Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Å kaste eller ikkje kaste bøker

«For mange bøker er eit stort vonde», skreiv Martin Luther. Over ein tredel av bøkene i norske bibliotek bør kasserast, meiner Jannicke Røgler, forbundsleiar i Bibliotekarforbundet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I framtida må tusenvis av bøker i norske folkebibliotek kasserast. Om bibliotekaren ikkje maktar, kan ein kalle på buskerudgeriljaen, som har lang røynsle med dette arbeidet. Vi ser alt Hegels Naturfilosofien i traktorskufla.

Foto: Buskerud fylkesbibliotek

9386
20180309
9386
20180309

Bibliotek

ronny@dagogtid.no

Bibliotek eller bokmuseum, lyder spørsmålet i norske kommunar. Dei norske folkebiblioteka er nemleg ikkje slik dei ein gong var. Eit teikn på at sektoren er i endring, er brot på lov om folkebibliotek: «Alle kommuner skal ha fagutdannet biblioteksjef», heiter det i paragraf fem. Berre i «særskilte tilfeller» skal det gjerast unnatak frå lova.

Men når det gjeld nytilsetjingar, skjer stadig vekk det omvende: No i mars kom ny sjef for Deichmanske biblioteket i Oslo på plass. Merete Lie, som er utdanna statsvitar, blir direktør i det nye prestisjebygget i Bjørvika.

Før det var Kristin Danielsen sjef for Deichmanske, ho er utdanna dansar. I dag sit ho som leiar for Kulturrådet. Men like mykje som å sjå på fagutdanning, er det verdt å sjå på røynsle.

Her er bakgrunnen til Merete Lie interessant: Ho går frå leiarstillinga ved Fredrikstad kulturhus som ho har hatt sidan 2014. Før det hadde ho i tolv år leiaransvar for ulike digitaliseringsprosjekt, sist i DNB.

Stikkorda er altså utetterretta verksemd i kulturhus og digitalisering. Det fører oss til statusen for det nye norske biblioteket. I lov om folkebibliotek kom det inn ein ny paragraf i 2013: «Folkebibliotekene skal være en uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt.» Samtidig har formuleringar som «aktiv formidling» og «aktualitet» kome inn i paragrafane.

Til dette føremålet trengst det kompetanse i utetterretta verksemd. Det er fullt mogeleg at paragraf fem vil forsvinne frå biblioteklova i nær framtid, for ikkje berre i Oslo, men òg i norske byar og bygder blir det tilsett biblioteksjef utan bibliotekarutdanning.

Og sist, men ikkje minst: Når ein flyttar inn scene og podium, må det ryddast plass.

Ifylgje retningslinene til International Federation of Library Associations (IFLA) har vi altfor mange bøker i norske bibliotek. I mange kommunar må opptil halvparten av bøkene kasserast for å tilfredsstille tilrådinga.

Uppdals «Kulten»

«For mye fotball på TV? Jeg sier som Sølve Grotmol: Det er for mange bøker på biblioteket også», har Arne Scheie uttala.

Ungdomstida mi i Brønnøysund var nett det: ei velsigna overflod av bøker. Brønnøy folkebibliotek førte tankane til Rosenes navn av Umberto Eco: eit labyrintisk bibliotek, ikkje ein vegg utan fullstappa bokhyller. Bibliotekaren var som den blinde Jorge van Burgos i same romanen – «debatt» og «aktiv formidling» var framandord.

Eg var i Brønnøysund i ferien for eit par år sidan. Den gongen skreiv eg på ein artikkel og ville sjekke eit sitat frå eit av dei særaste verka i norsk bokheim: Trebandsverket Kulten av Kristofer Uppdal, på 1200 sider. Fyrste utgåve kom i 1940-åra på Aschehoug forlag. Eg fór til biblioteket. «Dette verket er vel forlengst kassert», tenkte eg.

Å, nei då. Det stod der. Eg kika med ein gong på stempelsida over tidlegare lån: Berre eitt stempel: 3. september 1992, lånenummer 5738. Mitt eige lånenummer.

Ungdomsminna strøymde på. Som ung gut sverma eg for Uppdal. Berre ei setning i bandet Hagamannen som «Meir tjuvvorin og undirrotin vorto dei, / og fullhuga på nasking og storstulder» – akk! Det gav meg ståpels. Sjølvsagt at verket hadde ein prominent plass i folkebiblioteket i ein liten kystkommune, tenkte eg den gong, om så Kristofer Uppdal for var eit namn folketoverhovudet ikkje las, ja knapt visste kven var.

Strykkarakter

Men testar vi Brønnøy bibliotek opp mot retningslinene til International Federation of Library Associations, får biblioteket strykkarakter.

IFLA tilrår to til tre bøker per innbyggjar, litt avhengig av kommunestorleiken. Brønnøy bibliotek har slanka litt på boksamlinga, men stort sett er bokhyllene intakte frå 1992, og enno med eit eige romsleg rom for lyrikk.

Eksakt kor mange bøker som finst der, står i bibliotekstatistikken for folkebibliotek, samla inn av Nasjonalbiblioteket. Ved siste måling, i 2016, var det 49.000 bøker i Brønnøy, eit herad med om lag 8000 innbyggjarar. Det gjev om lag seks bøker per innbyggjar. Andre medium ved folkebiblioteka er haldne utanfor dette talet.

Brønnøy er slett ikkje i særklasse. Eg gjev att eit par stikkprøver: Smøla folkebibliotek: 13 bøker per innbyggjar, Tinn bibliotek: 15 bøker per innbyggjar, medan Høyanger og Suldal folkebibliotek begge har 22 bøker per innbyggjar.

Spør du menneske frå desse stadene om kvifor biblioteket har så mange bøker, kjem det gjerne fram historier om bibliotekaren som ein lokal idealist: ei eldsjel som har samla inn mengder med bøker til utdanning av medborgarane.

Vi kan jamføre med hovudstaden, med om lag 950.000 bøker ved dei ulike avdelingane av Deichmanske bibliotek. Om så utvalet er mykje større enn i Kommune-Noreg, gjev det berre 1,5 bok per Oslo-innbyggjar.

«Ingen ende på bøkene»

Så mange bøker! Akk, vi kan sukke med Forkynnaren 12:12: «Det er ingen ende på dei bøkene som blir skrivne.» Grunnen finn vi sjølvsagt i dei særeigne, privilegerte norske støtteordningane for bøker. Noreg er unikt i verdssamanheng.

Folkebiblioteket utgjer den eine delen av eit system som i norsk kultur nærast har heilag status: Gjennom innkjøpsordninga kjøper Kulturrådet inn om lag 1000 eksemplar av 600 titlar av det dei meiner er den fremste litteraturen i landet.

Grovt rekna: Innkjøpsordninga syrgjer for at 600.000 bøker kvart år blir spreidde til skule- og folkebibliotek utover i landet. Samtidig opererer folkebibliotek med eit eige budsjett som mange stader er så trongt at det ikkje er midlar til å kjøpe inn lokallitteratur. Det kan føre til den ironiske situasjonen at biblioteket har det siste innan norsk samtidsdramatikk, men ikkje dei siste bøkene av lokalhistoriske forfattarar.

Sag mot bokhyller

«Ei bok som ikkje blir opna, er berre ein murstein av papir», seier eit kinesisk ordtøke. Opphavsmannen hadde nikka om han hadde lese titlar i norske lokal- og riksaviser: «Derfor må vi kaste bøker», «Biblioteksjefer ønsker færre bøker» og «Det har blitt kastet for lite over lang tid». Endringane i lov om folkebibliotek varslar som sagt ynske om ein ny definisjon av biblioteket. Det er ikkje boklager, men ein sosial møtestad.

Og det fører til ein større vilje til å kassere: Dei to seinaste åra har til dømes bibliotek i Asker og Bærum kvitta seg med nærare 75.000 bøker. Biblioteksjefen i Asker sa til Budstikka i fjor at ho i tillegg «bokstavelig talt grep sagen og kuttet bokhyllene med en halvmeter». Det var for «å få bedre siktlinjer. I dag er det vanskelig å orientere seg. Folk finner ikke frem blant de høye hyllene». Hyllene vart kutta med 50 cm.

Biblioteket som ein labyrint av dulde overraskingar er altså ikkje idealet lenger. Ifylgje tal frå Nasjonalbiblioteket var «avgang av bøker», altså kasserte bøker, ved folkebiblioteka om lag ein million i 2004. Ti år seinare auka det med 1,5 millionar. Samtidig har den totale mengda bøker i Noreg gått ned frå 21,4 millionar i 2004 til 18 millionar i 2015. Det er om lag 3,6 bøker per innbyggjar.

«Tjuvvorin»

Biblioteksjefen i Asker, Siri Tidemann-Andersen, er glad i bøker, men òg i arrangement. Asker folkebibliotek kan skryte av å vera mellom Noregs mest brukte bibliotek. Dei låner ut store mengder bøker.

Men suksessen ligg òg i talet på aktivitetar, som faste innslag som Språkkafeen, Torsdagstreffet og «Vi snakker spansk». Ifylgje tala frå Nasjonalbiblioteket hadde Asker 277 eigne arrangement i biblioteket i 2016. Vi kan kanskje våge å påstå at ein del av attraksjonen ligg i bygningen. Asker biblioteket ligg ikkje i eit grått samfunnshus frå 1970-åra, som Brønnøy folkebibliotek, men det ligg i det nye kulturhuset som vart reist i 2004.

Ein stikkprøve mellom andre bibliotek som er flytta inn i kulturhus, gjev same høge talet. Kongsberg folkebibliotek: 108 arrangement, Voss bibliotek: 124 tilstellingar. Vi kan jamføre med boklabyrintane i Brønnøy, Høyanger og Suldal, høvesvis: 40, 20 og 17 tilstellingar.

Det er urettvist å jamføre ein liten kommune som Brønnøy med Asker, men ei jamføring med Voss er ikkje urimeleg. Overgangen til kulturhus har gjeve biblioteka høve til å gå kritisk gjennom samlingane. Talet på bøker per innbyggjar i desse kommunane blir dermed den siste puslebiten til biletet vårt:

Biblioteket i Asker, med alle filialane, har ei boksamling på om lag 135.000 eksemplar. Det tilsvarar 2,3 bøker per innbyggjar. Kongsberg bibliotek har 1,7 bøker, medan Voss bibliotek har 3 bøker per innbyggjar.

Og for å ende der eg starta: I dette biletet passar den nye tilsetjinga ved Deichmanske i Oslo som fot i hose. For norske bibliotek vil det i framtida ikkje berre handle om bokutlån, men i stendig høgare grad om kassering, digitalisering og arrangement.

Ville eg ha funne Kristofer Uppdals Kulten i Asker og Voss bibliotek? Neppe. Kva ville skalden sjølv ha sagt om denne utviklinga? Sjølvsagt: Dei er «tjuvvorin», dei er «fullhuga på nasking og storstulder»!

For å trøyste meg går eg til eksemplaret av Hagamannen som er digitalisert på nb.no. Men der òg bryt den nye røyndomen fram: På fyrstsida av eksemplaret som er lagt til grunn for digitaliseringa, skrik det imot meg: KASSERT.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Testar vi Brønnøy bibliotek opp mot retningslinene til International Federation of Library Associations, får biblioteket strykkarakter.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Denne hannen av munk vart fotografert i Oslo i desember 2019.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

Vintermunkar

Fuglen munk har vore sentral i utgreiingar om fugletrekket.

Naïd Mubalegh

Kunstnarane Agnes Nedregård og Branko Boero Imwinkelried i kustnarkollektivet Alt Går Bra.

Foto: Birk Tjelmeland

BokKultur

Då «massekunsten» erobra landet

Korleis kunne ei gruppe amatørar i ei lita bygd i Nordhordland i løpet av nokre tiår produsere fleire hundre tusen bilete og selje dei over heile landet? Ei ny bok freistar gi svar på det unike fenomenet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis