Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Vinsykling i Burgund

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1868
20180706
1868
20180706

Det er sjølvsagt ingen grunn til å reisa frå Noreg når ein har slike sumrar som den me no har fått. Vanlegvis er både sumrane varmare og vintrane kvitare i gamle dagar, men no er det neppe slik. Denne sumaren er betre enn alle gamle dagar til saman.

Når Innsida likevel slår eit slag for å sykla litt rundt på landsbygda i Frankrike, er det meir som eit tips om ei reise til hausten eller neste sumar.

Det er store opplevingar for den som likar både sykling, fransk landsbygd og vin å henta med å ta seg ein tur nedover og trilla rundt mellom dei små byane i Burgund.

Pensjonata, dei små hotella og herberga er mange. Prisane slett ikkje stive. Og trivelege kroer og brasseri er det i kvar lita grend.

Innsida fekk oppleva dette i april, då runden Puliugny – Mersault – Pommard – Beaune vart lagd under sykkelhjula på flotte stiar som er godt tilrettelagde for turistar.

Det er om mogeleg endå meir spanande når druene skal haustast ein gong i månadsskiftet august–september. Det er som med epla i Gvarv. Haustinga skjer 100 dagar etter bløminga.

Syklar er lette å få tak i. Turane er mange å velja i.

Burgund er for dei som likar fransk vin eit naturleg val, men og for dei som vil læra meir om fransk landbruk er det store opplevingar i vente. Her er det ikkje store slott med tilhøyrande vinmarker, men eit lappeteppe av åkrar som er delte av mange eigarar – eit resultat av den franske revolusjonen i 1789. Då måtte dei store landeigarane, kyrkja og adelen dela opp eigedomane sine. I tillegg kom Napoleons arvelov, som sa at alle arvingar skulle få like delar. Det gjorde at vinmarkene vart slike felles teigar.

Teigane er naturlegvis svært verdfulle i dag.

Midt i teigane ligg dei små triveleg landsbyane der ein kan finna innkvartering og eit glas, viss ein er av den sorten. Heile Burgund er ikkje meir enn 230 kilometer langt.

Bon voyage.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis