Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Kystkulturen lever i Gratangen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1862
20170825
1862
20170825

Innsida har vore sør i Troms i vakre Gratangen, der dei kvart år arrangerer Foldvik Marked og Kystkulturfestival. Dette har dei gjort i snart tretti år. Oppmøtet er særs godt i den travle kystkommunen, som òg huser eit av tre fartøyvernsenter som Riksantikvaren er ansvarleg for. Bygda har liten hotellkapasitet, så folk flest bur i båten eller i vogn og bubil på jorda kring Foldvik brygge. Forutan ei imponerande samling restaurerte båtar kan marknaden by på eit svært breitt tilbod av varer og mat. Innsida var naturlegvis imponert over det breie tilbodet av lefser og bakst. Men det som i kystsamanheng er heilt unikt med Gratangen, er at dei har tre store godt bevarte nottørkarbrygger. Høge flotte konstruksjonar som vitnar om stor fiskeriverksemd her nord. Kystkulturfestivalen vert arrangert neste år òg.

Vasskraft og industri

I Tyssedal ligg Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum. Innsida var naturlegvis innom for å få litt påfyll om kva vasskrafta har hatt å seia for velstanden vår. Knapt noko byggverk for 100 år sidan var viktigare og meir påkosta enn industribygga. Her til Tyssedal kom Sam Eyde og sette i gang den norske industrirevolusjonen. Kraftstasjonen vart teikna av arkitektane Thorvald Astrup og Victor Nordan, som henta inspirasjon frå italienske kyrkjer og katedralar. Han ligg der ved Sørfjorden, like vakkert som eit slott ved Como-sjøen, der til dømes George Clooney har sumarhus. Ved kaien, då Innsida var innom, låg direksjonssluppen «MY Tysso», eit lite smykke av ei skute som vart nytta av vasskraftsdirektørane for at dei skulle koma seg til Granvin, der dei kunne ta toget til Voss, vidare til Bergen og så til London, der dei henta pengane til utbygginga.

I dag står denne kraftstasjonen som eit monument over fornybar energi, slik museumsstyrar Knut Markhus så treffande sa det til Innsida.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis