Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

– Du finn alle stilartar hjå forfattarane våre

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I feltet vårt bør heller ikkje marknaden vega så tungt., seier Heidi Marie Kriznik, leiar for Den norske Forfatterforening.

Foto: Espen Tollefsen

1961
20180126
1961
20180126

– Dersom du tek føre deg dei 655 medlemene i DnF, vil du heilt sikkert finne representantar for både det du omtalar som klassisk skrivestil og eksperimentell profil og ei god blanding av begge delar, og også heilt andre skrivestilar og sjangrar, seier leiaren for DnF, Heidi Marie Kriznik

– Men diktarane eg har tala med, opplevde nettopp at den litterære stilen deira ikkje fann forståing hjå Det litterære rådet.

– Eg kan ikkje uttale meg om søknadene til einskildpersonar. Fleirtalet av medlemene i DnF har avgjort dei medlemskriteria vi har i dag på årsmøtet, seinast i 2014. Ein kan velja å sjå medlemskriteria som strenge eller ikkje strenge, men ein må hugse på at DnF er ein kunstnarorganisasjon i tillegg til å vera ei fagforeining. Til liks med andre kunstnarorganisasjonar har vi difor medlemskriterium. Der andre organisasjonar kan lene seg på meir formelle krav som utdanning og verk oppførte på scene, eller verk stilte ut i kjende galleri eller innkjøpte offentleg, må vi vurdere skjønnlitteraturen, språket, som er faget vårt.

– Tek DnF høgd for at kvalitetsomgrepet endrar seg?

– Vurdering av kvalitet skjer i prosess og kontekstuelt. I 2014 vart medlemskriteria mjuka opp til at ei av to bøker skal ha litterær kvalitet, og ikkje to bøker som før. Dessutan tek DnF jamleg diskusjonen om medlemskriteria våre, uavhengig av det offentlege ordskiftet. Men det eg tykkjer er påfallande i vår tid, det er at kvalitet, i endå større grad enn tidlegare, har vorte vanskeleg å tala om. Det er noko i tidsånda. Men kvalitet er likevel eit omgrep vi alle rettar oss etter. Når vi går i teateret eller bestiller ei teneste, forventar vi kvalitet. Kunsten og kulturen må vera uavhengige og ikkje berre tilfredsstille dei rådande trendane. I feltet vårt bør heller ikkje marknaden vega så tungt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Fleirtalet av medlemene i DnF har avgjort dei medlemskriteria vi har i dag.

Heidi Marie Kriznik, leiar for DnF

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt

Feature

Arvingane til Amundsen

Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.

Hallgeir Opedal

Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Naturplan utan samling

Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.

Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Foto: Universitetet i Bergen

MinneordSamfunn
Svein Gjerdåker

Øyvind Vågnes (1972–2025)

«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»

Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.

Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Den livsviktige satiren

Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis