Spionar blant menneska
Reklamefoto i samband med BBC-serien Spioner blant dyra.
Har du følgt med på serien Spioner blant dyra som har gått på NRK? Her møter vi blant anna ein spionrobot som er utkledd som ein kvalp. Robothunden er så livaktiv at han blir venn med nokre villhundar, og kan såleis dokumentere den «emosjonelle dynamikken i villhundane sine liv». Ved å herme etter kroppsspråket til villhundane blir robothunden godteken i flokken.
Nå viser det seg at det òg finst nokre menneskespionar blant oss. Det er kanskje oppsiktsvekkjande, men alt tyder på at stortingspresident Olemic Thommesen er eit slikt robotmenneske. Berre namnet Olemic tydar på at han går med skjulte microfonar. Han er truleg utsend for å kunne dokumentere den kjenslemessige og/eller byråkratiske dynamikken blant dei «ville» politikarane i presidentskapet på Stortinget.
Måtte bryte opp
Braut – superoksen som har fått nesten 300 000 etterkommarar – måtte til slutt levere inn donorkortet for godt. Både Eirik Jenssen-dommen og Emmy-utdelinga måtte vike plass for Braut i Dagsnytt. Det vart erklært unntakstilstand og landesorg da den 14 år gamle avlsoksen vart send til slakteriet.
Dette kom heller ikkje lenge etter at Hamnesjefen i Os vart brutalt teken av dage mot folkets vilje. Difor rippa nok historia om Braut opp sår som ikkje hadde blitt lækja.
Vi synest dei burde sendt Braut til Os som eit slags plaster på såret, så kunne den snille oksen blitt eit lokalsymbol i staden for den valdsdømde svana. Men det er for seint nå, og vi får håpe at dei to dyra møtest på dei evige jaktmarker.
Trillinglykke for nestenslakta ku
Telemarkskua Gulla har omvendt livhistorie som Braut. Gulla mjølka lite, og vart send til slakteriet berre to år gamal. Eit ektepar syntest Gulla var så sjarmerande at dei kjøpte henne for slaktepris, og redda henne frå ein tidleg død. Sidan har ho fått fjorten kalvar – og noko så sjeldan som trillingar. Kanskje Braut er faren?
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.