SPØR, OG DU SKAL FÅ SVAR
Livet har blitt mykje vanskelegare for selskap som driv med statistikk, prognosar og analyse. Nå som alle har fått mobiltelefon og ser om nummeret er ukjent, er det nesten ingen som tek telefonen når byråa prøver seg. Men for å hjelpe ein bransje i fall har vi tenkt å donere denne Innsida til ei spørjeundersøking.
Dag og Tid blir distribuert til heile landet, så vi meiner at publikum speglar den norske folkesetnaden. Og dersom fleire enn to sender inn svar, synest vi at undersøkinga er representativ. Svara vil bli presenterte i eit ekstranummer av Innsida, i tillegg til analysar og ekspertkommentarar. Til slutt må vi nemne at Sigrid har initialane SSB, så det bør ikkje koma som eit sjokk at statistikk er eit tema her.
1. KLIMA OG MILJØ
Kva bør ein gjera med ein tom druestilk for å bli kvitt han på ein mest mogleg miljøvenleg måte?
a) Druekvist vert sortert som ved, og kan brennast i omnen.
b) Druekvist går i matavfallet.
c) Druekvist kan sendast til ein lokal kunstar og nyttast som materiale i den nyaste installasjonen.
d) Druekvist går sjølvsagt i den moderne, fermenterte komposten.
2. SAMFUNN
Kva bør eigentleg d-en i Victor D. Norman stå for?
a) Delano
b) Drevland
c) Daniel
d) Danielsen
e) Dwight
f) Andre: _________
3. SPORT
Kva er det mest imponerande trekket ved dialektene til desse norske mannlege herrefotballtrenarane?
a) Åge Hareides sunnmørsk med dansk aksent.
b) Per-Mathias Høgmos gratangdialekt med skarre-r.
c) At Drillo konsekvent uttalar sjanse for «kjangs».
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Livet har blitt mykje vanskelegare for selskap som driv med statistikk, prognosar og analyse. Nå som alle har fått mobiltelefon og ser om nummeret er ukjent, er det nesten ingen som tek telefonen når byråa prøver seg. Men for å hjelpe ein bransje i fall har vi tenkt å donere denne Innsida til ei spørjeundersøking.
Dag og Tid blir distribuert til heile landet, så vi meiner at publikum speglar den norske folkesetnaden. Og dersom fleire enn to sender inn svar, synest vi at undersøkinga er representativ. Svara vil bli presenterte i eit ekstranummer av Innsida, i tillegg til analysar og ekspertkommentarar. Til slutt må vi nemne at Sigrid har initialane SSB, så det bør ikkje koma som eit sjokk at statistikk er eit tema her.
1. KLIMA OG MILJØ
Kva bør ein gjera med ein tom druestilk for å bli kvitt han på ein mest mogleg miljøvenleg måte?
a) Druekvist vert sortert som ved, og kan brennast i omnen.
b) Druekvist går i matavfallet.
c) Druekvist kan sendast til ein lokal kunstar og nyttast som materiale i den nyaste installasjonen.
d) Druekvist går sjølvsagt i den moderne, fermenterte komposten.
2. SAMFUNN
Kva bør eigentleg d-en i Victor D. Norman stå for?
a) Delano
b) Drevland
c) Daniel
d) Danielsen
e) Dwight
f) Andre: _________
3. SPORT
Kva er det mest imponerande trekket ved dialektene til desse norske mannlege herrefotballtrenarane?
a) Åge Hareides sunnmørsk med dansk aksent.
b) Per-Mathias Høgmos gratangdialekt med skarre-r.
c) At Drillo konsekvent uttalar sjanse for «kjangs».
Fleire artiklar
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.