🎧 Ytringsrom og tillit
Kven skal setja grensene for kva som kan ytrast offentleg? Dette klassiske spørsmålet har stått sentralt i alle demokratiske samfunn, fordi ytringsfridom er noko av det som skaper demokrati.
Lytt til artikkelen:
Frie ytringar er ikkje noko eit demokrati kan velja om dei vil ha eller ikkje. Frie ytringar er det som skaper demokrati, for skal alle ha del i styret av eit land, må dei ha høve til å ytra seg. Samstundes har dei fleste land nokre grenser, som handlar om å setja fram trugsmål eller ugrunna skuldingar.
Denne sommaren har dette dukka opp i fleire debattar. Dag og Tid melde om den ugreie refusjonen av ei melding av Halvor Foslis bok om «masseinnvandring» i Prosa, der det vart brukt ulike grunngjevingar for refusjonen. Internasjonalt har Black Lives Matter-rørsla gått frå ein viktig og legitim kritikk av rasisme og politivald til å sensurera kva slags minnesmerke ein skal ha. Det er forståeleg når det gjeld sørstatsleiarar som kjempa for slaveriet, og var dyrka av rasistiske grupper i ettertid, men det fører fort til ein totalitær logikk.
Sensurliknande grep
Her til lands kom debatten til syne ved Kunsthøgskolen i Oslo, der ei gruppe stipendiatar kjenner seg støytte av eit kunstfotografi av Vanessa Beecroft som viser ei gruppe nesten nakne kvinner som er mørke i huda. Rektor Måns Wrange viste forståing for reaksjonen til stipendiatane, medan ei gruppe studentar reagerer mot leiinga og hevdar at dei møter ideologi og indoktrinering i staden for opplæring i kunst.
Ein første replikk til diskusjonen ved Kunsthøgskolen kan vera at nettopp kunsten tradisjonelt har vore opprørsk og provoserande, medan samfunnet omkring har truga med eller gripe til sensur og straff for å stogga provoserande ytringar. Her kan det sjå ut som det er omvendt; stipendiatane og rektor vil gripa til sensurliknande grep mot kunst som provoserer eller sårar dei. Dei er naturlegvis mot sensur i tradisjonell forstand, men dei har eit omsyn som er viktigare enn alle andre, nemleg at ein ikkje skal såra eller krenka sårbare grupper.
Politisk korrekt
I førre utgåve av Dag og Tid formulerer Rune Slagstad ein vektig kritikk av denne tankegangen. Spørsmålet blir kven som skal avgjera kva som krenkjer. Skal det avgjerast ein annan stad enn i offentleg debatt? Kven skal avgjera kven som er verdig til å bli krenkt?
Det blir fort ein elite av politisk korrekte som til kvar tid definerer dette. Det byggjer ikkje på open debatt, men på ei diffus kjensle av kva som til kvar tid gjeld. Dersom ein satsar på å definera ut visse posisjonar, skyr ein open debatt om kvar desse grensene skal gå.
Den optimistiske tanken om at frie ytringar er «ein bekk som reinsar seg sjølv», som Tarjei Vesaas sa om kunsten, er altså på vikande front. I staden grip ein til ulike verkemiddel for å forhindra sårande ytringar.
Her må ein skilje mellom prinsipiell kritikk og usivilisert framferd. Skarp kritikk av andres politiske eller kulturelle syn kan fremja innsikt og føra begge partar til betre innsikt. Men å kalla motstandaren for ein idiot, eller «fucking bitch», som ein republikansk politikar nyleg sa om ein kollega, er ikkje ei verneverdig ytring, det er tåpeleg sjikane.
To nivå
Den tradisjonelle trua på frie ytringar byggjer på eit skilje mellom to nivå. På øvste nivå blir ein samd om visse reglar for ordskiftet – fridom for alle syn, respekt for alle som ytrar seg seriøst – utan omsyn til kva syn dei har. På nivået under deler syna seg i høgre og venstre, religiøst og sekulært, liberalt og konservativt.
Skal ytringsfridommen fungera, må alle partar ha ei semje om det øvste nivået: Alle skal få ytra seg. Men det vi ser i identitetspolitikken – at ein skal styra unna å krenkja nokon – er at dei to nivåa blir blanda saman. Dei som får gjennomslag for sitt syn på standpunktnivået, prøver å regulera det øvste nivået, spørsmålet om kven som har rett til å ytra seg. Særleg utsette er tidlegare undertrykte grupper som har opplevd mykje hat og motstand; dei vil gjerne forby slikt. Men då blandar dei nivåa og gjer sitt eige syn til regulator for heile ytringsrommet. Mykje av denne diskusjonen handlar om det.
Svekt tillit
No er det ikkje heilt utan grunn at dette skjer. Ein har mista tilliten til det opne ytringsrommet. Det er det to grunnar til. Éin er at pengane korrumperer det offentlege rommet. Svært mykje av dei vi får presentert, er varer leverte frå kommunikasjonsbransjen. I store saker, som til dømes om oppdrettsnæringa eller vindkraftverka skal betala skatt, har avgjerdene i skilsetjande grad vore prega av lobbyverksemd av profesjonelle. Dette svekkjer sjølvsagt tilliten til at ytringsrommet kan løysa noko som helst.
Den andre grunnen er verknaden av sosiale medium, som i stor grad har utvikla seg til ekkokammer i staden for verkelege diskusjonar, og der grensene mot sjikane har vore uklare. Når fleire og fleire misser trua på at den opne debatten kan løysa problema, og i staden argumenterer med krenking og freding av visse grupper og standpunkt, har det samanheng med dette.
Men denne antikrenkingsideologien har ikkje kraft til å bera det demokratiske prosjektet. Det har berre den frie debatten, og difor må han stimulerast og forbetrast, reinsast for innslag frå pengestraumane og førast tilbake til sentrum i det politiske livet.
Jan Inge Sørbø
Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent
i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den optimistiske tanken om at frie ytringar er «ein bekk som reinsar seg sjølv», som Tarjei Vesaas sa om kunsten, er altså på vikande front.
Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.