På feilspor etter lukka
Marthe Valle ønskjer å gjere noko med uroa som fører til psykiske helseproblem hos mange unge. Ho har utforska omgrepet på plata RO/URO.
Marthe Valle ville finne skilnaden på eiga uro og uroa ho møtte i psykiatrien.
Foto: Jens Kristian Rimau
Bakgrunn
Marthe Valle
Ho vart fødd i Harstad i 1982.
Ho bur i Bergen, har kjærast og ei dotter.
Ho er utdanna sjukepleiar ved Høgskolen Betanien.
Debutplata It’s a Bag of Candy kom i 2005, og ho har gjeve ut seks album.

Musikk
mone@dagogtid.no
– Rastløyse og uro er ei drivkraft når eg skaper og produserer musikk, seier Marthe Valle.
Som sjukepleiar i psykiatrien fekk ho oppleve at omgrepet uro stadig dukka opp att. Då ho var nøydd til å gje utagerande pasientar roande medisinar, vart årsaka gjerne loggført som «uro».
– Eg vart gåande og tenkje på kva denne uroa eigentleg er, og fekk eit ønske om å finne ut av mi eiga uro, seier ho.
Valle er åleinemor til ei dotter, artist og sjukepleiar. Ho lever eit uroleg liv. Når ho tek telefonen, står ho og lagar mat, før ho skal nå bussen.
Forbetringsprosjekt
– Tida eg har saman med dotter mi, er den personlege lukka for meg. Det er viktig å vise henne at eg ikkje må vere påkopla heile tida. Noko av det finaste eg veit, er å vere på fjellet eller på toget utan dekning. Først kjem stressreaksjonen: Eg er utilgjengeleg. Men så kjem roa. Eg trur ro og lukke heng saman. Og eg er takksam for at eg vaks opp utan mobiltelefon. Å skulle verne barn frå telefonverda er som å stå med to kvistar og skulle stoppe ei brestande demning, seier Valle.
Den nye plata er både eit plateprosjekt og eit bestillingsverk for Festspela i Nord-Noreg i år.
– Ideen kom først, men prosjektet vart til saman med festspela. Eg har fått med meg tre andre tekstforfattarar for å få utforska uro-omgrepet frå fleire synspunkt.
– Kva uroar deg?
– Mykje. Gjennom sosiale medium vert eg mint på at andre sine liv ser ut til å romme meir enn mitt eige. Vi lever i ei tid då alt handlar om oss sjølv, og vi skal vere ansvarlege for eiga lukke. Vi har konstante forbetringsprosjekt som må på plass før vi kan tillate oss å kjenne på at det er godt nok. Det er eit feilspor som gjer oss ulukkelege. Depresjon har vorte ein folkesjukdom i Noreg. Vi leiter etter svara i oss sjølv og gløymer kva vi skal vere for kvarandre. Einsemd var ofte til stades i tekstene på plata, og eg måtte inn i kjensla og finne ut kva ho handla om. Det vart tungt å skrive. Og eg måtte konfrontere meg sjølv med at eg valde å distrahere meg bort frå problemet. Eg såg gjerne ein serie eller logga meg inn på sosiale medium i staden. Det er vanskeleg å vedgå at ein er einsam. Då har ein ikkje lukkast.
– Er du ofte einsam?
– Einsemda har kome og gått heile livet. Å sitje åleine og skrive musikk er med på å forverre det. Men det er terapi i å arbeide med denne tematikken, sjølv om det er slitsamt å lage eit så personleg produkt. Skal eg stå og snakke til ungdom om at ein er bra nok som ein er, må eg leve etter det same. Men det å skulle gje ut eigen musikk kjennest som å stå i eit fullsett rom og rope etter merksemd.
Skape dialog
Valle har nemleg starta eit pilotprosjekt for ungdom saman med Sanitetskvinnene i Bergen. Ho skal nytte RO/URO til å skape ein dialog med ungdom om psykisk helse.
– Du skal vitje ein skule som scora dårleg på ungdataundersøkinga om levekår for unge. Kvifor slit stadig fleire?
– Det kan vere ein konsekvens av gode levevilkår. Eg er redd vi sjukeleggjer bølgjedalane i livet, at helsevesenet ikkje har tid til å lytte ordentleg og gje ungdommane ei forståing av kva som er normalt. Det handlar ofte om mangel på røynsle. Dei veit ikkje at den tunge perioden går over. Ein av rådgjevarane på skulen fortalde meg at dei ikkje lenger klarte å bu elevane på motstand i livet. Svært mange ungdommar meinte dei hadde angst. Og antidepressivbruken blant unge under 18 år stig kraftig.
– Meiner du at unge slit fordi dei ikkje har røynsle nok til å vite at det går over?
– Nei. Men eg trur mange treng ei betre forståing av kva som er normalt, og kva som er sjukdom.
– Ventar vi for mykje av livet?
– Eg trur vi har feil forventingar. Ein tek ikkje høgd for at det ikkje er mogleg å oppnå ein permanent lukketilstand. Eg har tenkt: Kva om livsperspektivet mitt berre skulle handle om meg? Det hadde vorte lett å tenkje at livet skulda meg noko. Og vanskelegare å akseptere at det ikkje stemmer.
Reiskapen
Marthe Valle vaks opp i Harstad saman med foreldra og tre sysken. Ho gjekk på musikkskule og byrja både i kor og i band på ungdomsskulen. Far hennar var med på å starte tensingmiljøet i byen.
– Eg vaks opp i ein musikalsk heim, men eg klarte aldri å lære meg notar. Eg lærer betre på gehør, og det største var å få lage noko sjølv. Då eg seinare skulle ta utdanning, vart eg gåande i mislukka studiar utan retning. Eg greidde ikkje sleppe ønsket om å satse på musikk.
– Men du utdanna deg til sjukepleiar.
– Ja. Eg vart åleinemor til dotter mi då ho var eitt år gammal. Det sette grenser for livet som reisande musikar, og livssituasjonen min vart tøffare. Eg hadde nett flytta til Bergen, gjekk gjennom eit vanskeleg samlivsbrot og var plutseleg åleine i ein by som ikkje var min. Eg byrja å tenkje kynisk, at eg måtte lage noko berre for å tene pengar. Då mista eg meg sjølv litt. Men eg hadde hatt ekstrajobbar i helsevesenet då eg var yngre, og visste at eg treivst. Eg er takksam for sjukepleiarjobben, han hjelper meg med å halde på perspektivet. Det kan vere krevjande å jobbe i psykiatrien, men eg trur ikkje eg nokon gong har gått heim for dagen utan å tenkje at det har vore meiningsfylt.
Valle vart kjend då ho gav ut debutplata It’s a Bag of Candy og vart årets nykomar under Spelemannsprisen i 2005. Ho var finalist i programmet X-faktor i 2010 og deltok i Melodi Grand Prix i 2012. Attåt har ho aktivt nytta stemma si i samfunnsdebatten, i saker om kroppspress i VG og gått mot Sylvi Listhaug i flyktningdebatten. Då flyktningstraumen vaks, reiste Valle til Lesbos og starta akuttklinikk saman med ei veninne. I år stod ho bak det norske oppropet mot Donald Trumps avgjerd om å gjere Jerusalem til hovudstad i Israel.
– Som artist har ein eit særskilt ansvar for stemma ein bruker offentleg. Eg hadde ikkje følt meg komfortabel i kommersielle samanhengar utan. Og det er viktig for meg å nytte musikken som reiskap.
– Har du alltid nytta musikken slik?
– Nei. I 20-åra var det berre kult å vere musikar. Dei fem åra etter at den første EP-en kom ut, sat eg som regel i ein dårleg bil på veg til ein ny spelestad. Endringa kom då eg la om frå engelsk til norsk. Det stilte krav til kva eg eigentleg ville seie. Det var lettare å sleppe unna på engelsk, då trong ikkje tekstene å handle om så mykje. Målet mitt er at musikken skal bety noko i andre sine liv og gjere det litt betre for dei som lyttar. Eg vel å nytte musikken min politisk, for han er ikkje kommersiell. Då vert det vanskelegare å klare seg. Eg vil nytte livet mitt til å lage musikk som betyr noko i livet til andre menneske.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Vi lever i ei tid då alt handlar om oss sjølv.
Marthe Valle, musikar
Fleire artiklar
Trea vil fortelje meg noko, skriv Ranveig Lovise Bungum.
Foto: Trond Mjøs
Kva ospa og dei andre trea kan fortelje oss
Anders Hovden.
Foto via Wikimedia Commons
Hovdens fredssalme
I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
I kvardagen kan det verte litt stress, til dømes får du ikkje den grøne pynten heilt perfekt. Men her er den herlege tomatsuppa mi med skrei.
Foto: Dagfinn Nordbø
Kvardagen
Det er dei det er flest av, kvardagane.
Teikning: May Linn Clement
Det skulle berre mangla
Det er nok ikkje manglande hjartelag som gjer at folk er interesserte i ord.
Språkrådet har kåra «beredskapsvenn» til årets nyord. Direktør i Språkrådet Åse Wetås seier det var eit openbert val.
Foto: Mariam Butt / NTB
Eit bilete på året som har gått
Språkdirektør Åse Wetås synest årets nyord er godt. At nye ord har stor påverknad, er fjorårets nyord, KI-generert, eit døme på.