Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1041
20170623
1041
20170623

Islamistnytt

Det er ikkje kvar dag eg ser dei radikale islamistane i grannelaget, og eg kan ikkje seie at det er eit stort sakn, men her om dagen ringde dei på døra mi att, og eg tenkte at eg fekk no for skams skyld høyre kva dei var ute etter denne gongen, om dei berre ville melde at dei kom for å halshogge meg eller om dei hadde noko meir originalt på hjartet.

Eg merka at dei såg spent på meg og at ingen av dei såg ut til å ha med seg øks. Eg merka meg også at dei alle var kledde i rutete skjorter og hadde stelt skjegget litt.

– No, kva synest du, du vantru hund? spurde dei i kor.

– Om kva? spurde eg.

– Jo, eg ser at de på ein måte er litt annleis. Rutete skjorter, liksom. Har det skjedd noko spesielt på islamistfronten?

Dei såg fornøgde på kvarandre.

– Du ser altså at vi ikkje er islamistar lenger? Vi er hipsterar! No skal vi besøke ein kaffibar!

– Ja, lykke til, sa eg.

– Det ser ut som de kan trenge det.

Eg lét att døra og låste godt og spurde meg sjølv kva som ville bli det neste. Men den som lever får, som kjent, sjå.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Islamistnytt

Det er ikkje kvar dag eg ser dei radikale islamistane i grannelaget, og eg kan ikkje seie at det er eit stort sakn, men her om dagen ringde dei på døra mi att, og eg tenkte at eg fekk no for skams skyld høyre kva dei var ute etter denne gongen, om dei berre ville melde at dei kom for å halshogge meg eller om dei hadde noko meir originalt på hjartet.

Eg merka at dei såg spent på meg og at ingen av dei såg ut til å ha med seg øks. Eg merka meg også at dei alle var kledde i rutete skjorter og hadde stelt skjegget litt.

– No, kva synest du, du vantru hund? spurde dei i kor.

– Om kva? spurde eg.

– Jo, eg ser at de på ein måte er litt annleis. Rutete skjorter, liksom. Har det skjedd noko spesielt på islamistfronten?

Dei såg fornøgde på kvarandre.

– Du ser altså at vi ikkje er islamistar lenger? Vi er hipsterar! No skal vi besøke ein kaffibar!

– Ja, lykke til, sa eg.

– Det ser ut som de kan trenge det.

Eg lét att døra og låste godt og spurde meg sjølv kva som ville bli det neste. Men den som lever får, som kjent, sjå.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis