– Always mention the war
Slik karakteriserer tyskfilolog Henrik Keyser Pedersen tilhøvet vårt til Tyskland.
Bibliotekar og bokmeldar Henrik Keyser Pedersen meiner nordmenn er altfor opptekne av Hitler.
Foto: Lars Loerdahl
Kva bilete av Tyskland blir overført på den norske ålmenta? Jau, den demoniske, metafysiske, lagnadsstunge Germania. Den einsidige norske interessa kan uttrykkjast i ei setning: «Hitler selger titler».
Det fortel Henrik Keyser Pedersen. Han har doktorgrad på den tyske forfattaren Hans Magnus Enzensberger, er fagreferent ved Universitetsbiblioteket og bokmeldar i Klassekampen.
«Hitler selger titler» var nettopp tittelen på ein artikkel av Henrik Keyser Pedersen som stod på trykk for ti år sidan i Klassekampen. «Nazi-kitsch» var eit stikkord i denne artikkelen. Her viste Keyser Pedersen korleis Hitler i tittelen slår an i bokhandelen, eit fenomen som norske forlag visste å utnytte. Til dømes vart Victor Klemperes Tagebuch 1933-1945 omsett med Dagbøker fra Hitler-Tyskland 1933-1945.
– Eg kunne gjort ei liknande undersøking i dag, og kome fram til same resultat, hevdar Pedersen.
Han er redd dette berre blir verre etter at Alternativ for Tyskland (AfD) kom inn i det tyske parlamentet.
– Nemninga nazist kjem til å dukke opp fleire gonger i norsk presse. Men det er for lettvint. Innvandringspolitikken Alternativ for Tyskland (AfD) vil innføre, er nærast på line med politikken dagens norske regjering står for. Ein må basere seg på fyrstehandskjelder, ikkje andrehandskjelder, for å forstå den politiske debatten i Tyskland i dag. Sylvi Listhaugs strenge og subtile, men ikkje nazistiske retorikk gjev meg AFD-assosiasjonar. I Tyskland har det vore ein massiv konsensus om å ta imot om lag éin million flyktningar. Veljarar som vil nøye seg med halvparten, har berre hatt AFD å røyste på.
Som bibliotekar arbeider Pedersen med forfattarskapen til Karl Ove Knausgård. Han er imponert over kor nyfikne tyskarane er på norsk samtidskultur. Den andre vegen er det langt verre.
– I staden for utflukter til konsentrasjonsleirar, burde vi gjera som i andre europeiske land. Den fyrste utanlandsreisa til italienske skuleelevar går til europeiske museum. Om så konsentrasjonsleiren er målet, burde norske skular iallfall leggje til eit par stopp innom tyske museum på vegen.
Keyser Pedersen uttrykte dette i Klassekampen, og han tek gjerne opp att konklusjonen for Dag og Tid:
– Tida er mogen for å føreslå eit aldri så lite Hitler-moratorium. Eit heilt år der det ikkje er lov til å tala om andre verdskrigen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– I staden for utflukter til konsentrasjonsleirar burde
norske elevar sendast til
tyske museum.
Henrik Keyser Pedersen,
tyskfilolog
Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.