Spare
Kjetil Jansrud med ein kvalp i beresele.
Foto: DNB
Det vil bli mykje mas framover dersom alle skal føle seg representerte av alle reklamane. I den nye reklamen til DNB, til dømes, poserer ein topplaus Kjetil Jansrud i lag med ei mengd søte kvalpar. Han ligg fyrst på ein skinnfell, og seinare i ei hjerteforma seng i lag med dei, han ber ein kvalp i ein beresele (som om kvalpen var ein baby), han gjer armhevingar med ein labradorkvalp, han kosar med kvalpane i armane medan han tenkjer på sparing.
Sigrid kjenner seg ikkje att i denne reklamen, sjølv om Kjetil Jansrud kjem frå Gudbrandsdalen. Og katten til naboen kjenner seg ikkje representert av alle dei søte kvalpane. Guri derimot, kjenner seg att, sidan ho kan relatere til dette med å ha ein søt baby i beresele på magen samtidig som ho tenkjer på sparing.
Da reklamen vart lansert, skreiv Nettavisen at over 362.000 hadde sett han i løpet av eit døgn. Og over halvparten av dei var kvinner. Det er ganske signifikante tal, sidan det er fleire menn enn kvinner i Noreg. (50,38 prosent av folkesetnaden er menn.) Fordi Kjetil Jansrud er halvnaken, ser kvar kvinne i gjennomsnitt 4 sekund lenger på videoen enn ein gjennomsnittleg mann.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Det vil bli mykje mas framover dersom alle skal føle seg representerte av alle reklamane. I den nye reklamen til DNB, til dømes, poserer ein topplaus Kjetil Jansrud i lag med ei mengd søte kvalpar. Han ligg fyrst på ein skinnfell, og seinare i ei hjerteforma seng i lag med dei, han ber ein kvalp i ein beresele (som om kvalpen var ein baby), han gjer armhevingar med ein labradorkvalp, han kosar med kvalpane i armane medan han tenkjer på sparing.
Sigrid kjenner seg ikkje att i denne reklamen, sjølv om Kjetil Jansrud kjem frå Gudbrandsdalen. Og katten til naboen kjenner seg ikkje representert av alle dei søte kvalpane. Guri derimot, kjenner seg att, sidan ho kan relatere til dette med å ha ein søt baby i beresele på magen samtidig som ho tenkjer på sparing.
Da reklamen vart lansert, skreiv Nettavisen at over 362.000 hadde sett han i løpet av eit døgn. Og over halvparten av dei var kvinner. Det er ganske signifikante tal, sidan det er fleire menn enn kvinner i Noreg. (50,38 prosent av folkesetnaden er menn.) Fordi Kjetil Jansrud er halvnaken, ser kvar kvinne i gjennomsnitt 4 sekund lenger på videoen enn ein gjennomsnittleg mann.
Fleire artiklar
Dyrlegen kjem
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Foto: Amanda Charchian
Motellet til drøymaren
Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»