Biskop Sunniva
Då Jorge Bergoglio vart pave, tok han namnet til Frans av Assisi. Skulle den nyslåtte biskopen Kari Veiteberg velja eit helgennamn, måtte det bli Sunniva av Selje.
Kystkvinne på Austlandet: komande biskop i Oslo bispedømme Kari Veiteberg i Oslo Domkirke.Kystkvinne på Austlandet: komande biskop i Oslo bispedømme Kari Veiteberg i Oslo Domkirke.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Bakgrunn
Kari Veiteberg (f. 1961)
Teolog, prest og forfattar frå Stord
Bymisjonsprest ved Bymisjonssenteret Tøyenkirken
Frå desember tiltrer ho som ny biskop i Oslo bispedømme

DEN NORSKE KYRKJA
ronny@dagogtid.no
Kvifor St. Sunniva? Jau, fordi Sunniva av Selja er kvinne, akkurat som Kari Veiteberg, og ho står for noko som Veiteberg kan identifisere seg med: det fredsame og ikkje minst det vestnorske.
Kari Veiteberg, som er oppvaksen, på Stord, vart utnemnd som ny biskop i Oslo for nokre veker sidan. Etter utnemninga har ho vore på framsidene i aviser og på fjernsyn: Ho er biskopen for dei fattige og huslause, ho er gatas biskop. Der fylgjer ho faktisk i fotspora til Frans av Assisi – venen til dei fattige og sjuke, talsmannen for fattigdomsidealet.
Veiteberg seier at kyrkja skal vera «lys og salt» i Oslo og i verda. Då Oslos bystyre for nokre år sidan vedtok ei innstramming av forbodsvedtaket om å sova ute, deltok Veiteberg i ein sivil ulydnadsaksjon. Veiteberg, som har bakgrunn i Kirkens bymisjon, ser ikkje bort frå at det kan skje att.
Men i samanhengen vår interesserer vi oss for Veiteberg som Oslos St. Sunniva. Det er nemleg fyrste gong at ei kvinne blir biskop i Oslo, og ikkje minst: Denne biskopen er vestlending og har nynorsk som hovudmål.
Elias Blix
Vi tek i dette intervjuet dei tre nemnde punkta – det at ho er kvinne, det fredsame og det vestnorske – eitt for eitt. Veiteberg har sjølvsagt ikkje vorte forfylgt for den kvinnelege naturen sin, slik Sunniva av Selja, den namngjetne kongsdottera frå Irland som rømde til Noreg frå valdsmenn i heimlandet, vart.
Men Veiteberg opplevde likevel motstand i byrjinga av karrieren som prest. Då ho studerte teologi, var det uaktuelt for biskopen å ordinere henne på heimstaden, på Stord. Han som den gong var biskop i Bjørgvin bispedømme, var imot kvinnelege prestar. Veiteberg reiste til Trondheim og Nidarosdomen og vart ordinert der.
– Dette var på åttitalet, og hjå ein del kystfolk sat det langt inne å venja seg til at ei kvinne verka som prest, fortel Veiteberg.
Sidan den gongen har Veiteberg arbeidd fleire stader som prest, mellom anna i Gildeskål, heimstaden til ein av dei nynorske føregangsmennene i kyrkja, Elias Blix.
Striden hans for nynorsken er ein kamp Veiteberg kan identifisere seg med. Som kjent vart salmane til Blix fyrst godkjende i Nord-Noreg lenge etter godkjenning i andre landsdelar.
– Det handlar om å våge å vera stolt av språket sitt. Gildeskålværingane spegla kanskje det ein del nynorskingar sa då Bibelen kom på nynorsk: «Det var kjøkenspråket, dette målet kunne ikkje Gud tala!» I dag er det sjølvsagt annleis. Folk i Gildeskål er krye over dei nynorske salmane til sambygdingen. Men kampen til Blix har parallellar til draumen om å høyre morsmålet i kyrkja. No gjeld det sør- og nordsamisk og kvensk.
– Du opplever ikkje fordomar mot nynorsk når du talar målforma di i Oslo?
– Nei, slett ikkje. No er det slik at eg rettar meg etter det som kyrkjelyden har vedteke som liturgispråk. I Oslo bispedøme er det bokmål som gjeld i alle kyrkjelydar. Men det tyder ikkje at eg slavisk held meg til bokmålet. I preikene talar eg mitt eige mål, som er nynorsk, og det hender at eg blir oppmoda av kyrkjelyden om å lesa opp frå nynorskomsetjinga av Bibelen når det er opplesing av Den heilage skrifta, for det kling betre med talemålet mitt.
Kikar du på intervju som er gjorde med Veiteberg i seinare tid, ser du at ho ikkje berre nyttar nynorsk på oppmoding: Målidentiteten er viktig for henne. 23. september vart ho intervjua i Dagsavisen. Intervjuaren skreiv bokmål, medan Veiteberg svara på nynorsk og syrgde for at svara stod på nynorsk i den trykte versjonen.
St. Sunniva
– Eg har alltid vore fascinert av forteljingane kring St. Sunniva, og forteljingane om andre irske og skotske jenter som fylgde i fotspora hennar til Noreg i norrøn tid. Mellom dei var det kristne kvinner som arbeidde som tenestejenter. Dei formidla kristentru gjennom voggesongar. Det gjekk føre seg med ro og fredsemd. Jan Erik Rekdal, professor i irsk ved Universitetet i Oslo, meiner sunnivamyten viser ein sterk og vedvarande påverknad frå det gæliske området på norrøn kultur. Eg er samd. For meg står St. Sunniva for andre verdiar enn dei som ofte blir vektlagde rundt den sverdsvingande Heilag-Olav.
– No talar du om ein vestnorsk, kystbasert kyrkjetradisjon. Er det ikkje vanskeleg å fremja denne kulturen for innlandsfolk i Oslo?
– Nei, for Oslos skytshelgen, St. Hallvard, står for liknande verdiar: Helgenen som ofra livet sitt for ei gravid trælkvinne.
Og samtidig strekar Veiteberg under at det godt går an å vera kystkvinne i Oslo. Sjølv bur ho på Sørenga og tek seg eit bad kvar sundag. Det gjer ho heile året. Det er enno ikkje avgjort om ho vil flytte inn til bispebustaden som ligg ved Blindern, når ho blir vigsla til teneste som biskop 17. desember.
Nynorsk
Veiteberg er òg kjend som forfattar. Ho har skrive fleire bøker. To av dei handlar om kvinner i Bibelen, og dei har begge har kome ut på Samlaget.
Ho har eit medvite tilhøve til språk. Nokre har bite seg merke i at ho for tida tek fagforfattarstudiet ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Og då ho arbeidde med doktorgraden sin frå 2006, Kunsten å framføre gudstenester. Dåp i den norske kyrkja, var teaterfaget ei inspirasjonskjelde. Ja, ho har i tillegg til den teologiske doktorgrada eit mellomfag i teatervitskap ved UiO.
Veiteberg forklårar interessa for litteratur i teologisk arbeid.
– Kva gjorde Jesus? Jau, han nytta forteljingar til å bringe over bodskapane sine. Eg nyttar òg forteljingar når eg deler det eg ser og det eg røyner. I arbeidet med doktorgraden, der dåpsliturgien stod i sentrum, gav teaterfaget meg høve til å sjå dåpen i ein større samanheng: Det handlar om å kommunisere med fleire sansar, ikkje berre øyra som høyrer, men òg auga som ser. Forfattarstudiet eg fylgjer, gjer meg skjerpa til å uttrykkje meg gjennom forteljingar. Det gjeld ikkje berre i liturgien i kyrkja, men òg i media.
Her kjem nynorsken inn som ein inspirasjon, seier den komande biskopen:
– Nynorsken tillèt ikkje same graden av substantivering som bokmålet. Kjennemerket ved nynorsken er det korthogde og det verbale. Og det høver språket mitt godt. Det skal vera enkelt og lett forståeleg.
Eg spør til slutt kva nynorskomsetjing av Bibelen ho likar best:
– Den gamle Seippel-Bibelen frå 1921 er inspirerande. Den fekk ein renessanse med Bodil Cappelens og Olav H. Hauges Bilete og tekstar frå Det gamle testamentet frå 1993. Eg nytta sjølv ein av illustrasjonane hennar til ei av bøkene mine, Kvinner i Bibelen. Men likevel meiner eg den siste bibelomsetjinga er den beste. Det er nettopp fordi ikkje berre teologar, men òg skjønnlitterære forfattarar fekk vera med i arbeidet, samtidig som dei tok omsyn til oppdatert forsking på Bibelen, meiner den nye biskopen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Kjennemerket ved nynorsken er det korthogde
og det verbale. Det høver språket mitt godt. Det
skal vera enkelt og lett forståeleg.
Kari Veiteberg, biskop
Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.