Maktklubb på Abildsø?
Då det kom fram at tre av fire i den nye politiske leiingai Barne- og familiedepartementet er frå Oslo Misjonskirke Betlehem, vakna media. Mogleg konspirasjon?
Kjell Inge Ropstad har valt rådgjevarar frå frikyrkja han tilhøyrer.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Misjonskirken Norge
Bibelsyn: Konservativt, Bibelen er rettesnor for lære og liv. Men i god luthersk ånd er samvitet til den einskilde sett høgt: Den einskilde si tolking av Bibelen er like god som andre tolkingar.
Teologisk profil: Ein legg meir vekt på ein nådig enn ein dømande Gud. Ingen skremsel om helvete og fortaping. Misjonskirken gjev samvitsfridom i fleire saker.
Standpunkt i kontroversielle tema: Pragmatisk. Ein meiner at ekteskapet er for éin mann og éi kvinne og at homofili er eit brot med Guds vilje. Men pastor Erik Andreassen i Oslo Misjonskirke Betlehem på Abilsø tok sist helg avstand frå freistnader på å få homofile til å endre legning (som nettverket TilHelhet arbeider med).
Karismatikk: Moderat. Ein er open for alle nådegåvene, inkludert tungetale og læking. Men gåvene vert praktiserte privat med varsemd, til personleg oppbygging eller i mindre grupper og i hovudsak ikkje i gudstenestene. Pastor Erik Andreassen praktiserer ikkje tungetale i gudstenestene sine.
Privatliv: Ein meiner at familien er berebjelken i samfunnet. Ein ventar at medlemene bidreg med ressursar og gåver. I dag overfører mange ein fast månadleg sum som gåve til kyrkjelyd og misjon.
Eskil Skjeldal

SVs Freddy André Øvstegård meinte at «det sår vesentlig tvil når et så lite miljø setter et så stort fotavtrykk i departementet som har ansvar for tros- og livssynsspørsmål. Man blir usikker på hvorvidt dette er tilfeldig, eller om det har skjedd noen form for samrøre».
Men for dei som leiter etter skjulte teologiske alliansar og skumle intensjonar, er det lite å hente i Oslo Misjonskirke Betlehem på Abildsø i Oslo, der den lokale kyrkjelyden til barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad, politisk rådgivar Elisabeth Løland og statssekretær Julian Farner-Calvert ligg. Dette er langt frå ei sekt. Dei tre politikarane møttest heller ikkje i denne kyrkjelyden. Dei kjende kvarandre frå før.
Kyrkjelyden Betlehem er ein del av Misjonskirken Norge, det gamle Misjonsforbundet. Kva møter dei tre politikarane kvar sundag? Dette er på alle vis ein pragmatisk organisasjon, som teologisk ikkje utmerkjer seg særleg, korkje i liberal eller konservativ retning. Her er ikkje tungetale eller læking, ikkje pågåande pastorar som tvingar dei unge til å omvende verda, berre tradisjonelle liturgiske uttrykk. Gudstenestene er passe keisame, men meir livate enn ei gudsteneste av Gunnar Stålsett. Folk kjem ikkje fram for å bli frelst under gudstenesta. Dei truande kan ha eit inderleg trusliv, men med stor vekt på å delta i samfunnet. Samvitet til den einskilde styrer det meste, ikkje pastorane. Her er ingen dogmatiske læresetningar, ingen sterke prestar som avgjer kva dei ulike medlemene må meine om sex før ekteskapet, om homofili, om abort, om Israel.
Frikyrkjebyrjinga
Forsamlinga kan best skjønast ved å sjå på mannen som starta den fyrste frikyrkja i Noreg, Gustav Adolph Lammers. Historia om Misjonskirken Norge er starten på frikyrkjene i Noreg.
I 1842 vart Konventikkelplakaten (frå 1741) oppheva, og for å forstå den åndelege krafta som låg i den antiautoritære frikyrkjelege rørsla, må ein forstå korleis konventikkelplakaten vart opplevd som eit maktovergrep frå embetsmannsveldet. Kyrkja og styremaktene skulle ha kontroll over lekfolket. Lova forbaud ikkje vekkingsmøte, men det var forbode å møtast utan at presten var til stades. Opphevinga i 1842 opna difor opp for ei sterk kyrkjeleg rørsle nedanfrå, og delvis utanfor statskyrkja. Ikkje sidan reformasjonen hadde fridomen i evangeliet rokka slik ved maktbastionane i landet.
På 1850-talet, i Skien, byrja ei brei demokratisk mobilisering basert på kristentrua. Vekkinga opna opp for kritikk av det etablerte: klassetenkinga, den kulturelle og politiske makta, dei faste kjønnsrollemønstra og embetsmannsveldet. I løpet av 1850-åra voks vekkinga til ei mektig kyrkjeleg rørsle.
Ingen mørkemann
I episenteret stod den uvanlege statskyrkjepresten Gustav Adolph Lammers. Ibsen kjende til Lammers, og fleire meiner framleis at han er modellen for Brand. Lammers var ein gåverik predikant og teolog, musikar, stortingsmann og ordførar, grunnleggjar av den fyrste landbruksskulen i amtet, i Bamble, og dessutan kunstmålar og anerkjend arkitekt og kyrkjebyggjar.
Lammers var slett ingen mørkemann – heller kunnskapsrik og kulturglad, med eit optimistisk kristendomssyn. Så fekk han dårleg samvit og kom i konflikt med statskyrkja: Det kunne ikkje vere rett at evangeliet skulle gjevast til dei som berre var måteleg interesserte, dei som søkte kyrkja berre av vane. Alvoret og kravet til ekte omvending måtte liggje i botn.
Demokratisering som ideal, trus- og samvitsfridom, likestilling, pragmatikk i teologi og liturgi – denne tradisjonen finst att i organisasjonen i dag. Misjonskirken Norge vektlegg minste felles multiplum, så alle skal kjenne seg heime. Her er småbarnsfamiliar og eldre. Ein felles møteplass for ulike kristne, til dømes for ein pinseven som giftar seg med ein lutheranar, slik tilfellet er for Ropstad og kona, der kona er pinseven. Fridomen til den enkelte ligg fast, som ein arv frå den opphavlege lekmannsrørsla. Difor gjev organisasjonen medlemene samvitsfridom i ei rekkje saker, som nattverd, medlemskap i Den norske kyrkja og i dåpssynet. (Dei aksepterer både barnedåp og vaksendåp.) Omvendinga og trua er det viktigaste, ikkje kva ein meiner om sakramenta, Israel eller sex før ekteskapet.
Kvinneleg pastor
Møta i Misjonskirken Norge er moderat utforma. Det finst ingen stiv liturgi, og dei er pionerar når det kjem til kvinnelege pastorar: Den fyrste kvinnelege pastoren og forstandaren kom i 1915, Gerda Karijord i Narvik, 50 år før den fyrste kvinnelege presten i statskyrkja. Heilt sidan 1884 hadde kvinnene hadde hatt røysterett i organisasjonen. Dette var ei arv frå Hauge-vekkinga, der kvinner fekk utfalde seg. Dei talar heller ikkje nedsetjande om andre kyrkjesamfunn, og dei ynskjer å verte kjende for det dei er for, ikkje mot. Kyrkjemedlemer i Misjonskirken Norge ynskjer å vere aktive i nærmiljøet, delta i skulen, vere medvitne på korleis dei nyttar pengar og ha vener utanfor kyrkjelyden.
Dette er ikkje kristendom som ein intern klubb. Betlehem er ein open og samfunnsengasjert kyrkje for allslags folk. Det er typisk at det var i denne kyrkja at Jonas Gahr Støre og Knut Arild Hareide møttest, i 2014, for den fyrste offentlege samtalen om tru – samtalen som starta ideane om samarbeidet som stranda i haust.
Misjonskirken har ein 150 år lang tradisjon for prinsipiell tenking over tilhøvet mellom kyrkje og stat. Organisasjonen har vore kritisk til statskyrkja, men har moderert seg i moderne tid. Dei har i dag eit gjennomreflektert syn på tilhøvet mellom statlege og indrekyrkjelege konfliktpunkt.
Ein skulle tru at menneske frå ein slik tradisjon kunne vere godt førebudde på å ta prinsipielle avgjersler som vil gagne alle truande, uansett religion. Og om dei ikkje er det, er det ikkje av di dei går i Betlehem på sundagane.
Eskil Skjeldal
Eskil Skjeldal er sakprosaforfattar og tidlegare prest i Den norske kyrkja.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Gudstenestene er passe keisame, men meir livate enn ei gudsteneste av Gunnar Stålsett.
Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.