Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

NRK Kulturnytt er lagt ned

– Det er ein del av ein lang nedprioritering av kultur i NRK, seier kulturforskar Georg Arnestad om at NRK ikkje lenger har eit eige program for kulturnyhende.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Hovudkontoret til NRK på Marienlyst byd på færre kulturprogram.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

5020
20170922

Bakgrunn

Eit utval av kulturprogram som har kome og gått:

NRK2: «Nasjonalgalleriet» ( 2015), «Lydverket» ( 2012), «Bokprogrammet» ( 2012), «Brenner og bøkene», framhald av Bokprogrammet, men  2016.

P2: «Kunstreisen» ( 2015), «Klar en klassiker» ( 2015), «Bok i P2» ( 2012), gjort om til «Kulturhuset bok» ( 2017), «Diktafon» ( 2017).

NRK

ronny@dagogtid.no

NRK er den ansvarlege kringkastaren vår, fri for kommersiell reklame og basert på statstilskot og lisenspengar. NRK byggjer på prinsippa til ein allmennkringkastar etter same modell som BBC. Folkopplysning er eit stort ord å ta i munnen, men forventninga er enno der om at kunnskap om alle felt i samfunnet skal liggje til grunn for programpostane i rikskringkastaren.

Difor er det med sorg at mange har oppdaga at Kulturnytt på P2 er forsvunnen frå eteren. Siste gong Kulturnytt stod meld opp som eigen post, var 21. august i år. Kulturnytt har no gått inn i Nyhetsmorgen.

– Det blir ikkje heilt det same, seier Georg Arnestad, kulturforskar og seniorrådgjevar ved Høgskulen på Vestlandet.

Han meiner nedlegginga av programmet som eigen post er ein del av ei lengre nedprioritering av kultur i NRK.

Kulturnytt no og før

Ser vi på historia til NRK Kulturnytt, kjem det fram at programmet gradvis har vorte nedprioritert. Kulturnytt har eksistert i over tjue år. Programmet starta opp i 1993. I mange år var det to daglege hovudsendingar, ein halvtime om morgonen, klokka åtte til halv ni, og éin time om ettermiddagen, frå klokka fire til fem. I 2014 vart programmet redusert til halvtimessendinga om morgonen. Den siste tida har Kulturnytt krympa inn til eit kvarter.

Eit toppunkt i historia til Kulturnytt var sendinga på fjernsynet – frå 2004 til det vart lagt ned som TV-sending desember 2009, fyrst gjennom to sendingar i veka på NRK1, deretter gjennom daglege sendingar på NRK2.

Kikar vi på føremålsparagrafane knytte til samfunnsoppdraget som Kulturdepartementet har vedteke for NRK, er det godt nok grunnlag for ein eigen nyhendepost for kultur. Paragraf 14 vektlegg «styrking av norsk språk, identitet og kultur», og seier vidare at «NRK skal formidle norsk kultur og en bred variasjon av norske kunstuttrykk fra mange ulike kunstnere, uavhengige miljøer og offentlige kulturinstitusjoner».

Protestar

Men NRK er ikkje eit statisk organ. Programpostar kjem og går. Dessutan finst det andre program på NRK P2 med kulturinnslag, som Kulturreportasjen.

Det blir ikkje det same, meiner Georg Arnestad.

– Eg kunne gjerne tenkje meg eit program med nytt frå kultursektoren. Då tenkjer eg sjølvsagt ikkje berre på kunstutstillingar og slikt, men kultursektoren i utvida tyding, altså nyhende frå og diskusjonar kring museumssektoren, Kulturrådet, om utdanningspolitikk, kulturarven og så bortetter, seier han og held fram:

– På den andre sida er både økonominytt og landbruksnytt og slikt for lengst borte. Og i år rauk kulturnytt ut. Berre sporten har no eigne nyheitssendingar. Det vil han ha til æveleg tid. Og kulturen får finne seg i å konkurrere med anna nytt.

Ein skal ikkje langt attende i tid før ein finn protestar mot nedlegging av andre kulturprogram. I mai aksjonerte Torgeir Rebolledo Pedersen og andre forfattarar mot at NRK P2s Diktafon vart lagd ned.

«Snømann som gud»

Men er det ikkje slik at praktisk orienterte nordmenn er mindre interesserte i kultur enn andre folk? Då eg budde i Madrid i 2002, vart eg overraska over eit av hovudinnslaga på den spanske laurdagsrevyen: ein halvtimes sending vigd den heller mindre kjende forfattaren Luís Cernuda.

Eit hovudinnslag på norsk laurdagsrevy om Olaf Bull eller Olav Nygard får vi neppe oppleva. Men å sjå mange av idrettsinnslaga frå Søndagsrevyen NRK1 gjentekne i Sportsrevyen rett etterpå, stussar vi ikkje over. Apropos Olaf Bull – han jamfører kulturtradisjonane i Sør-Europa med dei norske: «Nordmændene har en snømand til gud», var kommentaren hans.

Ein treng ikkje ta sterke ord i munnen, men medieforskarar meiner at NRKs kultursatsing kunne vore meir solid. Gunn Enli, fyrsteamanuensis ved Institutt for medier og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo, har ikkje sett seg inn i endringane knytte til Kulturnytt, men ho ser ein negativ tendens i kulturprogramma på NRK: Dei blir pakka inn i magasin. Det tilseier ein kommersiell logikk der ein skaper ein flyt, der målet er å ha lyttarane lengst mogeleg.

Her kan vi heller lære av det dei gjer i andre land, seier ho:

– Det er krevjande å laga tydelege kulturformat med brei appell, men det er ikkje umogeleg. Sveriges Television har meir sjølvtillit og tolmod til å la kulturprogram utvikle seg over tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Sveriges Television har meir sjølvtillit og tolmod til å la kulturprogram utvikle seg over tid.

Gunn Enli, medieforskar

– Eg kunne gjerne tenkje meg eit program med nytt frå heile kultursektoren.

Georg Arnestad, kulturforskar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt

Feature

Arvingane til Amundsen

Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.

Hallgeir Opedal

Hovudaktørane bak Oslo-avtalen, då han blei signert i Parkveien 45 i Oslo. I midten sit tidlegare utanriksminister Johan Jørgen Holst og rett bak seg har han Israels dåverande utanriksminister Shimon Peres. Holst er flankert av den israelske forhandlingsleiaren Uri Savir (til høgre) og den palestinske motparten hans Abu Ala. Bak Peres står dei tre norske diplomatane som var mest aktive i dei hemmelege forhandlingane i Noreg i 1993: statssekretær Jan Egeland, Mona Juul og Terje Rød-Larsen.

Foto: Overvakingspolitiet / NTB

PolitikkSamfunn
Vidar Ystad

UD-dokument finst i israelske arkiv

Professor Hilde Henriksen Waage har i årevis jakta på dokument frå Oslo-prosessen som manglar i arkivet til Utanriksdepartementet. Nå har ho funne nokre av dei i israelske arkiv.

Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.

Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB

KommentarSamfunn
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Den livsviktige satiren

Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.

Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Foto: Universitetet i Bergen

MinneordSamfunn
Svein Gjerdåker

Øyvind Vågnes (1972–2025)

«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»

I fleire år har Odd Nerdrum arbeidd med det store målarstykket «Tre menn i båt». Kunstnar Elisabeth Werp rosar verket, men juryen for Haustutstillinga i år er ikkje imponert.

Foto: Janne Møller-Hansen VG / NTB

KunstKultur

Femti års einsemd

Odd Nerdrum er aktuell med NRK-serien Familien Nerdrum. I 2021 skreiv Kaj Skagen om paradokset Nerdrum. Les dei tre artiklane her.

Kaj Skagen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis