Arkitektur for folket
– Norske arkitektkonkurransar er elitistiske. Folket får ikkje seia meininga si, meiner Audun Engh og viser til ein konkurranse gjennomført i Sverige, der framlegget til fagmenn vart forkasta.
Dette klassiskinspirerte bygget blir reist i Nacka ved Stockholm. Innbyggjarar fekk vera med på å røyste fram vinnaren.
Foto: Vera arkitekter
Arkitektur
ronny@dagogtid.no
I media herjar debatten om kunstfagforeiningane. Kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) har føreslege å gjera ei justering av ordninga for oppnemning av medlemer i stipendkomiteane til kunstnarar. I dag er det kunstfagforeiningane som vel desse medlemene. Helleland vil gje plass til folk som ikkje er medlemer av foreiningane.
Dette framlegget vekkjer ordskifte. På den eine sida står representantar for kunstfaget som meiner fagkompetansen taper på vedtaket, medan tilhengjarar ynskjer endringa velkomen, fordi ho bryt med eit «felles, intolerant kunstsyn» som har regjert lenge i kunstsektoren.
Ikkje-kunstnarar «med sunn fornuft kan ha et viktig bidrag å komme med: De kan avkreve en åpen argumentasjon hvor skiller mellom ideologi og fag-teknisk kompetanse tydeliggjøres», skreiv professor emeritus Arild Pedersen i Minerva sist helg.
– Det bør gjerast liknande oppmjuking av arkitektkonkurransar, seier jurist og byaktivist Audun Engh, og presiserer:
– Det gjeld både premissa for ein arkitektkonkurranse og sjølve samansetjinga av juryen. I norsk byggjekunst eksisterer det nemleg òg eit «felles, intolerant kunstsyn».
Inkje demokrati
– Folk opplever å få nærmiljøet rasert av bygg som ikkje samsvarar med volum og byggjeskikk på staden. Prosessane som leier fram til nybygg, er kjenneteikna ved ein komplisert byråkratisk saksgang i kommunane og ved arkitektkonkurransar utan plass til folkeleg innverknad. Løysinga er større folkeleg innverknad på byggjeprosjekt.
Dette er saker Audun Engh lenge har kjempa for, mellom anna gjennom «plansmier», som han er med på å arrangere i norske byar og bygder – workshops der innbyggjarar på ein stad samarbeider med politikarar og utbyggjarar om framtida til staden.
Engh vonar endringane på kunstfeltet får smitteeffekt:
– Å rette opp ein balanse mellom fagfolk og lekfolk er meir prekært i byggjekunsten enn i biletkunsten, for han påverkar mange fleire menneske i kvardagen. Arkitektur har vi jo rundt oss heile tida.
Men dermed er det ikkje sagt at det er eit fullstendig samanfall mellom debatten om stipendkomiteane til kunstnarar og debatten om arkitektkonkurransar.
Folk og elite
Her er det to moment som må takast omsyn til. For det fyrste kva type arkitektkonkurranse ein har med å gjera, for det andre samansetjinga av ein konkurransejury.
Det finst to slag arkitekttevlingar. På den eine sida finst den såkalla avgrensa konkurransen, der fire–fem arkitektkontor blir inviterte til å delta. Denne framgangsmåten inneber likevel vurdering av fleire kontor, for metoden medfører ei utsiling gjennom ein såkalla prekvalifiseringsprosess. Før sjølve konkurransen har nemleg alle interesserte høve til å søkje om å delta. Men dei sender ikkje inn utkast; dei blir bedne om å gjera greie for kva kompetanse og røynsle dei sit på. Søknadsbunken kan difor innehalde 30–40 søknader, før eit utval minskar bunken til fire–fem kontor.
På hi sida har vi den opne konkurransen, der alle kvalifiserte arkitektar har høve til å delta. Ei open tevling er knytt til eit program og eit sett konkurransevilkår, og der kan ein gjerne ende opp med 100–200 innleverte utkast. Eit døme er arkitektkonkurransen for ny kyrkje i den vesle bygda Våler i 2012. Der kom det inn heile 239 utkast.
Den sistnemnde typen er den klårt mest demokratiske, men likevel er det slik at ei slik breitt utforma tevling ikkje naudsynleg fører til at skiljet mellom «folk» og «elite» blir mindre. Det viste eit folkemøte etter kåringa av vinnaren i Våler. Fem hundre var til stades på møtet; fleirtalet avviste forslaget frå juryen. Forklåringa var at ikkje eit einaste utkast inneheldt rekonstruksjon eller ein harmonisk variasjon av den gamle kyrkja.
Uheldige premiss
Når det gjeld juryen i ein arkitektkonkurranse, skil han seg frå ein kunststipendkomité, der alle medlemene er valde av kunstfagforeiningane. Arkitektar sit i ein jury som kjem frå Norske arkitekters landsforbund. Dei rettar seg etter Forskrift om offentlige anskaffelser; ho tilseier at ein tredel av medlemene i juryen skal vera arkitektar.
Eg spør Engh om arkitektane då ikkje likevel er den veike parten. Dei formar jo mindretalet.
– Sant nok, men dei har ofte sterk påverknad på dei andre jurymedlemene når det gjeld den arkitektoniske utforminga. Eg meiner difor at konkurransejuryen må utvidast, så fleire lekmenn får plass. Men eg vil sjølvsagt ikkje fagfolk til livs. Dei skal vera der for å kvalitetssikre prosjekta, men det må vera fagfolk der som representerer ulike stilartar, svarar Engh.
Samtidig peikar Engh på uhepne mekanismar knytte til programmet som arkitektkonkurransar blir tufta på. Det gjeld både ein avgrensa konkurranse, med prekvalifiseringsprosessen, og den opne konkurransen.
– Sjå konkurransen i Våler. Om så det var rekordmange innsende utkast, var vålsokningane ikkje nøgde med prosessen. Det er viktig at utforminga av bygget er avgjort som ein del av konkurransevilkåra før startskotet for sjølve konkurransen går. Dersom til dømes rekonstruksjon er utelukka som premiss, vil juryen argumentere imot ei slik løysing ved å peike på faglege kriterium.
Nett på dette punktet kjem likskapen mellom debatten om kunstfagforeiningane og debatten om arkitektkonkurransar, strekar Engh under: Også innan arkitekturen må skiljet mellom ideologi og fagteknisk kompetanse verte tydelegare.
– Motargument handlar gjerne om at den tekniske kompleksiteten ved moderne bygningar er enorm i høve til tidlegare tider. Dette argumentet held ikkje, for arkitektar i andre land har tydelegvis ikkje vanskar med ein slik kompleksitet, sjå til dømes på den atterreiste Frauenkirche i Dresden.
Folkeavrøysting?
Det er ikkje berre kyrkjestriden i Våler som skaper debatt om arkitekturkonkurransar. Det same gjeld striden om Østre Porsgrunn kirke som brann i 2011. Østre Porsgrunn kirke var ei av få rokokkokyrkjer i landet, og den nye bystrategien til Riksantikvaren skulle tilseia at atterreising av originalkyrkja vart vald, det som fleirtalet av innbyggjarane ynskte. Dag og Tid har tidlegare skrive om striden.
Valet av nybygg kjem til å bli ståande som ei av dei store overtrampa mot lokaldemokratiet i norsk arkitektur. Nett no er gravemaskiner i gang med å øydeleggje tre hundre år gamle kulturminne, restane av kyrkja, for å gje plass til «Reis opp», vinnaren av arkitektkonkurransen.
Lokale aktivistar ville ha folkeavrøysting, men representantar for Norske arkitekters landsforbund argumenterte imot, mellom anna fordi forbundet ikkje kjende til ei einaste kyrkje eller ein einaste bygning i landet som har vorte valt ved lokal avrøysting.
Men er arkitekturkonkurranse einaste måte å avgjera eit byggjeprosjekt på? Då talar vi sjølvsagt om prestisjetunge byggjeprosjekt, for mange bygningar blir reiste utan arkitektkonkurransar.
Det finst tevlingar der folket på staden har vore involvert. Då Hotel Sandven i Norheimsund vart utvida med eit nybygg i 2015, vart innbyggjarane inviterte til å seia si meining om dei ulike utkasta gjennom ei nettrøysting.
– Klassisk, men djervt
Går vi til grannelandet vårt, Sverige, ser vi òg at alternativ er mogeleg. I tettstaden Nacka utanfor Stockholm vart det i byrjinga av dette året utført ein anbodskonkurranse der publikum fekk lov til å delta, og der politikarane valde å gå vidare med eit anna utkast enn det fagmennene enda opp med.
Tevlinga galdt eit bygningskompleks med husvære og lokale for næring i fyrstehøgda. Ni anbod vart sende inn til vurdering. Kommunen ville ha ei tevling med lokal innverknad, så dei inviterte innbyggjarar til å gje tommelen opp eller ned for kvart prosjekt på nettsidene til kommunen.
Vinnaren var eit klassisk inspirert utkast frå Storstaden Stockholm Bostad AB – eit utkast som fagmennene hadde plassert langt nede på lista, på sjetteplass. Om det ikkje var fyrstekandidaten til innbyggjarane, var det ein av favorittane deira.
«Det är ett klassiskt men ändå djärvt förslag med tydlig och stark stadskaraktär», sa Per Jutner i ei pressemelding på nettstaden til utviklingsselskapet Storstaden Bostad.
– Folket bør i slike saker ikkje ha rådgjevande makt, men avgjerande makt. No skjer det truleg ei nedbygging av definisjonsmakta i kunstfagforeiningane. Nestemann ut bør vera maktkonsentrasjonen i byggjekunsten, avsluttar Audun Engh.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Folket bør i byggjesaker ikkje ha rådgjevande makt, men avgjerande makt.
Audun Engh, byaktivist
Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.