JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok på bokKlok_Innsida

Siste verset fyrst

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4889
20241115
4889
20241115

Svarfristen er til og med 23. november.

I dag byrjar me med slutten. No er det nok med rekkjefølgjetyranniet. Når verda uansett har gått av hengslene, kan me like gjerne snu opp ned på kor me plasserer ting i tid og rom. No kan me late før vere i overmorgon og sjå fram til ei framtid der Moses går i kortbukse.

Om det finst lesarar der ute som trur at dette utbrotet har noko med ein teikneseriefigur å gjere, vil eg straks nytte høvet til å klargjere at det har det. Men når noko går den vegen høna sparkar, er det berre ein ting å gjere: Me lyt snu høna.

Då me alle saman var yngre, var det slik at folk mista truverdet om dei vart tekne i løgn. Før var det å vere ein løgnar ei skam. Kva skjedde med verda, og kvar vart det av skamma? Var det opp til meg, ville eg spole historia attende til før lygekrossen var obligatorisk blant politikarar. Eg vil tilbake til ei tid då fakta har makta, og der ein person som lyg så det renn av han, ikkje vert vald til president. Så er det sagt. Det måtte seiast. Skapet skal jo ikkje stå midt på golvet.

For å demonstrere kor demokratisk sinnelag me har her i bokstova, vil me nok ein gong invitere til ei lesarundersøking. Det er seks år sidan sist me spurde om folk ville ha Hamsun-kviss til jul, så no er det på høg tid at me igjen får stadfesta at dette er ein tradisjon som høyrer høgtida til. For nye lesarar: I juleutgåva av Dag og Tid plar me lage ein kviss på 10 oppgåver knytte til forfattarskapen til Store-Knut. Du lyt ha rett svar på minst åtte av oppgåvene for å komme med i trekninga av ein bokpremie. Propagandaapparatet til Klok-redaksjonen seier at dette er artig, men det er røystene som rår.

No tek me ein liten reklamepause. Frode Torvund skriv: «Det er jammen meg stor variasjon i Klok på bok, og det er vel det som gjør det så spennende.»

Så til Laurits Killingbergtrø, som skriv: «Litt same blanding av uhell og hell som før. På grunnlag av tipsa frå Medikus og kopling på kunnskapsbasen Oria kom eg fram til at boka kunne vere Vi begynner med slutten av den britiske forfattaren Chris Whitaker. Men boka kunne ikkje lesast på nettet og fanst heller ikkje på nærbiblioteka. Da vart det å kjøpe boka på Norli bokhandel, der den nyomvende KPB-entusiasten bak disken lyste meg i møte. ’Korleis er klippet i dag, da’, spurde ho og leitte meir enn viljug opp både bok og side og synte meg at eg hadde gått rett. Heimkomen sette eg meg godt til rette for å kose meg med boka på vel 500 sider. Men så kom eg på at det blir gjort litt leven av lesarar som held seg til boktittelen i dag; dei er så nyfikne at dei må sjå på siste sida ’for å sjå korleis det går’. Det gjorde ikkje eg, men eg las på baksida kva forlaget skriv om boka. Og der stod mykje som er til hjelp i tilleggsspørsmåla frå Medikus. Men det er ei fallgruve: Det kan verke som faren til Duchess heiter Walk. Men det blir korrigert når ein kjem til side 524 i boka. Der skal Duchess lese opp ein stil ho har skrive. Og det står: ’Hun begynte med å fortelle om faren sin, den fredløse Vincent King.’ Fredløysa gjekk i arv, altså.»

Jorunn Øxnevad Lie skriv: «Det var litt av en thriller. Dette var spennende og rørende lesning.»

Denne gongen var det mange innsendarar som sleit med tilleggsspørsmålet, men slik var det ikkje med Per Trygve Karstensen. Han tok tittelen på romanen bokstaveleg og skriv: «Dersom vi begynner med slutten i boka, står det at faren er Vincent King.»

Før me set sluttstrek for oppgåve 1649, skal desse klokingane ha honnør: Eli Winjum, John Olav Johnsen, Signar Myrvang, Fritjof Lampe, Paul Henrik Hage, Ragnhild Eggen, Ingebjørg Sogge, Eli Hegna, Vigdis Hegna Myrvang, Laurits Killingbergtrø, Terje Solbakk, Ole Husby, Frode Torvund, Ragnhild Løvås Stenhaug, Nils Farstad, Olav Lie Gundersen, Inger Merete, Kirsti og Grete, Jan Erik Røed, Per Trygve Karstensen, Mette Maltau, Audun Gjengedal, Skeisebibliotekaren i LASK, Folke Kjelleberg, Jorunn Øxnevad Lie, Gunder Runde, Sigrun Gjengedal Ruud, Solrun Haukedalen, Torleik Stegane, Reidar Birkeland, Inger Margrethe Berge, Marta Kløve Juuhl, Robert Øfsti, Tiril Bonnevie, Gunnar Eide, Jorunn Kleppe og Kristine Fluge.

Denne veka sender me bokpremien til Terje Solbakk. Gratulerer!

Klok på bok 1651

«Hver eneste historie mangler noe som finnes i en annen, og i denne andre savner jeg igjen noe fra den foregående. Det ser ut til at den historien jeg leter etter, overhodet ikke finnes.»

Sitatet er frå side 112 i boklækjarutgåva (1983) av ei bok som på originalspråket kom ut fyrste gong i 1982. I dag skal me fram til ein forfattar som er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur ikkje vart delt ut. Før eg godkjenner svaret, vil eg vete resepten på eit russisk byggjemateriale, slik han vert lagd fram i boka. Send inn formel på russisk byggjemateriale, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 23. november.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis