Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Verkelegheitsoppfatning

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2643
20170818
2643
20170818

Den siste veka har fleire syskenpar stått mot kvarandre i det offentlege ordskiftet. Dei har ulike oppfatningar av både verkelegheitslitteratur og sjølve verkelegheita. Da Helga Hjorth følte at ho var ein ufrivillig modell i romanen til systera Vigdis Hjorth, tok ho like godt pennen fatt og skreiv sin eigen versjon.

Systrene Siv og Nina Jensen kranglar denne veka òg. I ei melding på Twitter lenkar Nina Jensen til ei sak om at Siv lokkar med 15.000 oljejobbar, og skriv i tillegg dette: «Drøyt fra Jensen, og respektløst ovenfor de 50.000 som allerede har mistet jobben. Dette er ren ønsketenkning!» Drygt!

Vi kan vedgå overfor Dag og Tid-lesarane at vi òg har vore bitre fiendar i tidlegare tider. Av og til var kranglane så radikale at det førte til vald. Etter at vi begynte å skrive Innsida, har vi heldigvis vorte vel forlikte. Det er godt å ha eit felles prosjekt, og vi vil ikkje underkjenne «Innsideskriving» som terapeutisk verkemiddel.

Eit hamsunsk, kontantlaust samfunn (Sigrid)

Av og til trengst det ei oppdatering av dei gamle klassikarane, slik at unge lesarar oppfattar både språk og innhald. Sigrid har fått i oppgåve å oppdatere Knut Hamsuns Sult frå 1890. Her er starten på den berømte romanen anno 2017:

Dei siste to vekene har eg gått rundt og svolte i gatene i Kristiania. Eg har pengar, men bankkortet mitt verkar ikkje. Fordi eg er redd for å hamne i Luksusfellen, har eg ikkje Mastercard, berre Visa-kort. Ved eit par høve har eg overført pengar til venner, og dei har teke ut kontantar til meg. Når ein utelukkande brukar setlar, får ein rare blikk. Folk i butikkar og barar set fram betalingsterminalen før eg får sukk for meg. Hipsterane, derimot, får stjerner i augo og kallar det «retro». På arbeid har dei berre kontantlause kantiner, og dei nektar å ta imot klingande mynt. Enten må eg tvinge nokon til å kjøpe mat til meg mot kontantar, eller så må eg berre leva på det kaffiautomaten har å by på. (Han har både sjokoladedrikk og solbærdrikk!)

Eit serviceinnstilt samfunn (Sigrid)

Fordi eg har flytta mange gonger dette halvåret, føresåg eg at det nye bankkortet mitt kom til å bli sendt til feil adresse. Difor ringte eg banken min for å hindre at det hamna på avvege. Da prata eg med ein mutt mann som sa det var umogleg å sende bankkort nokon annan stad enn til folkeregistrert adresse (som for min del var ei forelda adresse). Da august kom, men ingen bankkort kom, chatta eg med ei dame i banken. Ho sa: Eg sender bankkortet til den adressa du vil, null problem. Dette la grunnlag for ein empirisk studie, der hypotesen min vart stadfesta: Menn bør aldri jobbe i serviceyrke.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis