JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kultur

Dei gløymde kvinnene

Kvinner blir viska ut av historia, meiner Solveig Aareskjold. No er ho aktuell med boka Astridene – om kvinnene i livet til Olav Tryggvason.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6267
20171013

Bakgrunn

Solveig Aareskjold

Fødd 19. juli 1949 i Høyland, Rogaland

Debuterte med boka Det indre tempel i 1987

Spaltist i Klassekampen med spalta «Solveigs Salt»

I 2014 gav ho ut boka Lesebok for jenter, og ho har tidlegare skrive essaysamlinga Kyss meg i diskursen

Litteratur

elovereide@gmail.com

Namnet hennar var Astrid. Ho var kongsdotter og dronning, men enda som slave då sjørøvarar tok henne og sonen Olav til fange. Mor og son vart skilde. Ein dag kjende ein mann att Astrid, og frigjorde henne gjennom ei truloving. Folk såg på dette som at han hadde gjort ein god avtale. Astrid var jo trass alt kongsdotter.

– Alt her går vi inn i kjernen av norrøn tid: Folk hadde bevegande liv. Sjølv om ein vart slave og flyktning, kunne ein kome seg opp att til overklassen. Astrid var den ho var, uansett kva som hende med henne, fortel forfattaren.

Aareskjold, som er busett i Sandnes, har vore forfattar i fleire tiår og skriv fast i Klassekampen om kultur og samfunn i laurdagsspalta «Solveigs Salt».

– Æresdrap på kvinner, slik det skjer i visse muslimske miljø i dag, fanst ikkje i norrøn tid, ifølgje kjeldene våre. Det var vanskeleg for historikarane på 1800-talet å forstå at sex ikkje var ureint, og at kvinner hadde såpass mykje makt. Dette orka dei rett og slett ikkje å ta tak i, seier Aareskjold.

Halvparten til Fløya

Ho viser til Snorre-sogene der det mellom anna står at halvparten av dei falne krigarane kom til Frøya i etterlivet, den andre halvparten til Odin. Kongar og dronningar delte styringa av riket og hadde kvar sin hær. Kvinner kunne dessutan skilje seg, gifte seg om att og eige jord.

– Snorre Sturlason var kristen og levde i ei tid der kvinnene hadde fått mindre makt. Difor er det rart å skulle tvile på det han skriv. Kvifor har historikarar trudd på det som står om menn i sogene, men tvilt på det som står om kvinner? spør Aareskjold.

I desse dagar har avisene skrive mykje om ei krigsgrav frå 900-talet. På grunn av funna i grava har arkeologar heilt sidan 1800-talet konkludert med at personen var ein militær leiar, og at grava difor tilhøyrde ein mann. Men DNA-analysar har nyleg vist at personen var ei kvinne.

– Det er vanskeleg å vite sikkert om kvinnene som er funne, faktisk har vore krigarar, men det er interessant at dei automatisk har blitt tatt for å vere menn, fortel Aareskjold.

Kravde ære

Men korleis var eigentleg kjønnsrollene i norrøn tid? Ifølgje Aareskjold hadde samfunnet ei anna forståing av ære enn vi har i dag.

– Det lèt ikkje til at mennene var opptekne av å ha makt til å avgrense kvinnene. Dei ønskte kvinner som var fulle av futt og fres. Som viking skulle du markere deg som ein person med integritet, ein som ikkje lét seg rokke. Mennene likte kvinner som ikkje lét seg føye, og som dei måtte passe seg for, seier ho, og nemner Sigrid Storråde som døme på ei frykta dame.

– Mennene hadde framleis definisjonsmakta på korleis kvinnene burde vere?

– Ikkje nødvendigvis. Det kunne like gjerne vere kvinnene som definerte seg sjølve, og at mennene syntest dette var stas. Kvinnene kravde ære på same måte som mennene. Begge ønskte dei same eigenskapane: ære, kjærleik og det å ha det godt i heimen. Men historikarane trur at kvinnene berre ville lage mat.

Slaget ved Svolder

Før kristninga var det ikkje prestane eller kyrkja som definerte kva som var ærefullt. Det var ofte kvinnene som forvalta verdiane og reglane i samfunnet. Dersom mennene ikkje gjorde som dei burde, egga kvinnene dei.

– Med egginga minte kvinnene dei på kva ansvar dei hadde i samfunnet. Kvinnene bringa ikkje skam over familien. Æra gjekk meir ut over mennene gjennom holmgangen.

Systera til Olav heitte også Astrid. For å bli konge var Olav avhengig av at Astrid gifta seg med Erling Skjalgsson, for på Vestlandet ville ikkje stormennene akseptera han utan dette giftarmålet. Olav sjølv vart gift to gongar med regjerande dronningar, først Gudrun Skjeggesdatter Geira, deretter dronning Gyda, som han delte makta med.

– Det var dessutan kvinner som styrte slaget ved Svolder ved å nytte mennene som sjakkbrikker. Olav Tryggvason tapte slaget, og éin myte fortel at han vart berga i sjøen av svigerinna, som også heitte Astrid. Olav hadde uansett aldri kome dit han var utan kvinner, slår forfattaren fast.

Kroppen var din eigen

For Aareskjold har erfaringa som litteraturvitar vore nyttig. Men det er først og fremst bondebakgrunnen som pregar bøkene hennar. Ho voks opp på ein gard i Rogaland og høyrde, som alle andre, nesten berre om kvinneundertrykking og mannlege heltar frå historia. Dette kjende ho ikkje att frå lokalhistoria.

– Både historikarar, lærarar og feministar er mest interesserte i å høyre om kvinnemishandling, medan soga fortel om sterke kvinner. Dette blar dei fort forbi, meiner Aareskjold.

– Men dei vart vel ikkje heilt likestilte heller?

– Eg liker betre ordet maktfordeling. Likestilling er eit moderne omgrep. Det fanst eit rangsystem der slavar vart undertrykte, og det var ein aggressiv kultur. I staden for å syte hemna ein seg for å kome tilbake i likevekt. I norrøn tid eksisterte det absolutt ei arbeidsdeling mellom kjønna, men kroppen var din eigen, seier ho og held fram:

– Den tredje kona til Olav Tryggvason vart tvangsgifta med ein konge som ho prøvde å drepe på bryllaupsnatta. Etterpå drog ho heim. Det vart inga straff på henne, fordi folk meinte at om han ikkje hadde klart å forføre henne på bryllaupsnatta, kunne han berre ha det så godt.

– Menn må bli modigare

I dag meiner Aareskjold at maktfordelinga er meir ujamn, og at menn er for pysete omkring sterke kvinner.

– Menn må slutte å vere redde kvinner dei ikkje kan kontrollere. Ofte seier dei at dei støttar kvinner, men dei vil ikkje at kvinnene skal vere flinkare enn dei, for då blir det så vanskeleg. I tillegg lever kvinner i eit venleiksslaveri for å bli likt av menn. Det er mange røyster som snakkar i vår tid. For å byggje identitet er det ein føresetnad at jenter i dag kjenner si eiga historie.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Kvifor har historikarar trudd på det som står om menn i sogene, men tvilt på det som står om kvinner?

Solveig Aareskjold, forfattar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis