Innsidemannens kjøkken
Denne gongen: forloren hare
Ja, de matglade lesarar der ute, det er vel på tide med ei lita matoppskrift igjen. Og denne gongen er det forloren hare som gjeld.
Forloren hare er på mange måtar i slekt med forloren skjelpadde, berre at ein bruker hare i staden for skjelpadde. Framgangsmåten elles er ganske lik.
Fang ein hare, middels stor. (Haren er både sky og skvetten, så du må rekne med å liggje på lur ei veke eller to før han dukkar opp. Det kan lønne seg å ha med ein termos med kaffi og ein matpakke.)
Skyt haren, men vent med å trekke av til du ser det kvite i auga på han.
Sett på litt musikk og flå haren. Ta vare på labbane, dei bringar lykke. Øyra kan du sikkert også bruke til eitt eller anna, særleg dersom du skal arrangere barneselskap.
Hiv ein pakke smør i ei gryte og fres ein god del opphakka løk og fersk chili.
Sleng haren i gryta og set på lok.
Ta av loket igjen (bruk gjerne ein gryteklut) og hell oppi ein liter hønsebuljong.
La haren koke nokre timar, mens du gjer andre ting. (Til dømes sjå ein Poirot-episode for 15. gong.)
Drikk litt brennevin, men hugs å setje mobilen på vekking.
Når du har ei kjensle av at haren snart er ferdigkokt, set du på poteter og tar deg ein klunk brennevin.
Smak til med salt og peppar.
Server haren mens han er nokolunde varm, med tyttebær, ein finsleg saus og rikeleg brennevin til.
Kvifor retten blir kalla forloren hare og ikkje berre hare er det vel ingen som veit i dag. Og same kan det eigentleg vere.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Innsidemannens kjøkken
Denne gongen: forloren hare
Ja, de matglade lesarar der ute, det er vel på tide med ei lita matoppskrift igjen. Og denne gongen er det forloren hare som gjeld.
Forloren hare er på mange måtar i slekt med forloren skjelpadde, berre at ein bruker hare i staden for skjelpadde. Framgangsmåten elles er ganske lik.
Fang ein hare, middels stor. (Haren er både sky og skvetten, så du må rekne med å liggje på lur ei veke eller to før han dukkar opp. Det kan lønne seg å ha med ein termos med kaffi og ein matpakke.)
Skyt haren, men vent med å trekke av til du ser det kvite i auga på han.
Sett på litt musikk og flå haren. Ta vare på labbane, dei bringar lykke. Øyra kan du sikkert også bruke til eitt eller anna, særleg dersom du skal arrangere barneselskap.
Hiv ein pakke smør i ei gryte og fres ein god del opphakka løk og fersk chili.
Sleng haren i gryta og set på lok.
Ta av loket igjen (bruk gjerne ein gryteklut) og hell oppi ein liter hønsebuljong.
La haren koke nokre timar, mens du gjer andre ting. (Til dømes sjå ein Poirot-episode for 15. gong.)
Drikk litt brennevin, men hugs å setje mobilen på vekking.
Når du har ei kjensle av at haren snart er ferdigkokt, set du på poteter og tar deg ein klunk brennevin.
Smak til med salt og peppar.
Server haren mens han er nokolunde varm, med tyttebær, ein finsleg saus og rikeleg brennevin til.
Kvifor retten blir kalla forloren hare og ikkje berre hare er det vel ingen som veit i dag. Og same kan det eigentleg vere.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.