Smart I
Utanfor ein av hovudportane i fengselet på Tøyen i Oslo har han hange heile hausten, Bjørnar Moxness, og smilt til dei som kjem ut og dei som må inn, natt og dag i alt slags vêr og klima.
Og det kan ha hjelpt. No er han inne, han òg.
Smart II
Tre meter bortanfor, på ein annan lyktestolpe, har ein flyttebyråeigar – høgst sannsynleg ein mann – tenkt: «Dette er staden å reklamere for billig flyttehjelp! Her får eg mange kundar! Alle som kjem ut, må jo flytte ein stad! Er eg heldig, får eg bære kassevis med gull og pengar! Dei merkar ikkje at eg tar eit par setlar her og eit par setlar der!»
Hadde det ikkje vore for at alle lappane med telefonnummer er tekne, hadde Gjermund Cappelen, Eirik Jensen og dei andre som ein dag kjem ut, og som sikkert har noko gull liggande, gått fem på.
Kompliment?
– Kan du ikkje berre kaste desse sokkane? spurde eg mannen min her ein dag. Eg la saman klede, inkludert nokre sokkar som var så tynnslitne at det var like før dei rakna til eit einaste stort svart hol.
– Kast dei neste gong du har brukt dei, kommanderte eg.
– Du veit at eg ikkje liker å kaste ting, sa han.
– Men dei er heilt utslitne!
(Dette sa eg truleg med eit passivaggressivt sukk, fordi eg er kjerring, sånn generelt, og fordi eg visste at han ikkje kom til å kaste sokkane/tøyfillene. (Vi snakkar om ein gjenbruksaktivist, det vil seie at han kan finne på å lure sokkerestar opp i ei suppe.) Eg la sikkert til eit «herregud». Og så heldt eg fram med å legge saman andre sokkar. (Det var snakk om cirka seksti par sokkar, dei aller fleste svarte, einslege og i fem ulike storleikar.))
– Eg er glad i dei, heldt han fram, like roleg. – Det blir akkurat som med deg. Du er utsliten, men eg er glad i deg likevel. Eg kastar deg ikkje, sjølv om du er utsliten og ikkje ser ut i måneskin.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.