Innsida er sponsa av denne apa som er sponsa av Canon.
Kinesiske stjernesteikn
I Kina har dei ikkje stjerneteikn, men dyreteikn. Vi lèt dyreteikna fortelja oss kven vi er, og overraskande nok stemmer alt på ein prikk!
Sigrid er okse: Oksen trur på hardt arbeid, truverd, tolmod og viljestyrke. Han er observant når det gjeld å få nye vennar, blid, og arbeider godt med hendene. Når oksen blir sint, blir han valdsam og farleg (Sigrid som barn og ungdom). Oksen vel orda sine med omhug. Med eit minimum av strev kan oksen få suksess (Sigrid på vidaregåande). Lykkefargar: kvit, gul og grøn. Oksen herskar over timane frå 01.00 til 03.00.
Guri er hest: Hesten er fødd som omstreifar og er energisk, attraktiv og intelligent. Han er glad i å gå på festar og festivalar. Hesten er kjend for multitasking og botnlaus energi (akkurat som Guri). Dette gjer han til ein suksessfull journalist, seljar eller instruktør. Han tek sjeldan imot råd frå andre, men handlar på eige initiativ. Hesten forstår seg på pengesaker (som Guri). Lykkefargar: gul og grøn. Hesten herskar over timane frå 11.00 til 13.00.
Braut, som var ein okse, var ein hest. Medan Julius, som er ei ape, er ei geit. Dette verkar noko ulogisk, spør du oss.
Hestar det er verdt å hugse
Travhesten Alm Svarten fekk i si tid tildelt Gran kommunes kulturpris. Han fekk dessutan både sin eigen song og si eiga bok, ein hestografi skriven i «jeg»-form, med John Buer som skuggeforfattar. Ein annan travhest, Atom Vinter, var æresborgar i Gausdal og reid rett inn i samfunnshuset da han fekk tildelt tittelen.
Braut
Det alle litterære menneske lurer på, er om oksen Braut er oppkalla etter Daniel Braut i Bondestudentar. Michael Brøndbo i Nationen har (nesten) svaret: «Braut er etternavnet til bøndene oksen ble født hos. De er fra Jæren, så det er ikke utenkelig at det er en slags kobling, iallfall.»
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.