Norske verdiar II
Sidan norske verdiar på ein måte var tidas melodi, sende eg ein SMS til den gamle skulekameraten min i Sogn, han Konrad, med spørsmål om kva han rekna som dei ti fremste norske verdiane. Og han drygde ikkje akkurat med svaret:
1. Gå etter vegen i kveldinga og hoie
2. Sitje i kommunestyret og lage eit helvete
3. Terge folk
4. Hoppe på isflak i fylla
5. Hevde at kristendommen er ein fleire tusen år gammal norsk verdi
6. Provosere islamistar
7. Nekte å bli med på fjelltur
8. Springe Holmenkollstafetten utan å ha trena ein time og springe forbi veltrena folk som er tretti år yngre enn deg
9. Skjere igjennom og ta heile middagsrekninga i staden for å diskutere i timevis kven som har ete og drukke kva på ein betre restaurant. (Dette gir deg også ein viss respekt.)
10. Samle på små plastfigurar
Eg lovar ikkje at vi skal komme tilbake til temaet «norske verdiar», men eg lovar heller ikkje det motsette. Takk til deg, Konrad, iallfall, for dette nyttige innspelet. Du er sanneleg knuppen på dassloket.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Sidan norske verdiar på ein måte var tidas melodi, sende eg ein SMS til den gamle skulekameraten min i Sogn, han Konrad, med spørsmål om kva han rekna som dei ti fremste norske verdiane. Og han drygde ikkje akkurat med svaret:
1. Gå etter vegen i kveldinga og hoie
2. Sitje i kommunestyret og lage eit helvete
3. Terge folk
4. Hoppe på isflak i fylla
5. Hevde at kristendommen er ein fleire tusen år gammal norsk verdi
6. Provosere islamistar
7. Nekte å bli med på fjelltur
8. Springe Holmenkollstafetten utan å ha trena ein time og springe forbi veltrena folk som er tretti år yngre enn deg
9. Skjere igjennom og ta heile middagsrekninga i staden for å diskutere i timevis kven som har ete og drukke kva på ein betre restaurant. (Dette gir deg også ein viss respekt.)
10. Samle på små plastfigurar
Eg lovar ikkje at vi skal komme tilbake til temaet «norske verdiar», men eg lovar heller ikkje det motsette. Takk til deg, Konrad, iallfall, for dette nyttige innspelet. Du er sanneleg knuppen på dassloket.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Foto: Alf Ljungquist
Meistermøtet
Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?