Norske matskattar 17: reker
Bilete av det sjenerøse rekesmørbrødet ein kan få på Skrova Brygge i Lofoten. God sumar!
Ja, ei spalte som verkeleg ikkje døyr, sjølv om ho heile tida har vore betalt og finansiert av Innsida sjølv, er serien vår om norske matskattar. Denne gongen har me faktisk vore i sving i heile seksten utgåver. Norske Matskattar vurderer å oppretta eit sekretariat og eit kontor som sikkert vil gjera det lettare for oss å få ein varm og god plass på statsbudsjettet.
Norske Matskattar-lauget er med dette stifta. Føremålet er å fremja norske matskattar.
Denne gongen slår me til med reker. Reker er naturlegvis ikkje noko særnorsk, men me i Norske Matskattar-lauget har heller aldri meint at norske matskattar er noko me har åleine og ikkje kan dela med andre.
Me er trass alt ein del av ei global matverd.
Reka er eigentleg ein kreps i tifotkrepsefamilien, og den typen me er gladast i, vert ofte kalla atlanterhavs- eller grønlandsreker. Ikkje noko som ein skal samanlikna med scampi eller tigerreker frå varme farvatn.
Det kalde vatnet her nord gjev reka det same som jordbæra: ei lang modningstid og veldig konsentrert smak. Dei beste rekene i verda kjem frå dei kaldaste farvatna.
Reker er likevel noko svært norsk. No når sumaren verkeleg har vist seg fram i månadsvis, sjølv her nord, der Innsida held seg, er reker ein naturleg fylgjesvein.
Me har ulike måtar å nytta reka på. Av og til i salat, i cabaret saman med erter, gulrotterningar i aspik og den kjende rekecocktailen.
Det mest vanlege er likevel utan tvil ferske reker, rett fram, kokt om bord, med majones, dill, loff og sitron. Eit måltid som gjer mange nordmenn til nordmenn om sumaren.
Me tek difor ikkje munnen for full når me slår eit slag for ein kjenning på norske menyar, rekesmørbrødet.
Det er noko ein finn hjå grannar i Sverige og Danmark, men me hevdar likevel at det er ein skatt for oss her til lands, anten det er reker frå Skagerrak eller dei store flotte rekene som kjem frå Lyngen om vinteren.
Ein skatt er det uansett.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.