Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Riksantikvaren har i Porsgrunn ein unik sjanse til å prove at den nye bystrategien hans ikkje er eit papirpåfunn, men reell politikk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Østre Porsgrunn kirke vart totalskadd i brann i 2011.

Foto: Per Eirik Hekkelstrand / NTB scanpix

3391
20170922
3391
20170922

Østre Porsgrunn kyrkje frå 1760 brann ned i 2011. Kyrkja var ein kjend profil i bybiletet, ei av Noregs største trekyrkjer og eit av få døme på rokokkokyrkjer i landet. Sidan 2011 har det gått føre seg ein kamp om ny kyrkje. Det kyrkjelege fellesrådet i Porsgrunn vil ha nybygg i modernistisk stil, medan to av tre innbyggjarar vil ha rekonstruksjon av den gamle kyrkja.

Saka har vekt nasjonal merksemd: Riksantikvar Jørn Holme tilrår rekonstruksjon, han meiner det vil vera «en viktig byreparasjon, der et sentralt element i bygningsmiljøet gjenskapes for å opprettholde byens historiske preg». Samtidig vil ei reising av eit lafta tømmerbygg vera eit verdfullt tilskot til handsverksopplæringa i Noreg, seier han.

Gufs frå marxismen

Om Riksantikvaren ikkje har noka formell rolle i striden, skulle ein tru at utfallet av kampen var trygt med denne fråsegna. Men nei. Siste nytt er at kommunen har gjeve ein «delvis igangssettingstillatelse for fundamenteringsarbeid» – trass i at sivilombodsmannen enno ikkje har kome med dom i saka.

Sivilombodsmannen skulle ha mangt å ta tak i. Prosessen har vore styrt av unnamanøvrar og vikarierande argument. Eg skal nemne eit av argumenta her: Den seinaste tida har striden handla om grunnmuren, gravkjellaren og kyrkjegarden, som stod att etter brannen. Grunnmuren og gravkjellaren utgjer om lag 20 prosent av heile kyrkjebygningen. Dei er eit kulturminne i seg sjølv, ikkje minst fordi gravene til to eidsvollsmenn ligg her. Hastverksvedtaket kommunen har gjort, vil innebera rasering av av både grunnmur og graver.

Ein har difor freista å få til ei fredingsvedtak på kulturminnet. Men Fylkeskommunen i Telemark avviser spørsmålet om freding med eit høgst besynderleg argument: Ved sida av arkeologisk materiale og utforming av gravminne er det «også vesentlig at kirkegården gjenspeiler historien til hele befolkningen og samfunnet, ikke bare de øverste klasser av samfunnet, men også de lavere klassene».

Alle veit då at det som finst bevart av eldre graver i Noreg, høyrer til den øvre sosiale klassen. Eit slik gufs frå dei marxistiske 60-åra fungerer ikkje i dag – enn om argumentet vart allmenngjeldande? Kva då med kongshaugane frå vikingtida? Vår Frelses gravlund i Oslo?

No er vi i tolvte time

Jørn Holmes syn på saka baserer seg på den nye bystrategien til forvaltninga: Ifylgje strategien for 2017–2020 ynskjer Riksantikvaren ein skjerpa bevaringspraksis i viktige historiske byområde, det vil seia meir tilpassing og mindre kontrast i historiske miljø. I andre land er rekonstruksjon meir og meir vanleg. Noreg heng etter.

Jørn Holme har òg uttala at han har avgjerdsrett til å frede kyrkjegarden. Då burde han òg gjera det. Den førre riksantikvaren, Nils Marstein, sette i gang ei mellombels freding av heile 190 eigedomar i Levanger for å stogge eit kontroversielt prosjekt.

Skal vi ha ein kulturminnepolitikk med faktiske konsekvensar, eller ein uforpliktande symbolpolitikk? Striden om Østre Porsgrunn kyrkje er ei av dei mest kontroversielle kulturminnesakene på mange tiår. No har Riksantikvaren eit unikt høve til å prove at bystrategien hans ikkje er eit papirpåfunn, men reell politikk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Prosessen har vore

styrt av unnamanøv-

rar og vikarierande

argument.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt

Feature

Arvingane til Amundsen

Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.

Hallgeir Opedal

Hovudaktørane bak Oslo-avtalen, då han blei signert i Parkveien 45 i Oslo. I midten sit tidlegare utanriksminister Johan Jørgen Holst og rett bak seg har han Israels dåverande utanriksminister Shimon Peres. Holst er flankert av den israelske forhandlingsleiaren Uri Savir (til høgre) og den palestinske motparten hans Abu Ala. Bak Peres står dei tre norske diplomatane som var mest aktive i dei hemmelege forhandlingane i Noreg i 1993: statssekretær Jan Egeland, Mona Juul og Terje Rød-Larsen.

Foto: Overvakingspolitiet / NTB

PolitikkSamfunn
Vidar Ystad

UD-dokument finst i israelske arkiv

Professor Hilde Henriksen Waage har i årevis jakta på dokument frå Oslo-prosessen som manglar i arkivet til Utanriksdepartementet. Nå har ho funne nokre av dei i israelske arkiv.

Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.

Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Den livsviktige satiren

Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.

Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Foto: Universitetet i Bergen

MinneordSamfunn
Svein Gjerdåker

Øyvind Vågnes (1972–2025)

«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»

I fleire år har Odd Nerdrum arbeidd med det store målarstykket «Tre menn i båt». Kunstnar Elisabeth Werp rosar verket, men juryen for Haustutstillinga i år er ikkje imponert.

Foto: Janne Møller-Hansen VG / NTB

KunstKultur

Femti års einsemd

Odd Nerdrum er aktuell med NRK-serien Familien Nerdrum. I 2021 skreiv Kaj Skagen om paradokset Nerdrum. Les dei tre artiklane her.

Kaj Skagen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis