Antisystempartia undergrev EU
Autoritære krefter i Russland og USA har no eitt mål felles: å svekkje EU for å styrkje eigen posisjon.
Lytt til artikkelen:
Vi som lærte internasjonal politikk av den legendariske Jens A. Christophersen i 60- og 70-åra, fekk med oss to poeng: Den som skal skjøne samvirket mellom nasjonane, må aldri sjå etter konsistens. Nasjonar handlar ikkje etter slike reglar.
Dinest: Ikkje høyr kva statsleiarane seier, sjå kva dei gjer. Og gløym ideologien. Det som tel, er makt og interessene til nasjonane.
Den som skal forstå internasjonal politikk nett no, gjer klokt i å tenkje gjennom omgrepa vi nyttar for å skjøne alt som skjer, og tenkje i heilt nye omgrep.
Eg har ein hypotese: Det skjer no ei underleg samansmelting av antiliberale, antikosmopolitiske rørsler og tankeformer over Atlanterhavet og til Ural med felles mål: å undergrave det europeiske prosjektet, EU, med det ytste høgre i Europa som medalliert og med trugsmålet frå Kina i bakgrunnen.
Aksen det dreier seg om no, er nasjonal identitet og nynasjonalisme, altså innvandring og konkurransepress frå den globaliserte økonomien.
Samanfall
Det er ikkje fyrste gongen statsvitarane har tala om konvergens. Seint i 1960-åra kom Zbigniew Brzezinski og Samuel Huntington ut med ei bok som argumenterte for eit slikt samanfall. Den gongen var det især «teknostrukturen», som John K. Galbraith kalla han, som ville gjera dei to supermaktene meir like: presset til å utvikle høgt spesialisert, vitskapleg kompetanse for å drive den nye økonomien og alliansen deira med dei nye byråkratane i storføretaka. Dei likna meir og meir på kvarandre, i Moskva så vel som i New York.
Den gongen var dei båe supermakter. I dag er berre den eine det – og i nedgang. Kina var eit tilbakeliggande bondeland. Informasjonsteknologi og samanbrot i grenser er det nye i dag. Trass i djupe skilnader i tankesett og regimeform – kommunisme (meir og meir falma) og demokrati – meinte Brzezinski og Huntington i 60-åra at dei to landa ville bli meir like. Den økonomiske basisen ville tvinge dei.
Det gjekk ikkje slik. Sovjetunionen vart utkonkurrert av Reagan, og ingen hadde Kina i tankane den gongen.
Det geopolitiske spelet
Og no? Kva vil Putin og Trump? Med kvarandre, i eige land, og med Europa?
Putin vil gjere Russland mest mogleg lik det gamle Sovjet i påverknadskraft og status. Det føreset eit svekt Vest-Europa. Dei illiberale regima i Aust-Europa, Polen, til dels Tsjekkia og i Ungarn, ser no austover mot alliansar og modellar. Kven hadde trudd det for tjue år sidan? Ikkje Francis Fukuayma.
Grunnen er trugsmålet frå innvandring og liberale verdiar som er sette opp mot tradisjon og truga nasjonalstat.
Putin såg at ein Trump i Det kvite huset, ikkje Clinton, ville føre til eit meir innettervendt USA, som i sin tur ville svekkje den liberale verdsordninga: FN, Nato, EU, Gatt og alt menneskerettsarbeid. Det vil tene russiske interesser.
Denne vendinga fall saman med den autoritære dreiinga i Russland etter Jeltsin-perioden. Putin og Trump er begge ytterleggåande nasjonalistar med eit ambivalent tilhøve til demokratiet, for å seie det mildt.
Putin ville ikkje bli innringa av USA att. Det gav oss krigane i Ukraina og i Georgia og cyberkrigen under valet i USA i 2016. Og det gjer at Russland stadig vil teste ut vestleg forsvar, som under Nato-øvinga i fjor.
Putin fann ut at gamalrussisk tankegods av fascistisk merke (Ivan Ilyin) eigna seg godt til ekstrem velstandsauke for oligarkane i Russland. I vest fann han alliansepartnarar i det ytste høgre som heller ikkje vil ha eit sterkt EU, og som står for ein autoritær kulturnasjonal line, som Putin sjølv og Trump i USA. Ideane spreier seg no frå aust til vest, ikkje andre vegen, slik det var i dei fyrste åra etter kommunismens fall.
Tim Snyders bok Veien til ufrihet. Russland, Europa, Amerika er eit veldokumentert bidrag til å skjøne denne trenden.
I dette perspektivet er det forståeleg at Putin gjev pengar til Marine Le Pen, og at han stør brexit. At Trump stør erkenasjonalisten og løgnaren Boris Johnson som britisk statsminister og meiner ein «no deal»-brexit er best for Storbritannia, er heller ikkje overraskande. Antisystempartia av populistisk merke vil det same: undergrava EU. Steve Bannon er bannerføraren deira.
Det viktige spørsmålet er om Vesten har noko av skulda for denne utviklinga. Mellom 2000 og 2008 voks den russiske økonomien med nesten 7 prosent per år. Russland var stabilt – Putin vann krigen i Tsjetsjenia – og gav stønad til USA etter terroråtaka i USA 11. september 2001.
Kva gjekk gale?
I 2002 tala Putin positivt om «europeisk kultur», han meinte at Nato ikkje var ein motstandar og at ukrainsk EU-medlemskap ville vere i russisk interesse. Han tala til og med om å strekke ut ei sone i fred og velstand heilt til den russiske grensa. Og i 2008 var han til stades på eit Nato-møte.
Kva gjekk gale? Tim Snyder meiner det rigide Russland kan ha kome av Putins problem med å bli attvald. Men kva med vesten si rolle? Uklok innringing i Ukraina og Georgia som gav næring til klassisk russisk frykt? Er vesten difor medansvarleg for Krim?
Christophersen hadde rett. Den som tenkjer om internasjonal politikk, må ikkje vente konsistens.
Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo og Bjørknes Høyskole og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ikkje høyr kva statsleiarane seier, sjå kva dei gjer.
Fleire artiklar
Carl Friedrich Abel (1723–1787). Utsnitt av måleri av Thomas Gainsborough frå 1777.
Mellom verder
Carl Friedrich Abel var den siste store viola da gamba-virtuosen.
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.