– Vi treng dei sterke stemmene
– Det er per definisjon idioti å snakke om fleirkulturell ungdom som ei homogen gruppe, seier Aon Raza Naqvi, som har teke initiativet til antologien Third Culture Kids.
– Eg trur dei typiske norske muslimane er vanlege, usikre folk, seier tekstforfattar og redaktør Aon Raza Naqvi.
Foto: Mone Celin Skrede
Bakgrunn
Aon Raza Naqvi er fødd i 1989 i Oslo og voks opp i Larvik.
Foreldra hans har pakistansk bakgrunn.
Han har arbeidd som journalist, reklamekreatør, artist, programleiar og humorist i BroShow på NRK P3. No er han tekstforfattar.
Medforfattar, redaktør, initiativtakar og prosjektleiar for antologien Third Culture Kids.

Kultur
mone@dagogtid.no
– Eg vil bryte ned fordommar og vise kor lite homogen denne gruppa eigentleg er. Det er ikkje mogleg at vi er like. Vi stammar frå heilt ulike land og kulturar. Det er per definisjon lettare å snakke om nordmenn som ei slik gruppe, seier Aon Raza Naqvi.
«Ån», som ein eigentleg skal uttale namnet hans, sit bak ein laptop på eit bakeri på Tøyen. Han er kraftig og skjeggete, har ein ring i kvart øyre og «Obey» på capsen. Med jamne intervall pip det frå jakkelomma hans.
Han er journalist, og redaktør for antologien Third Culture Kids, tekstforfattar og sjiamuslim frå Larvik. «Påskrudd», som han sjølv seier. I sommar skal han skrive for A-magasinet. Men først gjev han ut bok.
– Eg trur ikkje den typiske muslimen er den konservative, strenge som peikar finger. Eg trur det heller er dei vanlege usikre folka. Dei som står i kø på McDonald’s og vurderer cheeseburgaren når dei veit dei bør ta burgaren med fisk i staden, seier han og ler.
Fleire historier
– Kvifor er antologien viktig i Noreg i dag?
– Historieforteljinga om dei fleirkulturelle er einsidig i Noreg. Ifølgje Statistisk sentralbyrå er om lag sju av ti positive til innvandring generelt, nesten ein tredel er negative. Og vi har aukande grad av negativ retorikk som omtalar fleirkulturell ungdom som eit problem. Men slik er det ikkje. Boka er ikkje berre viktig for at nordmenn skal få eit betre inntrykk av fleirkulturell ungdom. Fleirkulturell ungdom skal kunne finne sterke stemmer og rollemodellar som liknar dei sjølv, seier han.
Naqvi gestikulerer over den store bleikrosa boka på bordet. Det er ein mosaikk av 29 forteljingar frå kjende og ukjende andlet. Leo Ajkic, mellom anna kjend frå dokumentarserien Flukt, skriv om å selje smørbrød på gata som ung i Bergen. Varaordføraren i Oslo, Kamzy Gunaratnam (Ap), skriv om å oppleve rasisme frå born, som barn. Og jusstudent Tanita Saranya Landgraf skriv om å vekse opp i vesle Sollia ved Rondane, på ein skule med 20 elevar.
Skribentane har det til felles at dei er oppvaksne i Noreg. På passet er dei norske, men dei står mellom to kulturar: kulturen dei er oppvaksne i, og kulturarven dei har med seg frå foreldra og besteforeldra.
– Vi har forsøkt å femne breitt. Dette skulle ikkje berre vere ei bok om fleirkulturell ungdom i Oslo. Eg håpar denne boka berre er byrjinga, seier Naqvi.
Han har lagt fram den bleikrosa kolossen som ei handbok. Ideen kom frå Sverige. Naqvi vart nemleg beden om å skrive i ei tilsvarande bok for eit lite, svensk forlag.
– Eg ville gjere det større. Vi fekk med oss Fritt Ord, og boka er utgjeven på Gyldendal. Tittelen Third Culture Kids kom frå Kjell Østby i Larvik. Han held kurs og diskusjonsgrupper for ungdom med flex-ID, såkalla fleksibel identitet.
Enkle svar
– Du seier at historieforteljinga om fleirkulturelle er for einsidig. I boka har forfattar Zeshan Shakar, som har skrive Tante Ulrikkes vei, skrive ein tekst. Kva legg du i einsidig?
– Tante Ulrikkes vei er eit fantastisk stykke arbeid som skildrar ei historie som folk frå Stovner og Groruddalen kjenner seg att i. Eg seier heller ikkje at forteljingar som Hva vil folk si (film av Iram Haq frå 2017, journ.anm.) aldri kunne ha skjedd, sjølv om jenta i filmen har hatt verdas største uflaks. Forteljinga er viktig, men det handlar om å ikkje fortelje berre denne eine.
– Mediedekninga av det fleirkulturelle Noreg er òg eit ledd i historieforteljinga. Ta til dømes dekkinga av ungdom i Groruddalen.
– Eg meiner at vi må slutte å leite etter enkle svar på komplekse problem. Det finst sosiale utfordringar overalt, og eg meiner det er feil berre å snakke om denne eine gruppa. Somme er kriminelle, og mange er ikkje det. Eg trur ikkje nokon går rundt på austkanten og heile tida føler seg trua. Men eg trur ein ter seg etter korleis ein vert behandla. Og sjølvsagt er det eit problem: I boka skriv ein slektning av meg, Hassan Naqvi, om kva som gjer at ungdom dannar og vert med i gjengar. Det handlar mykje om at ein heile tida får beskjed om at ein er eit problem, ein statistikk, ein samfunnskostnad. Det er mange faktorar som gjer at samfunnet får dei ungdommane det får.
Han trekkjer pusten, tek ein slurk kaffi og justerer kapsen på hovudet.
– Eg skulle likt å stille til debatt, eg har vore stille lenge. Eg sluttar å vere stille med denne boka. Vi treng sterke stemmer som ungdom kan sjå opp til. Vi treng å inspirere dei og lære dei, ikkje kommandere dei og fortelje dei at dei må fiksast.
Han dreg på det.
– For kva gjer det norske samfunnet eigentleg for å inspirere ungdom? Vi legg ned fritidsklubbane.
Han nemner òg Rommen scene, eit kulturhus og ei profesjonell konsert- og teaterscene i Groruddalen som har stått i fare for å bli nedlagd etter at bydelsutvalet valde å trekkje pengestøtta.
Sjølv voks Aon Raza Naqvi opp i Larvik, saman med småsysken, gifte foreldre og ein fetter i nabohuset. Familien er opphavleg frå Pakistan og interessert i song og poesi. Naqvi las dikt i moskeen frå han var åtte år gammal. Han byrja på søndagsskule for å lære å lese Koranen, men då han vart 15, identifiserte han seg med rapparar.
Rollemodell
– Eg er frå ein stor familie med sterke stemmer og mykje kjærleik. For meg handla identitetsreisa om å vere den einaste muslimen på skulen. Korleis skulle eg halde på kulturarven min og vere norsk på same tid?
«Jeg evnet bare ikke å forklare mine dilemmaer. At jeg følte meg som noen jeg ikke så ut som (nordmenn), og at jeg så ut som noen jeg ikke følte meg som (pakistanere)», skriv han i boka.
Som ny student tok han ein restplass på MF vitenskapelig høyskole, tidlegare Det teologiske menighetsfakultet. Men sjølv om Naqvi studerte kulturkommunikasjon, diskuterte han så mykje teologi med dei kristne medstudentane sine at han gjekk ut med A i religion.
– Det var «meg og dei». Men då vi reiste på studietur til Kina, vart vi ordentlege vener. Den kinesiske kulturen var like framand for meg som for dei, seier han og smiler.
Naqvi skriv om å hate å dra på søndagsskulen kvar veke, det var jo kviledagen. Han forstod heller ikkje dei vaksne læresetningane om å vere snill mot naboen.
– I sjiaislam seier ein at ein ikkje skal arve religionen, men lære han. Mykje handlar om å vere ein god rollemodell. Eg har to hovudbodskapar: Det eine er korleis vi snakkar til ungdom om islam. Og det andre er at ein av og til gjer feil. Eg har gjort mange feil. Det er knytt skam til å gå ut på byen, til dømes. Det dei vaksne i generasjonen før oss ikkje har skjøna, er at ein er lettare å forstå dersom ein snakkar om feila sine. Det er ein tredje bodskap. Eg fekk lov til å spørje foreldra mine kvifor og ikkje berre korleis, og eg fekk lære både det positive og det negative ved religionen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg sluttar å vere stille med denne boka.
Aon Raza Naqvi
Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.