Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Andre norske ordbøker er òg dårlege

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Privat

Foto: Privat

1944
20180119
1944
20180119

Dag og Tid har spurt språkforskarar om synet deira på etymologiske forklåringar i Det Norske Akademis ordbok (NAOB). Fyrst ute er Dag og Tids faste språkkommentator, Kristin Fridtun:

– Dei etymologiske utgreiingane i NAOB er ikkje imponerande, men det same kan vi seia om dei fleste andre norske ordbøker. Korkje Bokmålsordboka, Nynorskordboka eller Norsk Ordbok greier godt ut om historia til orda. Opplysningane er stutte og stundom upålitelege. Då er det betre å slå opp i ei god etymologisk ordbok eller til dømes Ordbog over det danske Sprog, der både opphavet til orda og eventuelle tydingsendringar blir grundig drøfta.

Eit sjekk i Norsk Ordbok stadfestar synet til Fridtun. Norsk Ordbok har vigd endå mindre plass til etymologi. På «øl» står det til dømes berre «norrønt ol», det samsvar ikkje med Bjorvands utgreiing.

– Det har vore tale om manglande finansiering til NAOB. Kan det ha påverka arbeidet?

– I så fall burde ordbokredaksjonane ha gjort eit val: anten arbeide skikkeleg med dei etymologiske utgreiingane eller sløyfe dei.

Språkforskar og historikar Roger Lockertsen har tidlegare meldt band av Norsk Riksmålsordbok. Då reagerte han på bruken av «dial.», altså «dialekt», ved nynorske ord:

– I tilleggsbanda til Riksmålsordboka frå 1995 var jamvel eit gjennomført litterært nynorsk ord som «oreigning» markert som røtt i dialekt! I NAOB står det «fra nynorsk». Det tyder altså at dei vedkjenner at bokmålsord kjem frå nynorsk og ikkje berre frå skrive bokmål/riksmål, seier Lockertsen.

– NAOB fylgjer likevel ein imperialistisk bokmålsnasjonalisme i ordforklåringane, der det eine etter det andre danske ordet, blir påstått å komme frå norrønt. Slikt vitnar om eit språkpolitisk tilhøve til røyndomen der ynskt norrøn status står i staden for faktisk norskdansk ordhistorie.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Dei etymologiske
utgreiingane i NAOB
er ikkje imponerande.

Kristin Fridtun,
forfattar og språkforskar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt

Feature

Arvingane til Amundsen

Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.

Hallgeir Opedal

Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Naturplan utan samling

Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.

Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Foto: Universitetet i Bergen

MinneordSamfunn
Svein Gjerdåker

Øyvind Vågnes (1972–2025)

«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»

Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.

Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Den livsviktige satiren

Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis