ til å diskutere fordelar og ulemper ved det kontantlause samfunnet. Her kjem ei rask oppsummering av dei viktigaste poenga, slik at du kan spare på energien og livsgnisten til seinare på dagen.
For:
- kontantar er dyrt å administrere
- ein må flytte kontantar fysisk
- butikkar blir mindre utsette for tjuveri
- det er lettare å overvake den illegale økonomien
Mot:
- folk utan digital kompetanse vil lettare falle utanfor
- eldre som vil greie seg sjølv lengst mogleg, får det vanskelegare
- kontantar er meir pedagogisk for barn
- setlar og myntar har kulturell og historisk verdi
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
LA OSS PRATE OM PENGAR!
Kvifor synest folk at det er så vanskeleg å prate om pengar? Dei fleste har vel høyrt historier om kva samane svarar når ein spør kor mange reinsdyr dei har: «Det ville vore det same som å spørje deg kor mykje pengar du har i banken.» Så humrar alle, for det er jo hårreisande å spørje om slikt.
«Kva er det som skil menneska frå dyra?» er eit anna spørsmål. Vi trur at svaret er «pengar». Det er berre menneska som godtek fiksjonen «pengar», at ein papirlapp er verd like mykje som talet som står på han.* Nesten alle menneska som bur på jorda er med på leiken, frivillig eller kanskje bitte litt motvillig, dei fleste til og med ivrig.
* Mogleg unnatak: veddeløpshestar (som gjerne klarer å brødfø eigarane sine).
Det kontantlause samfunnet – ein informativ tekst
Det kontantlause samfunnet blir meir og meir kontantlaust. Kva følgjer har det? Jo, pengane blir enda meir fiktive. Dei er berre tal på bankens harddisk.
Om du treng noko å turrprate om neste gong du kjem i kontakt med naboen, foreslår vi at du tek initiativ til å diskutere fordelar og ulemper ved det kontantlause samfunnet. Her kjem ei rask oppsummering av dei viktigaste poenga, slik at du kan spare på energien og livsgnisten til seinare på dagen.
For:
- kontantar er dyrt å administrere
- ein må flytte kontantar fysisk
- butikkar blir mindre utsette for tjuveri
- det er lettare å overvake den illegale økonomien
Mot:
- folk utan digital kompetanse vil lettare falle utanfor
- eldre som vil greie seg sjølv lengst mogleg, får det vanskelegare
- kontantar er meir pedagogisk for barn
- setlar og myntar har kulturell og historisk verdi
Fleire artiklar
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.
Foto: Sindre Deschington
Mikrobrikkene som formar framtida
Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.
På 70-talet meinte nokon at Billy Swan song som ein mellomting av Ringo Starr og Elvis. Det held vel til husbruk på eldre dagar.
Foto: Ctsy Monument Records, 1976
Arkivet: Hjelpa er nær
I november for femti år sidan blei genistreken «I Can Help» skriven og framført av ringreven Billy Swan.