Sanningsord
«Ingenting smaker så godt som det ein et sjølv.»
(Tuss og Troll, 1968)
Relevant spørsmål
– Ja ja, du sit og plukkar deg i nasen?
Advokatnytt
«Advokaten ble arrestert gjentatte ganger med narkotika før han ble suspendert. Han ble også pågrepet for å ha gått rundt naken, ropt og skreket på et nudistbadeplass i Oslo, mens han slo rundt seg med en dildo.» (NRK)
Advokaten min, den noko humørsjuke og lett monomane Joachim Cappelen Damm, vil, saman med den trufaste hunden hans, Anus, gjerne få understreke at det ikkje er han det dreier seg om, då han har fått eit inntrykk av at enkelte der ute trur det. Vel, då får vi la tvilen komme gamle Joachim til gode, og berre tru han på hans ord.
Memento
Når ein kjem ut på takterrassen om føremiddagen, står månen framleis på himmelen, som ei påminning om at ein skal gå og leggje seg når kvelden kjem.
Gamle kjende
Dei hadde fått god oppdragelse og var blitt flinke til å steike fisk.
Sommaren, førebels program
Om sommaren no blir slik eller slik, så går festivalane sin gang, og det er ein festival kvar einaste dag. Det startar i jonsokhelga med Festspela i Heidal, så følgjer som perler på ei snor Einstøingfestivalen i Uskedalen og Attgløymefestivalen i Valle. Og før ein veit ordet av det, er ein innblanda i Papp 18, Pappvinfestivalen i Jølster! Så då kan eg berre ønskje god sommar! Vi møtest att i august, fulle av gode og dårlege sommarminne.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Sanningsord
«Ingenting smaker så godt som det ein et sjølv.»
(Tuss og Troll, 1968)
Relevant spørsmål
– Ja ja, du sit og plukkar deg i nasen?
Advokatnytt
«Advokaten ble arrestert gjentatte ganger med narkotika før han ble suspendert. Han ble også pågrepet for å ha gått rundt naken, ropt og skreket på et nudistbadeplass i Oslo, mens han slo rundt seg med en dildo.» (NRK)
Advokaten min, den noko humørsjuke og lett monomane Joachim Cappelen Damm, vil, saman med den trufaste hunden hans, Anus, gjerne få understreke at det ikkje er han det dreier seg om, då han har fått eit inntrykk av at enkelte der ute trur det. Vel, då får vi la tvilen komme gamle Joachim til gode, og berre tru han på hans ord.
Memento
Når ein kjem ut på takterrassen om føremiddagen, står månen framleis på himmelen, som ei påminning om at ein skal gå og leggje seg når kvelden kjem.
Gamle kjende
Dei hadde fått god oppdragelse og var blitt flinke til å steike fisk.
Sommaren, førebels program
Om sommaren no blir slik eller slik, så går festivalane sin gang, og det er ein festival kvar einaste dag. Det startar i jonsokhelga med Festspela i Heidal, så følgjer som perler på ei snor Einstøingfestivalen i Uskedalen og Attgløymefestivalen i Valle. Og før ein veit ordet av det, er ein innblanda i Papp 18, Pappvinfestivalen i Jølster! Så då kan eg berre ønskje god sommar! Vi møtest att i august, fulle av gode og dårlege sommarminne.
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.