Oe heile natta
Oktober lakkar og lid mot slutten, straks er det november. Eg veit ikkje om mange som har november som favorittmånad, det skulle vel einast vere om ein har fødselsdag i månaden. Eller bryllaupsdag, om ein er så heldig å vere lukkeleg gift.
Ein som definitivt ikkje er begeistra for november, er den danske diktaren Henrik Nordbrandt. I Danmark er diktet «Året har 16 måneder» folkeeige:
Året har 16 måneder: November
december, januar, februar, marts, april
maj, juni, juli, august, september
oktober, november, november, november,
november.
Så til oppgåve 1309, der me skulle fram til ein nobel forfattar frå Japan. Kenzaburo Oe fekk Nobelprisen i litteratur i 1994. I eit intervju rett etter tildelinga fortalde han at fokus for all skriving var verdet til mennesket.
Kryssordløysaren i Ulsteinvik, Gunder Runde, skriv: «Stundom kan den første assosiasjonen ein får når ein kastar seg over Klok på bok-oppgåva vere nyttig som utgangspunkt for funderingane. Slik var det faktisk denne gongen. Med Kafka i teksta tenkte eg straks på den karen som eg hadde som favoritt til årets Nobelpris, nemleg Murakami (Kafka på stranden). Men han var det altså ikkje. Og ikkje kunne det vel vere årets Nobelprisvinnar, Ishiguro: I så fall måtte Kpb-redaktøren ha svinga seg rundt faderleg fort for å finne Kpb-tekst. Og dessutan bruker vel neppe Ishiguro (dvs. hans norske omsetjar) former som De. Men eg greidde ikkje heilt å sleppe det japanske sporet. Og sidan eg har ei bok av den japanske nobelprisvinnaren Kenzaburo Oe i hylla, leitte eg fram denne, berre for å vere sikker på at det ikkje var han. Men det var det altså! Eg må vedgå at eg ikkje hugsar mykje av handlinga i Min egen sak, som kom ut på japansk i 1964, og på norsk i 1968, sjølv om mi utgåve er frå 1994. Men under mi blading i boka, kom ein del av handlinga tilbake. Hovudpersonen heiter noko så u-japansk som Bird, og han får eit hjerneskadd barn, noko han ikkje greier å takle. Konflikten i hans eige sinn (og i samvær med elskarinna) går på om han skal la guten døy, eller gå med på operasjon, slik lækjarane vil. I første omgang tar han med barnet heim, men i løpet av dei siste sidene i boka skifter han meining, barnet vert operert, og det er ei slags ’happy ending’ i boka, sjølv om det ikkje er klarlagt om barnet vil få ei normal utvikling eller ikkje. Oe fekk sjølv eit hjerneskadd barn i 1963, og mykje av hans seinare litterære produksjon krinsar omkring problemstillingar som gjeld handikappa barn. Oe kan nok karakteriserast som ein forfattar som er oppteken av moralske val, han har vore særs aktiv i arbeidet mot atomopprusting og atomkraftverk. Elles så har han eit namn som dei fleste kryssordløysarar kjenner: forfattar på to bokstavar, vanlegvis anten Oe, Fo eller Tu ...»
Korrekt svar på oppgåve 1309 fekk eg frå: Tove Knutsen og Idar Lind, Skeisebibliotekaren i LASK, Jon Grepstad, Torleiv Kløve, Else Gjesdahl Sørensen, Jan Alfred Sørensen, Per Skjæveland, John Olav Johnsen, Petter Kristensen, Inger Anne Hammervoll, Gunder Runde, Nils Ottesen, Bjørn Myrvang, Vigdis Hegna Myrvang, Rannveig Nordhagen, Anne-Marie Grønhaug, Robert Øfsti, Tor Inge Myren, Laurits Killingbergtrø, Turid Tirevold, Laura Killingbergtrø, Ove Bjørkhaug, Audun Gjengedal, Marit Lindberg, Kirsten Bakke, Truls Johan Horsberg Hoff, Christopher Messelt, Sjur Joakim Fretheim, Tvillingene, Eva Sunde, Fritjof Lampe, Olav Molven og Eirik Holten. Denne gongen er Christopher Messelt bokvinnar. Gratulerer!
Klok på bok 1311
Men ingen av dem fant møtet særskilt underlig, skjebner som deres, de veiløse på jorden, som driver for verdens vinder, de møtes alltid et sted, samme hvor de skal, eller ikke, samme hvor de kommer fra, eller ikke, de finner hverandre, og er hverandres.
Sitatet er frå side 33 i mi utgåve (1977). Forfattaren har vunne Kritikarprisen og er fødd same året som ein kjend tysk filosof. Forfattaren døydde i hanens år. Denne gongen vil eg ha siste ordet før eg godkjenner svaret – altså siste ordet i romanen som er løysinga. Me skal fram til ein vind, men kor sterk er han? Send namn på forfattar, verk og vindstyrke til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 3. november.
MEDIKUS LIBRI
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.