Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Rognebær og sprettert, ei kort innføring i våpenbruk

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1672
20170908
1672
20170908

Det er rognebærår i år, noko som tyder på at det enten vil bli ein kald eller ein mild vinter, eg hugsar ikkje så nøye. Det eg hugsar er at eg éin gong prøvde å lage rognebærsyltetøy, og eg blir den dag i dag hetsa av mine nærmaste på grunn av den avskyelege smaken. Men eg hugsar også det andre og vel så viktige bruksområdet for rognebær: Dei eigna seg fortreffeleg som ammunisjon! I min barndom laga vi oss blåserøyr av stilken på ein stor skjermplante som eg no ikkje hugsar namnet på, og så henta vi oss eit lager av rognebær, og pepra til dels sakeslause forbipasserande med bæra. Og eg kan forsikre dykk om at det gjorde vondt! No skal eg ikkje akkurat oppmode dei unge i dag om å ta opp att denne tradisjonen, dei er sanneleg valdelege nok som det er, men eg tenkjer at dei har ikkje vondt av å høyre litt om si eiga forhistorie.

Så var det spretterten, som også var eit populært våpen, men som vel for ein stor del er gått ut av produksjon. Han var laga av tre eller metall, og ein sette på ein raud syltestrikk, ein slik som dei brukte på Norgesglasa, og limte til slutt på ein liten bit av ein avlagd sykkelslange, der ein heldt fast prosjektilet (som gjerne var ein småstein eller ein bit av ein skyteleidning) før ein sende det i veg mot eit tilfeldig offer. Ufarleg var det slett ikkje, og eg var ein gong nær ved å ta livet av den gamle naboen, med ein stein som heldigvis fór nokre centimeter forbi nasen hans.

Men som sagt, det er flust med rognebær i år, og dei som er ekspertar på slikt, kan jo prøve seg på å lage rognebærsyltetøy. Eg for min del kan seie dykk for sant og visst at eg skal avstå.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis