JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Eit guddomleg dilemma

Etter 65 teaterframsyningar kan regissør Katrine Wiedemann stundom hate teateret. Men ho klarer ikkje å halde seg unna det.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
– Teateret krev at eg går 100 prosent inn i alt eg gjer. Fordi det krev mykje, kan eg verkeleg også hate teateret, seier Katrine Wiedemann som er ein kjent regissør i Danmark.– Teateret krev at eg går 100 prosent inn i alt eg gjer. Fordi det krev mykje, kan eg verkeleg også hate teateret, seier Katrine Wiedemann som er ein kjent regissør i Danmark.

Foto: Elise Løvereide

6518
20171006

Bakgrunn

Katrine Wiedemann

Fødd 11. februar 1969 i København

Av teaterframsyningar på merittlista står Peer Gynt, Hamlet, Macbeth, Pinocchios aske og Romeo & Julia

Debuterte som forfattar i 2016 med boka Ved gudernes bord – om den umulige og nødvendige kunst

Skriv stundom kommentarar for danske aviser, inkludert Institutionen

Aktuell med teaterstykket Det gode menneske fra Sezuan, som hadde premiere på Den Nationale Scene i Bergen 15. september

Teater

elovereide@gmail.com

– Vi må snakke ein stad der dei har vin, seier den kjende danske regissøren Katrine Wiedemann utanfor teateret i Bergen.

– Det har vore ein intens dag.

Den 15. september hadde Det gode mennesket fra Sezuan premiere på Den Nationale Scene, med Ane Skumsvoll i hovudrolla som nettopp det gode mennesket. Dramaet byggjer på ei kinesisk legende som i 1942 vart dikta av den tyske dramatikaren Bertolt Brecht: Tre gudar søkjer husrom på jorda for å leite etter gode menneske. Den einaste som tilbyr dei ly, er den prostituerte Shen Te. Som takk gir gudane henne eit stort pengebeløp. Etterpå må ho stå til rette for gudane. Er Shen Te framleis god, eller har pengane gjort henne vond?

Klassiske meisterverk

Det er første gongen Wiedemann jobbar med teater i Noreg. Ho er ein av dei mest kjende instruktørane i heimlandet og har hatt teaterframsyningar både i Sverige og i Tyskland. Men tenåringsdøtrene hennar tykte godt om at jobben no førte henne til Noreg, heimlandet til NRK-serien Skam.

Skam er vel litt annleis enn det klassiske dramaet du jobbar med no?

– Ja, men Skam har god dramatikk og byggjer på dei same dramaturgiske reglane. Begge er komplekse, men samstundes forståelege. Eg har jobba med mange klassiske meisterverk, alt frå Ibsen til Shakespeare. Det som er positivt med klassikarane, er at dei også kan skildre tida vår svært godt, seier Wiedemann og utdjupar:

– I klassikarane ligg det ei djup forståing av verda som er nyttig i analysen av notida. Medan samtida vår ofte kan vere ganske forvirrande, går dei klassiske stykka til botns i evige problemstillingar – kva mennesket er: død, fødsel, makt, kjærleik, drifter. På ein måte er ikkje desse problemstillingane nye. Det kan vere roande, fordi vi veit at vi har hatt den same kampen før.

– Dei gode blir utnytta

I alle drama meiner Wiedemann at det finst eit evig motsetningsforhold mellom det gode og det å overleve i ei hard og brutal verd. Ho vil ikkje kalle det vondskap. Ho meiner det handlar mest om overleving og utnytting.

– Det er ikkje særleg gode vilkår for å vere god i denne verda. For å overleve må du agere på kompromiss og egoisme. Det gode mennesket fra Sezuan stiller spørsmål ved det å vere god. Å berre vere god opnar opp for utnytting.

Når Shen Te bruker pengane ho får, på å starte ei tobakkforretning og etter kvart ein fabrikk, utnyttar alle godviljen hennar. Ho gir utan å krevje motytingar, og venner og fattige snyltar. For å handtere dei, kler Shen Te seg ut som den vonde fetteren.

– Shen Te splittar seg i to for å overleve og for å beskytte barnet ho har i magen, forklarer Wiedemann.

– Men ho er ikkje eit offer. Eg orkar ikkje å sjå ei kvinne som eit offer. Sjølv om ho blir utnytta, er ho ikkje sjølvutslettande. Shen Te er ei sterk og hardtarbeidande kvinne som møter mange utfordringar. Eg trur folk kan kjenne seg att i henne. Eg kjenner meg i alle fall att i draumane, lengslene og sympatiane hennar.

Politisk teater

– Kva trur du er årsaka til at det einaste gode mennesket gudane finn, er ei prostituert?

– Det handlar vel om at ho er nedst i samfunnet, at ho har minst å tape. Dette er eit politisk teaterstykke. Brecht var kommunist og ønskte seg revolusjon; han meinte at kapitalisme skapte vondskap. Men hadde stykket vore politisk propaganda, ville ingen ha spelt det. Eg gjer ikkje dette for å få fram ein politisk bodskap. Brecht tar opp eit dilemma, utan å komme med svar, seier Wiedemann.

Dilemmaet er at kapitalismen kan påverke moralen til mennesket?

– Han seier at skal du ha brød på bordet, må du kunne gå på akkord med ideala dine. Stykket har ein bibelsk parallell, og gjer oss merksame på korleis dei svakaste også kan vere dei beste. Eg meiner at Det gode mennesket fra Sezuan er aktuelt fordi vi lever i ei verd som er meir kapitalistisk enn nokosinne. Pengar står sentralt i tilværet, og på éin måte er det dei same mekanismane som før. No byrjar folk å etterlyse nye verdiar som motsvar til materialisme og kapitalisme. Det er ikkje nok å drive verda på økonomiske interesser.

200 flagg

Wiedemann vedgår at ho ikkje er så interessert i historie. Ho vil presentere teater for moderne auge. At Brecht skreiv om Shen Te under andre verdskrigen, tenkjer ho ikkje så mykje på.

– Eg er meir oppteken av framtida. Men samstundes tenkjer eg at under krigen stod dei på randa økonomisk, dei hadde ikkje velstanden vi har i dag. Moderne drama inneheld difor meir angst og fleire psykologiske portrett. Vi lever i ein slags angstkultur med mykje fokus på individ og på det sjølvdestruktive. Klassikarane har derimot eit makroperspektiv, seier Wiedemann.

– Det mest radikale grepet vi har gjort i dette stykket, er å plassere 200 flagg frå verdas land på scena. Sezuan er ein fiktiv stad, men flagga viser at Sezuan kan vere kor som helst.

Elskar og hatar

Katrine Wiedemann har 65 teaterstykke bak seg. Til dansk media har ho sagt at ho både elskar og hatar teateret, og at ho går så djupt inn i tekstane at ho «blir sjuk».

– Eg har ein djup kjærleik til teateret, og bruker mykje krefter på det. Difor kan eg også verkeleg hate det. Teater er intenst. Av og til ønskjer eg meg heilt vekk. Det er mange søvnlause netter. For meg er teateret som rus, eg klarer ikkje stoppe. Samstundes blir eg meir og meir sjølvkritisk og når ikkje lenger opp til eigne forventningar.

Meldingar har ho slutte å lese for lenge sidan. Meiningane til døtrene er mykje viktigare. Dei er dessutan eit ærleg publikum. I fjor gav Wiedemann ut boka Ved gudernes bord, der ho reflekterer over livet med teateret.

– Teateret krev at eg går 100 prosent inn i alt eg gjer. Eg gjer det ikkje for pengar, eg er ingen Damien Hirst. Det hadde vore heilt feil om eg blei rik av kunsten. Det er ein reinleik og ein idealisme i kunst som appellerer til meg, avsluttar Wiedemann.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Det er ikkje særleg gode vilkår for å vere god i denne verda.

Katrine Wiedemann, teaterregissør

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis