Å vere grundig er eit verdival
Noreg ligg på etterskot med det meste, og det vert berre dyrare og dyrare å ikkje gjere noko med det.
Overalt i Noreg står hus, vegar og infrastruktur som treng hjelp.
Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB scanpix
Lat oss gjere oss ferdige med tala, summane, statistikken og rapportane med éin gong: Vedlikehaldsetterslepet på norske skular er på mellom 50 og 60 milliardar kroner, ifylgje KS. Vedlikehaldsetterslepet på universitet og høgskular ligg på mellom 10 og 15 milliardar, ifylgje institusjonane sjølve. Om vi skal tru Rådgivende Ingeniørers Forening og rapporten «Norges tilstand 2015», mangla det då 110 milliardar kroner for å få norske avløpsanlegg opp til ein standard der berre normalt vedlikehald er naudsynt. For fylkesvegane er summen 500–600 milliardar, for kommunale vegar 250–300 milliardar og for statlege helsebygg 40 milliardar, og vassforsyningsanlegga våre treng 100 milliardar kroner.
Om vi skal få skikk på dei, stikk altså berre dei kommunale vegane av med alle oljeinntektene den norske staten fekk i 2018. Det er svimlande tal, vanskelege å ta inn over seg. Har vi ikkje brydd oss? Nei, kanskje er vi trass alt ikkje mange nok som bryr oss om kvar ein liten vegstubb. Men lagnaden til vikingskipsmuseet vårt, og det faktumet at nesten halvparten av norske kyrkjer har roteskader, syner at sjølv det å bry seg om ei sak ikkje alltid er nok til å ta tak i bygningane. I 2017 rekna Oslo Economics ut at vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane i 2027 vil ha vakse til 99 milliardar kroner.
Pengar berre til nytt
I kommunen der eg bur, er det planlagt to nye idrettshallar og eit nytt rådhus. Samstundes lek det frå taket på samfunnshuset, som det har gjort i mange år, og på oversida ser taket ut som ei middels fjerdedivisjons fotballbane av mose. Og samfunnshuset er ikkje aleine, men kor stort vedlikehaldsetterslepet på alle kommunens bygningar er, er det ingen som har rekna på.
Sjølv om nybygg og forfall er del av same budsjett (det kommunale), er dei ikkje reelt samanliknbare: Dei kjem ikkje frå same pott. Pengane til ny idrettshall kan ikkje berre flyttast over til vedlikehald på samfunnshuset, for utan nybygg ville ein stor del av kronene ikkje ha vore i kommunen sine hender i det heile.
Det vekker til live fylgjande spørsmål: Kvifor er det så mykje lettare å skaffe til vegs pengar til å bygge nytt enn til å ta vare på det ein alt har?
Teori, men praksis?
Ein av dei viktigaste pengeytarane til norske idretts- og kulturanlegg er Norsk Tipping og spelemidlane. Spelemidlar kan gå til både nybygg og rehabilitering av idrettsanlegg, men midlane kan ikkje nyttast til drift eller normalt vedlikehald. Har eigaren forsømt vedlikehaldet, kan det heller ikkje søkast om midlar til rehabilitering.
Teorien er sjølvsagt at berre bygg som kan drivast lønsamt, og då er vedlikehald lagt inn i drifta, skal byggast. Eg trur likevel ikkje du treng å snu deg langt rundt for å sjå døme på at dette er temmeleg langt får røyndommen: I dei aller fleste bygder og byar kringom i landet skjemst vi over forfallet.
Pose eller sekk
Likevel: Det vi vil ha, er kommunar som satsar og bygger nytt. Privatpersonar som satsar og bygger nytt. Næringsliv som satsar og bygger nytt. Politikarar som satsar, tenker nytt – og stort. Større. Størst, heilt til sidemannen kjem på bana og tenker endå større. Må det vere slik? Må ei satsing innebere mangfaldige millionar på noko større? Kva med å satse på å ta vare på det ein har fyrst?
Å vere nyskapande har vorte ein viktig norsk verdi. Eg vil likevel trekke fram ein god, gamal ein: å vere grundig. Ein kan få til store ting under denne fana. Eitt døme kan vere Bergensbanen. Då sette ein alt anna til side for å få på plass jernbane mellom dei to største byane i landet. For ordet grundig inneber å skjøne at ein må avgrense seg. Truleg får ein ikkje tatt igjen etterslepet på dei vegane vi alt har, samstundes som ein bygger ferjefri E39. Då må ein prioritere. Velje.
Overalt i Noreg står hus, vegar og infrastruktur som treng hjelp. Mykje av det er bygningar vi har eit forhold til, ja, jamvel er avhengige av. Det same – særleg sistnemnde – gjeld infrastrukturen.
I mange år har vi skjøtta oss for dårleg: Trass i oppussingsmanien manglar det truleg kring 170 milliardar kroner for å halde norske privatbustadar i stand dei næraste åra. Vi brukar pengar på terrassar, kjøkkeninnreiing og fasade, men gjev blaffen i røyropplegg og drenering. I ei kartlegging gjort av forsikringsbransjen i 2018 fann dei at kvar femte norske bustad treng dreneringsarbeid – kvar fjerde har manglar ved taket. Stort sett veit vi om det, på eitt eller anna nivå. Hadde det ikkje vore godt å få gjort noko med det?
Grundigpartiet
Er det til sjuande og sist eit ideologival? I femti år har tilsynelatande enkel økonomisk vekst bore med seg høve til å bygge og bygge utan å tenke på konsekvensane. Det har gjeve oss eit land som, om vi ser stort på det, er skikkeleg godt utbygt.
No er det truleg andre tider. Kanskje er det tid for å ta vare på alt dette gode. Satse på det vi har. Kommune- og fylkestingsvalet til hausten kan vere ein god stad å byrje. Trass i det Google vil ha meg til å tru, er ikkje grundig fyrst og fremst ein elektronikkprodusent – det er eit verdival. I ordboka har adjektivet synonym som omhyggeleg, nøye og samvitsfull, medan adverbet kan tyde både dugeleg og til gagns.
Det er altså ingenting keisamt med å vere grundig. Det gjer berre godt.
Siri Helle er journalist og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Truleg får ein ikkje tatt igjen etterslepet på dei vegane vi alt har, samstundes som ein bygger ferjefri E39.
Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.