Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Knuppen på dassloket revisited

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Festivaldeltakarar.

Festivaldeltakarar.

Festivaldeltakarar.

Festivaldeltakarar.

2827
20170811
2827
20170811

På mi førre Innside sende eg nærmast på måfå ut spørsmålet om det tradisjonsrike uttrykket «du er no knuppen på dassloket», er eit uttrykk som framleis er i bruk og halde i hevd blant heidersmenn og -kvinner av ymse kaliber. Og svaret var: eit rungande ja! Til og med frå gamle kjenningar som ikkje eingong visste at eg hadde stilt spørsmålet! Dette ser eg på som svært trøystefullt, så då kan eg berre seie dykk, kjære lesarar: De er sanneleg knuppane på dassloket! Alle som ei(n)!

Papp 17 - ein overveldande suksess!

Akk ja. Så var Papp 17, Pappvinfestivalen i Jølster, over for denne gongen. I år, som for to år sidan, blei han arrangert i Flåm, cruiseskipbygda ved Nærøyfjorden, på bruket til ein etter måten kjend NRK-profil. Og sidan det ikkje blei arrangert nokon Pappvinfestival i 2016 (festivalleiinga hadde fått det føre seg at det var viktigare for dei å dra til London og gå på konsert med popdronninga Carole King), var årets festivaldeltakarar ekstra svoltne og tørste, noko det er vanskeleg å kritisere dei for. Så vinkartongane måtte raskt på bordet, og sauer og kyr måtte slaktast, til dels for hand, og slengast på festivalgrillen. Ein av festivaldeltakarane – som elles hadde med seg eit vedunderleg godt heimebrygga øl frå Voss, noko som sjølvsagt strir mot festivalreglane, men som vi med stort fleirtal valde å sjå gjennom fingrane med – bad meg tynt om at eg denne gongen måtte fokusere på dei positive sidene ved festivalen, vinen (og altså ølet), musikken, den gode stemninga, dei gode og ramsalte replikkane, maten, landskapet, bringebærbuskane, sauene, traktorane, heller enn det negative. Til dømes dette at enkelte festivaldeltakarar har ein hang til å gå på elva og aldri bli funne att, utan at dei har gjort såpass inntrykk at ein direkte saknar dei.

Eg lova, så dette blir Papp 17, ei solskinshistorie. Og faktisk, sola dukka fram frå det flåmske skylaget både tidt og ofte, så ein nesten blei freista til å kaste ytterjakka. Og for eit samantreff: NRK sitt sommartog hadde stopp i Flåm denne helga, med programleiar Haddy N’jie og han vesle raudhåra fyren frå NRK Super, og heile festivalen fekk vere med i programmet og uttale seg om ting dei var interesserte i nett då. I tillegg til at verten vår, NRK-profilen, sa eitt eller anna på storskjerm, som vi ikkje var i stand til å høyre, vi berre skjønte at det var bra. Eller «skjergodt» som han sjølv nok ville ha sagt.

Ja, det var ei fin tid, som ikkje kunne vare evig, og utpå søndagen drog festivaldeltakarane om ikkje til dei evige jaktmarker, så iallfall kvar til sitt, i håp om at dei ikkje ville hamne i nokon alvorleg promillekontroll på vegen.

Ja, det er herleg med pappvinfestivalar, men det kjennest også litt godt å komme tilbake til kvardagen igjen, med sine forsinka innsider i seinsommarnettene.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis