Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

– Biblioteka er ikkje utlånsstasjonar

– Biblioteka må redusere dei 18 millionar bøkene i hyllene
til 10 til 15 millionar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Buskerud fylkesbibliotek

Foto: Buskerud fylkesbibliotek

2644
20180309
2644
20180309

– Biblioteka har gått over frå å vera utlånsstasjonar til å bli sosiale møteplassar. Vi ser nemleg ei endring av bibliotekbruken: Berre halvparten av dei som er der, låner bøker.

Det seier Jannicke Røgler, forbundsleiar i Bibliotekarforbundet. Ho ynskjer endringane i lov for folkebibliotek velkomne. I denne samanhengen vektlegg ho rolla som styringsverktøyet «omløpstal» har fått for norske bibliotek: Dei viser kva som blir utlånt og ikkje.

– Norske omløpstal ligg lågast i Norden. Små kommunar har svært låge tal, spesielt når det gjeld bøker.

Kunsten å kaste

Omløpstala er viktige i det arbeidet Røgler elles gjer. Når ho ikkje har permisjon på grunn av Bibliotekarforbundet, er ho vanlegvis leiar for den såkalla Buskerudgeriljaen, som har spesialisert seg på samlingsutvikling, eit omgrep som inkluderer kassering av bøker.

– Å kassere bøker er like mykje eit psykisk som eit fysisk viktig arbeid, fortel ho.

– Mange bibliotek står i dag fram som fulle boklager, ikkje attraktive stader for kultur, læring og oppleving. Biblioteka må redusere dei 18 millionar bøkene i hyllene til 10 til 15 millionar.

Det er inga lett oppgåve: Vi har eit emosjonelt tilhøve til bøker. Norske bibliotekarar har heller ikkje vore budde på oppgåva. «Det er bare de første 1000 du kasserer som gjør vondt», skriv Røgler i ein artikkel om arbeidet til geriljaen.

Røgler gjev eit døme: Det finst ei historie om ein biblioteksjef som fylte bilen med bøker, køyrde ut i skogen og grov dei ned. Men då det skulle byggjast ein pleieheim på området, kom dei opp i dagen att.

Geriljaen har difor utvikla ulike måtar å gjennomføre kassering på: som «kasseringsstunt» og ufarleggjering av kassering gjennom humor.

Kva med Uppdal?

Men Røgler fortel at bibliotekarar meir og meir får eit profesjonelt tilhøve til bokkassering:

– Det handlar om å ha ei fagleg tilnærming. Ei bok er òg ei kommersiell vare.

– Mi favorittbok i ungdomen, Kulten av Kristofer Uppdal, ville ikkje hatt kjangs i systemet med omløpstal. Korleis skulle ein ung bygdegut funne verket i dag?

– Nasjonalbiblioteket har kome langt i å digitalisere klassikarar. Der ville du ha funne han. Og om du ville ha boka i handa, ville du kunna tinge henne gjennom biblioteknettverket.

– Men handlar det ikkje òg om å snuse i bibliotek? Ein oppdagar bøker berre ved å sjå gjennom hyllene.

– Eg trur den unge generasjonen er like god på å snuse digitalt som reint materielt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«Det er bare de første 1000 du kasserer som gjør vondt.»

Jannicke Røgler, forbundsleiar i Bibliotekarforbundet

Emneknaggar

Fleire artiklar

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

Kunstnarane Agnes Nedregård og Branko Boero Imwinkelried i kustnarkollektivet Alt Går Bra.

Foto: Birk Tjelmeland

BokKultur

Då «massekunsten» erobra landet

Korleis kunne ei gruppe amatørar i ei lita bygd i Nordhordland i løpet av nokre tiår produsere fleire hundre tusen bilete og selje dei over heile landet? Ei ny bok freistar gi svar på det unike fenomenet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis