JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Auge for stein

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2103
20171027
2103
20171027

Kommentar:

Av stein er ei bok som gjer noko med korleis du sjølv vil nytta synet ditt neste gong du fer langs vegane nord for Bergen.

Noko av det mest keisame eg dreiv med som dreng på ein vestlandsgard, var å stå eller liggja i innmarka og plukka og spa opp stein, stein som aldri stogga å trengja opp frå djupet. Som med alt anna sisyfosarbeid vart ein filosofisk: Kvar kjem all steinen frå?

Kva det vart av steinane, det er no grundig dokumentert i ei ny bok som er så poetisk som noko berre kan verta når utgangspunktet er av det mest handfaste slaget.

STEINRØYSA

Tre år etter storverket Norges låver er forfattar Eva Røyrane og fotograf Oppleiv Apneseth attende med Av stein, om byggverk av stein. Denne gongen ikkje landsdekkjande, men i hovudsak avgrensa til alle slag tørrmurar i dei ofte skogfattige kommunane mellom Bergen og Førde.

I eit land med tilnamnet «steinrøysa» er det eldste byggjematerialet så nærverande at me overser det, men poetane ser det, frå Paal-Helge Haugen og Helge Torvund til Arne Moslåtten med Hellbillies-songar som «Krasafaren steinbu» og «Pela stein». Like friske auge har Røyrane og Apneseth nytta i boka.

TØRRMUR

Tekstane er like stødige og til å lita på som ein tørrmur, medan fotografia gjer noko med korleis du sjølv vil nytta synet neste gong du fer langs vegane. Biletet av ein mosegrodd og halvt over- og gjennomgrodd steinmur i Gaular liknar til forveksling klassiske bilete frå tempelanlegget Angkor Wat i Kambodsja. Ein lang, tjukk og heile seks meter høg mur i ei stupbratt li står att og vitnar om korleis somme har vorte besett av stein. Revebåsar i heia og kastegardar langs kysten syner steinkonstruksjonar som vart nytta til jakt og fiske. Alt hadde vore vekke no om det ikkje hadde vore av stein.

Som med Norges låver har forlaget Skald i Leikanger levert ei dokumentasjonsbok av høg verdi. Grunngjevinga for å samla seg om steinbygg mellom Bergen og Førde er god. Men andre fylkeskommunar, til dømes Østfold og Rogaland, lyt no ta kontakt med forlaget og spørja vent om ikkje dei òg kan få ei steinbok som opnar auga.

HÅVARD REM

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis