Sommarvêret
Sommarvêret har som vanleg vore varierande, og etter nokre veker «hitett og ditett» nord for polarsirkelen, seier eg som ein av sauene eg møtte: «Vi står han vel av i år òg.»
Agurksakutdrag
«Det var tredje dagen på festivalen at kvinna, som helst vil vere anonym, kjende at ho hadde ein klump i den eine skoen. Ho hugsar tydeleg, meiner ho, at ho tok av seg skoa før ho sovna, og ho tok dei ikkje på seg før ho var i stand til å gå og ete frukost og få seg ein øl før første konsert (Blood Command). Ho kjende klumpen godt under fotsolen, men sjekka ikkje før ho hadde gått heile vegen frå festivalcampen til sceneområdet, der ho endeleg tok av seg skoen og såg at klumpen var ein snuspose.
Karmapolitiet etterforskar saka, og håpar å fakke den som tok seg inn i teltet til kvinna og spytta snus i skoen hennar medan ho sov.
’Det var ikkje kjekt, men det kunne vel vore verre’, uttaler kvinna til Dag og Tid.»
dagens oppgåve
Vel èi av oppgåvene, og vinn ein kul kassettspelar:
1) På diverse veggar i Oslo kan ein for tida sjå teksten på biletet under eller teksten «Unnskyld elskede», alltid skriven med same farge og hand. Finn ut kven som har skrive orda, kven dei er skrivne til, korfor, kva tid og i kva tilstand.
2) Gå på Øya-festivalen. (Har du ikkje billett, still deg utanfor og sjå på alle som går inn eller ut.) Finn eit myndig menneske utan tatovering.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Sommarvêret
Sommarvêret har som vanleg vore varierande, og etter nokre veker «hitett og ditett» nord for polarsirkelen, seier eg som ein av sauene eg møtte: «Vi står han vel av i år òg.»
Agurksakutdrag
«Det var tredje dagen på festivalen at kvinna, som helst vil vere anonym, kjende at ho hadde ein klump i den eine skoen. Ho hugsar tydeleg, meiner ho, at ho tok av seg skoa før ho sovna, og ho tok dei ikkje på seg før ho var i stand til å gå og ete frukost og få seg ein øl før første konsert (Blood Command). Ho kjende klumpen godt under fotsolen, men sjekka ikkje før ho hadde gått heile vegen frå festivalcampen til sceneområdet, der ho endeleg tok av seg skoen og såg at klumpen var ein snuspose.
Karmapolitiet etterforskar saka, og håpar å fakke den som tok seg inn i teltet til kvinna og spytta snus i skoen hennar medan ho sov.
’Det var ikkje kjekt, men det kunne vel vore verre’, uttaler kvinna til Dag og Tid.»
dagens oppgåve
Vel èi av oppgåvene, og vinn ein kul kassettspelar:
1) På diverse veggar i Oslo kan ein for tida sjå teksten på biletet under eller teksten «Unnskyld elskede», alltid skriven med same farge og hand. Finn ut kven som har skrive orda, kven dei er skrivne til, korfor, kva tid og i kva tilstand.
2) Gå på Øya-festivalen. (Har du ikkje billett, still deg utanfor og sjå på alle som går inn eller ut.) Finn eit myndig menneske utan tatovering.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Albumet som no er ute, tek utgangspunkt i spesifikke Aphex Twin-konsertar.
Skjermdump frå YouTube
Raritetar i utval
Enkeltpersonorkesteret Aphex Twin samlar «djupe kutt» i utval til glede for store og små.
Den svenske Duo SolRoos, med luttspelaren Dohyo Sol og blokkfløytisten Emilie Roos.
Foto: Alf Ljungquist
Meistermøtet
Duo SolRoos gjev oss atterklangar av Weiss og Bach i samspel.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?