Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

FestiHval på Skrova

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1584
20170707
1584
20170707

Den norske kvalfangsten er ei stadig mindre næring. Kvota vår på vågekval er ikkje i nærleiken av å verta henta ut. Synd, sidan kvalkjøt er ein utruleg sunn og næringsrik ressurs. Skrova er eit kvalsentrum. Her har familien Ellingsen teke imot kval i 70 år. I år arrangerte dei nok ein gong ein eigen FestiHval, der kokkane Einar Halstensen, Gunnar Jensen og Leo Aguilar diska opp med moderne variantar av kvalkjøt. Det var naturlegvis rå kval som i sashimi, fritert kval, panert kval, steikt kval med syltapoteter og kvalsalat.

Meir enn 300 personar tok turen ut til den sjarmerande øya, rett utafor Svolvær.

Det var kval i alle variantar, og særs god stemning vart det naturlegvis då kvalskuta Nystrand frå Røst tok turen innom rett frå fangstfeltet. Ei flott, velhalden og tradisjonsrik skute.

For nokre er kvalfangst omstridt, men den haustinga ein gjer i nord, er ei bærekraftig nytting av gode ressursar frå havet.

Det aller viktigaste er uansett at kvalkjøt i dag er ein fersk og flott ressurs, som ikkje smakar tran som i gamle dagar.

Det er berre å ta seg ein tur nordover for å smaka. Sesongen varar stort sett heile sumaren.

Fisk på pengane

Endeleg er den nye 200-kronaren her, med ein feit fin torsk som illustrasjon.

Endeleg, vil òg mange seia, får folk sjå kvar pengane har kome frå, og kva me skal leva av i framtida. Dei seier pengar ikkje luktar, men fiskarane veit at fisk luktar pengar. Og den nye setelen vil nok får fram noko av det same. Langs kysten legg no fleire og fleire minibankkortet på hylla og går attende til cash. Cash med torsk på.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis