– Patetisk ambisjonsnivå
Peter Butenschøn meiner Monica Mæland har eit patetisk ambisjonsnivå.
Forlaget Press
Det er Peter Butenschøns reaksjon på prosessen i Brønnøysund. Peter Butenschøn er ein autoritet i norsk stadutvikling. Han er arkitekt og tidlegare direktør for Norsk Form. Sidan 2008 har han hatt praksis som frittståande rådgjevar i arkitektur og byplanlegging; mellom anna fungerer han som rådgjevar for Hamar kommune i arbeidet med ny jarnbanetrasé gjennom byen.
Avgjerda til næringsminister Monica Mæland er uforståeleg for Butenschøn.
– Brønnøysundregistra er ein nasjonal institusjon. Bygningar som rommar slike viktige institusjonar, skal spegle kvaliteten og ambisjonsnivået av arbeidet som blir gjort der. Det er særleg viktig for små stader som Brønnøysund, der det berre finst éi statleg verksemd. Når næringsministeren set ut oppdraget til private, vitnar det om eit patetisk ambisjonsnivå. Ho nedvurderer det viktige arbeidet i Brønnøysundregistra til eit andletslaust byråkrati.
– Men blir det ikkje billigare å la private aktørar utføre jobben?
– Eg er viss på at Ratio arkitekter, i samarbeid med Statsbygg, kunne funne ei løysing med å nedjustere kvadratramma for å få det billigare. Løysinga i dag, med å setja bygginga ut på den private marknaden, vil på ingen måte gjera det billigare. Saka har jo alt bore gale av stad ved at tilbydarane ikkje viser fram skissene sine. Ein slik prosess skal alltid vera open.
Næringsminister Monica Mæland er ikkje samd med Butenschøn, og kjem med fylgjande kommentar:
– Eg er overraska over at Butenschøn rakkar ned på det private næringslivet på denne måten. Det er oppsiktsvekkjande at ein arkitekt som sjølv har drive privat praksis i mange år, meiner at det berre er det offentlege som kan levere byggjeprosjekt. Eg trur han er ganske åleine om slike haldningar.
Vidare seier statsråden at ho er overtydd om at Brønnøysundregistra får eit flott og moderne bygg, som samstundes vert ei kostnadseffektiv løysing.
– Anbodskonkurransen kjem både staten og næringslivet til gode. Vi får lågast mogelege gebyr, og vi får eit bygg med dei kvalitetane som er viktige for både etaten og lokalsamfunnet, seier Mæland.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.