Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Analfabetar i norsk skule

Om lag ein av tre gutar som går på ungdomsskulen i Nord-Noreg, er såkalla funksjonelle analfabetar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mange norske skuleelevar er funksjonelle analfabetar. Dei kan lesa og skrive, men evnar ikkje orientere seg i ein tekst.

Foto: NTB scanpix

5626
20171027

Foto: scanpix: sp41f108

Tekst:

eller: szd0b655

eller: szd0b655

eller: szd0b5c5

5626
20171027

Foto: scanpix: sp41f108

Tekst:

eller: szd0b655

eller: szd0b655

eller: szd0b5c5

Den norske skulen

ronny@dagogtid.no

Ordet analfabetisme får ein til å sperre opp augo. Funksjonell analfabetisme kling tvillaust litt betre, men termen gjev i høgste grad òg grunn til uro.

Eit par klikk på Google og du får opp oppslag på «funksjonelle analfabetar»: Eitt oppslag handlar om dårleg oppfylging av skuleborn i Afrika. Mangelfull lokal tilknyting og undervisning gjer kvaliteten på utdanninga elendig, står det å lesa. Resultatet er funksjonelle analfabetar. Elevane kan lesa og skrive, men dei har ikkje det som trengst for å fungere i eit moderne arbeidsliv, står det.

Men overraskinga er stor når eg les at det finst funksjonelle analfabetar i den norske skulen òg.

Ein gjennomgang av aviser frå heimstaden min, Brønnøysund, fortel at om lag 35 prosent av elevane på 8. trinn på skulen eg sjølv gjekk på for 25 år sidan, hamna på nivå éin og to på nasjonale prøver for skuleåret 2016–2017.

Det er fem nivå i denne prøven, og elevar som hamnar på dei to lågaste trinna, blir knytte til etiketten «funksjonell analfabetisme». Jamføring med tidlegare år viser at talet på denne typen analfabetar har auka. For to år sidan var talet 22,5 prosent. Det gjev ein auke på 12 prosent.

Kva skjer? Er norske skuleborn i ferd med å bli analfabetar?

Her trengst eit større perspektiv.

Analfabetisme

Vi går fyrst til leksikonet. Store norske leksikon talar om funksjonell kontra absolutt analfabetisme. Det fyrstnemnde viser til ein situasjon der ein har lært å lesa og skrive, men har mist leseevna, fordi ho ikkje har vore bruka, eller at ein ikkje har tileigna seg dugleikar godt nok gjennom skulegangen til å kunne nytte dei i dagleglivet. Fenomenet førekjem òg i land som har universell skulegang, strekar artikkelforfattaren under. Noreg er inkludert, med andre ord.

Artikkelen kjem med ulike døme på kva ein har behov for å kunne i kvardagen i samfunnet vårt; ein må blant anna kunne tileigne seg informasjon gjennom togtabellar, kart, brosjyrar, instruksjonshefte, kontraktar og liknande. Vidare heiter det at talet på funksjonelle analfabetar i moderne industrisamfunn, er høgare enn ein tidlegare har rekna med. I somme land kan det gjelde opp til 25 prosent av folket. Det gjeld særleg etniske minoritetar, marginaliserte grupper og eldre.

Oppvekstsjefen i Brønnøysund kommune knyter i ein artikkel i lokalavisa funksjonell analfabetisme til dei to lågaste nivåa på den nasjonale prøven. Han fortel Dag og Tid at denne praksisen er vanleg i andre kommunar.

Marthe Akselsen, direktør for avdelinga som arbeider med vurdering av nasjonale prøver, fortel Dag og Tid at dei sjølve ikkje nyttar termen funksjonell analfabetisme, men seier at dei på eit generelt grunnlag er positiv til tiltak som retter merksemda mot lesevanskar i skulen.

Finnmark verst

Oppslag om funksjonell analfabetisme er ikkje nytt i norsk media. «Kvar femte norske elev er analfabet etter enda skulegang», lyder ein avisartikkel om temaet. Samtidig har dei dårlege eigenskapane i rekning vorte understreka: Under 50 prosent av dei som byrjar på høgare utdanning, kan elementær prosentrekning.

Ein gjennomgang av tala for 2016–2017 i Skoleporten – Utdanningsdirektoratets verktøy for vurdering av kvalitet i grunnopplæringa – stadfestar observasjonen for Brønnøysund. Talet på «funksjonelle analfabetar» er høgare di lenger nord du kjem.

Landsgjennomsnittet for lesing fortel at 27 prosent av alle åttandeklassingar ligg på dei to lågaste nivåa. Dei forbetrar seg i neste skuleår. For niandeklassingane er prosenten 16. For Nord-Noreg er tala dårlegare. Då ser eg på åttandeklassingane. For Nordland er gjennomsnittet litt høgare: 29 prosent for åttandeklassingar, så dalar det, for Troms 25 prosent og for Finnmark 36 prosent. Isolerer vi gutane, får vi høgare tal: Heile 45 prosent av gutane i åttande klasse i Finnmark er funksjonelle analfabetar. For gutane i niande klasse dalar talet, men det er likevel høgt: 25 prosent for skuleåret 2016–2017 og 32 prosent for 2015–2016.

Dei negative tala forplantar seg vidare opp i systemet: Kring 30 prosent av norsk ungdom droppar ut av vidaregåande. Til jamføring er talet for Finland berre 20 prosent. Men – ikkje overraskande – er talet for Finnmark 40 prosent.

Leseutviklinga

Den dagen du sluttar å lesa, stoppar leseutviklinga di opp. Mange trur at det er nok å lære seg grunnleggjande leseeigenskapar.

Det fortel lærar og forfattar Håvard Tjora. Han er kjend frå TV Norge-serien Blanke ark, der han hjelpte ungdom som ikkje fann seg til rette på skulen. Han har òg skrive fleire bøker om emnet.

Tjora er ikkje overraska over tala; dei handlar om ting han tek opp i føredrag som han held om den norske skulen. Han peikar på to ting som må gjerast.

– Det må innførast ei meir systematisk leseopplæring i skulen. I dag varierer lesemetodane som blir lagde opp frå skule til skule. Problemet er, som tala viser, størst for gutar. Om lag halvparten av gutane på skulen les ikkje. Om mange sluttar å lesa når dei går i sjette eller sjuande klasse, tek dei ikkje opp lesinga seinare i livet. Her ligg problemet, for når dei sluttar å lesa, stoppar òg leseopplæringa opp.

Sist peikar Tjora på at initiativ til lesing òg må koma i heimen.

– God lesing er smittande. Det ser vi i heimar med mykje litteratur. Foreldra må òg vera med på å stimulere til god lesing hjå barna sine.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Det må innførast ei meir systematisk leseopplæring
i skulen.

Lærar og forfattar Håvard Tjora

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt

Feature

Arvingane til Amundsen

Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.

Hallgeir Opedal

Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Naturplan utan samling

Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.

Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Foto: Universitetet i Bergen

MinneordSamfunn
Svein Gjerdåker

Øyvind Vågnes (1972–2025)

«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»

Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.

Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Den livsviktige satiren

Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.

I fleire år har Odd Nerdrum arbeidd med det store målarstykket «Tre menn i båt». Kunstnar Elisabeth Werp rosar verket, men juryen for Haustutstillinga i år er ikkje imponert.

Foto: Janne Møller-Hansen VG / NTB

KunstKultur

Femti års einsemd

Odd Nerdrum er aktuell med NRK-serien Familien Nerdrum. I 2021 skreiv Kaj Skagen om paradokset Nerdrum. Les dei tre artiklane her.

Kaj Skagen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis