Agurknytt
Ein viktig livsregel er at du ikkje skal breie deg på offentlege transportmiddel, venterom, tribunar og liknande. Unntaket er om du er kjend fotballspelar eller trenar. Viss du berre er vanleg, men har fjerna alt hår på underkroppen, er du òg unntatt frå regelen, seier ein regel.
«Laurdag måtte politiet rykke ut til ein bustad etter meldingar om husbråk. Naboar ringde dessutan diverse media, og dermed kom òg journalistane til åstaden, inkludert underteikna, tilsett i Dag og Tids sommarbrudulje. Ifølge ein nabo skreik ei kvinne ’så høgt at eit vinglas knuste på terrassen to hus nedanfor’. ’Jammen godt det var kvitvin i glaset’, la ein journalist frå Verdas Gang til. ’Stolputene var nemleg kvite, og ho som heldt vinglaset, hadde kvit kjole på seg, slik kvinnfolk gjerne har om sommaren.’ På spørsmål om kvinna skar seg, svarte ein annan journalist: ’Det skjer seg aldri for kvinnfolk med kvit kjole og kvitvin innabords.’
Då ingen opna for politiet, tok dei seg inn i bustaden, der dei høyrde roping og det dei antok var fyllebråk frå etasjen over. Bråket viste seg å komme frå ein familie på seks som såg VM-kampen mellom Sverige og England. Det lukta pizza og øl, men ølet inneheldt berre 2,8 prosent alkohol, kunne politiet konstatere. Og ifølge konemora i huset var det særleg åtteåringen og elleveåringen som brølte. ’Dei skiftar fullstendig personlegdom når dei ser fotball, og dei heiar på feil lag, endå dei har brukt veker og månader på å lese seg opp’, opplyste ho.
I det same skåra England, og både gutar og gubbe hylte som om dei var kvinner.
Då politiet bad dei fem andre lukke vindauga, så folk fekk fred, hissa den eldste av ungane seg opp. ’Er du klar over kor heitt det blir her, med alle vindaugsflatene?’ ropte ho. ’Djises!’
Og ja, det var rett nok heitt i huset – langt heitare enn i Sverige og England. Sjølv politibetjentane blei ampre i varmen, særleg då det kom ei skåring til.
’Dette kan vi trygt kalle husbråk’, tvitra politiet like etter hendinga. ’Men det blei stille då kampen var over. Ingen blei arrestert.’
’Det er rart det kan bli så mykje roping av ein så liten flatskjerm’, uttalte ein forbipasserande til Dag og Tids sommarbrudulje. Og ja, TV-en familien hadde i stova, var rett nok så liten at det er rart dei held ut.»
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Foto: Alf Ljungquist
Meistermøtet
Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?