Altinn har slagordet «enklere dialog med det offentlige».
Sigrid leverer sjølvmeldinga minutt for minutt:
- Eg loggar inn på Altinn og får beskjed om at eg ikkje er autorisert for å starte tenesta.
- Neste steg er ein slags quiz om korleis eg ynskjer å rapportere næringsinntekta mi. Eg går nervøst for det opplagte svaret: utan næringsoppgåve. Satsar på at eg oppfyller «villkåra».
- Eg har fått 306 kroner i trekkpliktig bil- og båtgodtgjersle.
- Nå begynner det harde arbeidet: å finne ut kva eg eigentleg har tent. Eg mistar piffen.
- Ein gjennomgang i nettbanken viser to dyre ting eg kan føre som utgifter. Eg får attende piffen.
- Nå er eg straks klar for kontroll og innsending.
- Datamaskina har ingen innvendingar. «Skjema er sendte inn og arkivert», seier Skatteetaten. Her var det mange skrivefeil.
- Endeleg ferdig! Men dette gjekk for lett. Skal ikkje sjølvmeldinga ta timar og dagar? Føre til eit stort kjenslemessig kaos?
- Eg kan rapportere om ei samla inntekt på 174.055 kroner, noko som er høgstenotering for meg.
Guri leverer sjølvmeldinga minutt for minutt:
- Eg opnar skuffa med kvitteringane for 2016. Eg bruker alle ledige stunder i tre dagar på å føre utgiftene i eit Excel-dokument.
- Eg søkjer på altin.no, og kjem til ei nettside med denne informasjonen: «Her kan du se på en artig plasma i bakgrunnen».
- Eg tastar inn ein n til og klarer å logge meg inn.
- Neste steg er ein slags quiz om korleis eg ynskjer å rapportere næringsinntekta mi. Forklaringar manglar. Babyen min begynner å hyle. Eg set datamaskina i dvalemodus.
- Skattemeldinga påstår at eg har tent omlag 3,4 gonger så mykje som Sigrid. Eg får kjempedårleg samvit. På telefon til Sigrid argumenterer eg med at eg bur i verdas dyraste by, Trondheim (ifølgje ei kåring gjort av socialphy.com i 2012). Sigrid derimot bur berre i verdas fjerde dyraste by, Oslo. Og, som Sigrid så fint påpeiker, er det bra å tene middels mykje, da bidreg ein med mykje skatt til samfunnet. I staden for å vere flau, føler eg meg plutseleg heroisk over å betale mykje skatt.
- I skrivande stund er frustrasjonen på topp. Skattemeldinga seier at eg har tent 171.004 kroner som forfattar. Men dei siste 8000 kronene klarer eg ikkje å finne att korkje i vedlegga eller på kontoutskrifta. Hjelp! Eg kavar i blinde.
Ein dystopi: tryggleiken og jordbruksoppgjeret
Samfunnet vårt er sårbart, det baserer seg på internett, straum og langtransport. I løpet av få år skal fleire av tinga våre bli kopla til internett, slik som: panelomnane, brødristaren, kjøleskapet, ytterdøra, babycallen, kaffimaskina, ljospærene og straummålaren. Alt som blir kopla til internett kan hackast. Sikkerheitseksperten Mikko Hypponen oppsummerer konsekvensane: «Hvis strømmen går, forsvinner internett på bare fem minutter. Da forsvinner maten, kommunikasjonen og transporten. (...) Kutt strømmen i Oslo, og du vil ha opprørstilstander innen to dager». (Kjelde: DN).
Tenk deg at butikkane plutseleg måtte stenge, og det har gått eit par veker. Kva yrke ville du helst hatt da? Jo, du ville nok helst vore ein gardbrukar på ein liten gard med fôr på låven, dyr i fjøset og poeteter i åkeren. Om du ikkje var gardbrukar, skulle du i det minste ynskt at du var nabo med ein gard som du kunne handle mat frå. Nå er det ikkje sikkert at gardbrukaren ville godteke setlane dine som betaling. Kanskje du måtte byte mat mot arbeidskraft.
Oi, vi gløymde visst at dette er ei humorspalte.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.
Foto: Sindre Deschington
Mikrobrikkene som formar framtida
Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.
På 70-talet meinte nokon at Billy Swan song som ein mellomting av Ringo Starr og Elvis. Det held vel til husbruk på eldre dagar.
Foto: Ctsy Monument Records, 1976
Arkivet: Hjelpa er nær
I november for femti år sidan blei genistreken «I Can Help» skriven og framført av ringreven Billy Swan.