Arkitekturens Ivar Aasen
Hermann Schirmer ville atterreise ein norsk arkitektur. Han såg difor på byggjeskikken til norske bønder. Men det var likevel ikkje nok. Den sanne norske arkitekturen meinte han var å finne i England.
Vålerenga kyrkja er teikna av Holger Sinding-Larsen i nynormannisk stil. Gjennom steinarkitektur, runde bogar i fasaden og ein ornamentlaus stil skulle kyrkja vise attende til norsk stordom i mellomalderen.
Foto: Håvard Rem
Arkitektur
ronny@dagogtid.no
Vi byrjar artikkelen med eit sitat: «Vi troede at vore bønder, særlig på Vestlandet, levde i en eneste stor svinsk tilstand, til samme mann (Eilert Sundt, journ. merk.) viste at også her var det regel og orden. Vi troede at vor landsbefolkningssprog var et stort kaos, indtil Aasen paaviste orden. Vi troede endvidere at det hele folk i aarhundreder haddet ligget i dvale, eller befundet sig i en stadig tilbagegang, indtil Sars paaviste udvikling.»
Det er ein av dei underlegaste personane i norsk arkitektur som har ordet i dette sitatet: Hermann Schirmer (1845–1913). Schirmer kallar på dei store heltane i venstrerørsla: samfunnsforskaren Eilert Sundt, språkforskaren Ivar Aasen og historikaren Ernst Sars.
Liksom Ivar Aasen atterreiste det norske språket, sette Hermann Schirmer som mål å atterreise ein heilnorsk byggjeskikk. Han baserte seg i dette arbeidet på Ernst Sars’ tanke om ei ubroten indre line i historia vår: Om vi kom under Danmark, var den frie, sjølveigande bonden ein berar av norskdom.
Schirmer peika difor på arkitekturen hjå frie norske bønder, særleg storgardane i Gudbrandsdalen. Men det var ikkje nok. Schirmer gjekk lenger enn Ivar Aasen. Normannisk arkitektur i England var òg berar av norsk ånd, meinte han, og sende unge arkitekturstudentar til England i jakt på det norske. Men der fann dei noko heilt anna.
Det kjem fram i ei fersk doktorgradsavhandling: Konstruert kontinuitet. Hermann Schirmer og gjenreisningen av en nasjonal arkitektur av Bente Aass Solbakken, kurator ved Nasjonalmuseet.
– Schirmer har ein framskoten plass i norsk arkitekturhistorie som ein som varsla inn modernismen. I denne avhandlinga rokkar eg ved dette biletet. Eg argumenterer for at prosjektet hans var å atterreise arkitekturen frå mellomalderen, fortel Solbakken.
Tysk «infeksjon»
Slår du opp namnet Schirmer på nettet, får du vita kva Hermann Schirmer er kjend for: I 1912 vart han Noregs fyrste riksantikvar. Han var overlærar ved Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo. Men han du får flest treff på, er far hans, tyskaren Heinrich Ernst Schirmer, som er rekna som ein av dei viktigaste arkitektane i Noreg på 1800-talet.
Den tyske bakgrunnen til familien kjenneteiknar òg mykje av norsk byggjekunst i samtida. Det handla om byggverk i teglstein, ein tysk byggjemåte, og det handla om den såkalla historismen: Arkitektar plukka stildrag frå ulike tidsperiodar, særleg gotikk og renessanse. Ein tredjedel av norske arkitektar fødde mellom 1875 og 1885 tok utdanninga si i Tyskland.
Wilhelm von Hanno og Heinich E. Schirmers utkast til ny stortingsbygning fungerer som eit godt døme: eit gotisk slott i teglstein prydd med ei rad tårn, som reine ornament. Dei vann tevlinga, men vart likevel vraka på grunn av utforminga av stortingssalen.
Sonen hadde lite til overs for byggjestilen til faren – ein tysk «infeksjon». Endå om han sjølv utdanna seg i Tyskland, gjorde han heilomvending. Den unge Schirmer ville finne attende til ein opphavleg norsk stil. Tydde det fadermord?
Solbakken meiner det ikkje var så dramatisk:
– Det er freistande å trekkje konklusjonar baserte på Schirmers krakilske antityske sinnelag, men eg har ikkje funne noko som tyder på fiendskap mellom dei. Men når det er sagt: Schirmer var ein svært krevjande person – kolerisk, paranoid og konspiratorisk. Han hadde eit spent tilhøve til dei fleste.
Gudbrandsdalen
Kor som er, den unge Schirmer vart riven med av tidsånda: norskdom og venstresak.
Som lærar ved Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo gjorde han noko ingen hadde gjort før: Han sende studentane på ekskursjonar til Gudbrandsdalen.
Det hadde alt vore undersøkingar av bondebygningar i regi av Fortidsminneforeningen, men Schirmer leita etter ideal for framtida:
– I tråd med teoriane til den nære venen sin, Ernst Sars, oppfatta Schirmer bygningane som eldgamle, som eit ledd i ei kjede attende til ein nasjonal stordom. Der Sars såg på bonden som ein berar av nasjonalånd i nedgangstida til landet, såg Schirmer ein parallell i husa. Dei gamle bygningane inneheldt altså nasjonal og politisk kraft.
Sars baserte seg på Rudolf Keysers tanke om ei indre historieutvikling: den levande nasjonale ånda som fanst intakt hjå den frie odelsbonden. For arkitekturen tydde det reint praktisk: bort frå teglstein, inn med tre eller stein som byggjemateriale, bort med ornament. Sveitserstilen som etter kvart vart populær i Noreg, fnyste Schirmer av.
Kvinnesak
Men gardstun i Gudbrandsdalen var ikkje nok. Inspirert av ein fransk historikar, Eugèn Emmanuel Viollet-le-Duc, proklamerte Schirmer at normannisk arkitektur bar på ein samanhengande kontakt med ei norrøn fortid.
Normannarane erobra som kjent England i 1066 og spreidde normannisk kultur i øyriket. Eit anna viktig moment var det faktum at Nidarosdomen var bygd i normannisk stil.
Schirmer meinte unge norske arkitektar heller burde vende nasen vestetter – om så det var kritiske røyster i samtida. Ideane «hører hjemme i eventyret», skreiv antikvar Nicolay Nicolaysen.
Schirmer gjorde ord til handling: Han tok kontakt med engelske arkitektkontor og sytte for plass til norske studentar. Gjennom imponerande arkivgransking i Noreg og England har Solbakken laga ei oversikt over alle dei norske studentane som fekk opplæring ved engelske kontor. Ho har funne 16 nordmenn ved kontor i London, men talet for heile Storbritannia var truleg høgare.
Eit av dei mest interessante funna er Hjørdis Grøntoft. Som norsk kvinne var ho faktisk den andre kvinna som nokosinne vart teken opp på Royal Academy i London. Men på grunn av vantande økonomisk støtte frå Noreg måtte ho fara heim til Noreg att.
Schirmer, som sjølv var gift med ein tekstilkunstnar, dreiv nemleg tidleg ei form for kvinnesak.
– Schirmer var meir progressiv på dette punktet enn mange av sine samtidige. For det første var kvinnelege elevar med på studieturar. Brevvekslinga hans med tidlegare elevar som sleit med å få arbeid i ein mannsdominert arkitektonisk kultur, viser òg at han var positiv til praktiserande kvinnelege arkitektar. Ei anna stor gruppe kvinnelege elevar hjå Schirmer studerte tekstil. Fleire av dei enda med å jobbe saman med Schirmers ven Frida Hansen etter skulegangen. Denne sida av verksemda hans er enno ikkje undersøkt, fortel Solbakken.
Paradokset
Hadde Schirmer tenkt tankane sine femti år tidlegare, ville han ha råka blink, for då var ein nynormannisk stil i skotet i England. No var heilt andre stilartar på moten.
– For det fyrste møtte dei ein kultur der etterreformatorisk arkitektur ikkje berre var lovleg inspirasjon, men dei jobba òg på kontor som teikna i både Tudor-stil og nybarokk. Schirmer-elevane vart, paradoksalt nok, frigjorde frå den dogmatiske mellomalderdyrkinga til Schirmer gjennom å fylgje tilrådinga hans, seier Solbakken.
Men likevel finst det bygningar i Noreg som vitnar om dei særeigne tankane til Schirmer. Schirmer teikna sjølv ingen bygg i den nye stilen sin, men «en hird av yngre arkitekter så i ham føreren og gikk med ungdommens begeistring inn for ham», som kunsthistorikar Harry Fett skriv. Særleg galdt det favoritteleven Holger Sinding-Larsen.
Av schirmersk stil i dag nemner Solbakken Vålerenga kirke, teikna av Sinding-Larsen, Frogner kirke av Ivar Næss og Ole Steins Lademoen kirke. Også kraftstasjonar frå perioden er merkte av nynormannisk stil, som Kristian Biongs Langeråk kraftstasjon.
Modernist?
– Hadde Schirmer varig påverknad på norsk arkitektur? Kva med neste generasjon arkitektar att?
– Schirmers oppfatning om ein skadeleg tysk innverknad har i alle fall sett djupe spor i litteraturen om norsk arkitekturhistorie, der frigjeringa frå Tyskland gjerne får stor plass. Også generasjonen etter Sinding-Larsen, som Magnus Poulsson, Arnstein Arneberg, Georg Eliassen og Andreas Bjercke, oppfatta seg nok som delvis antityske. Men for denne generasjonen Schirmer-elevar var det ikkje kuren å reise til London, men faktisk til Stockholm.
– Schirmer skriv ein stad at han er kroitisk til ornament. Du kommenterer «Dette kan lese som et progressivt i retning modernismen, men like gjerne som en nostalgisk lengsel». Gav ikkje Schirmer historismen nådestøyten?
– Nei, tvert imot. Eg meiner Schirmers atterreisingsprosjekt bør forståast historistisk. Verksemda hans har parallellar til den såkalla engelske gothic revival. Ho bør sjåast i dette lyset heller enn å jamførast med den progressive arts and craft-rørsla, slik mange har gjort.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Schirmers oppfatning om ein skadeleg tysk innverknad har sett djupe spor.
Bente Aass Solbakken, kurator ved Nasjonalmuseet
Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.