Kjærleikspoet og levemann
Utsvevande livsførsel, ikkje heilt stovereine politiske haldningar og strålande kjærleikslyrikk har gjort Aleksandr Pusjkin til ein mytisk skikkelse i Russland, meiner hans norske biograf, Erik Egeberg.
Aleksandr Sergejevitsj Pusjkin (1799–1837) måla av Orest Kiprenskij.
Foto: Wikipedia
Litteratur
janh@landro.bergen.no
Framfor alt er det lyrikaren Aleksandr Pusjkin (1799–1837) russarane dyrkar. Mannen som med kjærleiksdikt og elegant, allmennmenneskeleg poesi framleis er folkeeige i landet. Med biografien Aleksandr Puškin. Russlands store dikter har Erik Egeberg, pensjonert professor i russisk litteratur ved Universitetet i Tromsø, fylt eit tomrom i litteraturhistoria her heime.
Egeberg fortel at den unge diktarspira veks opp i ein heim prega av fransk språk og kultur. Det blir snakka fransk, huslæraren er fransk, og bøkene han sluker i farens bibliotek, er også på fransk. Når mange likevel hevdar at Byron kanskje var den viktigaste inspirasjonskjelda for den unge forfattaren, meiner Egeberg at det er ei sanning med modifikasjonar.
– I ein tidleg periode var nok Byron svært viktig for Pusjkin. I tjueåra hadde han ein Byron-raptus, men den feberen gav seg fort. Seinare, som under arbeidet med blankversdramaet Boris Godunov, blei Shakespeare viktigare.
Men i botnen av diktarpersonlegdommen hans låg heile tida fransk klassisistisk tenking – klarleik og orden.
– Det kunne til tider bli mykje romantisk staffasje i det han skreiv, men han var ingen nasjonalromantikar. Kanskje heller, som det er blitt sagt, «ei klassisk ånd i ei romantisk tid».
– På eit tidspunkt kasta han seg over folkeeventyret?
– Ikkje fordi stoffet var nasjonalt, men fordi eventyret er ein spesiell sjanger med særeigne utfordringar. Han ville sjå om han kunne bøye talentet sitt inn under eventyrets formelle reglar. Det klarte han.
Forvising og overvaking blei ein del av Pusjkins liv, fortel biografen. Årsak var dels moralen hans, eit temmeleg vilt liv med drukkenskap, duellar, kortspel og kvinnfolkhistorier, dels at han på ulike vis gav uttrykk for politiske meiningar som tsaren hadde liten toleranse for.
– Etter kvart blei han òg kjend for «uvørne» dikt. Eit av dei kalla han «Fridom», ein tittel som i seg sjølv var farleg. Dessutan hadde han ytra seg i retning av ateisme, som heller ikkje var tillate. Undersåttane skulle leve etter sentensen «Frykt Gud, ær kongen!».
– For å sleppe meir forvising lova Pusjkin tsar Nikolaj I å bli «ein annan». Korleis tolkar du det?
– I utgangspunktet at han har gitt opp – om ikkje ideala sine, så korleis han skulle nå å realisere dei. Han kan òg ha vona at Nikolaj skulle verkeleggjere ideala sjølv, for monarken var ei tid interessert i å reformere samfunnet. Men haldningane hans slo etter kvart om i ei meir restriktiv linje, som Pusjkin var kritisk til. Uansett slapp Pusjkin aldri ut av tsarens synsfelt. Han hadde nok tsarens velvilje i periodar, men blei òg eit gissel for han.
Produktiv
– I kva grad la sensuren band på diktarens skaparkraft?
– I 1826 fekk han lovnad av Nikolaj I om å bli friteken for den vanlege sensuren. I staden skulle tsaren sjølv vere sensoren hans. Pusjkin skjøna at han kunne ikkje skrive kva han ville. Det hende at tsaren gav merknader, til dømes til Boris Godunov, og desse fann diktaren fornuftige og tok omsyn til. Elles er ikkje dikta hans særleg skamfarne av sensurens strykingar.
Pusjkin skreiv fleire poem, forteljingar eller noveller på vers. Eit av dei, Poltava (1829), ser mange som uttrykk for hans tsarvennlege haldning. Der lovpriser han Peter den store. Men, understrekar Egeberg, det gjeld berre den tsaren.
– For Pusjkin er Peter ein halvt guddommeleg skikkelse, det syner han også i Bronseryttaren, hans kanskje ypparste poem. Peter opptek han resten av livet, og det siste offisielle oppdraget hans, som han dessverre ikkje nådde å fullføre, var å skrive tsar Peters historie. Under arbeidet med boka bleikna beundringa hans noko, så det hadde vore interessant å sjå kva konklusjonen ville blitt.
– Forvising og andre fråvær frå byens sosietetsliv, kvinnehistorier og intrigar gjorde han litterært produktiv?
– Langt borte frå byens freistingar og uro, fekk han arbeide. Først då han som heilt ung statstenestemann blei flytta til Kaukasus for ein fireårsperiode, og seinare då han i 1830 frivillig oppheldt seg på familiegodset Mikhajlovskoje, der han skreiv over 40 arbeid.
– Du antydar at han skreiv Boris Godunov, som i dag er mest kjend gjennom Musorgskijs opera, for å blidgjere styresmaktene?
– Medan Pusjkin sat i forvising og ønskte seg tilbake til hovudstaden, fekk han eit hint om at dette temaet ville vekkje tsarens godhug. Han var redd for å bli gløymd og derfor villig til å gjere kva som helst. Og sidan tsartida til Godunov låg meir enn to hundre år tilbake, og derfor utanfor dei aktuelle politiske stridane, stod han friare til å behandle emnet. At ein fjern forfar var involvert i Godunov-regimet, og at historiefaget i romantikken blei sett på som vitskapen par excellence, gjorde oppgåva desto meir freistande.
Med åra blei Pusjkin meir og meir oppteken av historie. Professor Egeberg trur at om poeten hadde fått leve lenger, ville han primært ha sysselsett seg med historie, ikkje dikting.
– Eg trur han kjende seg som yrkeshistorikar først og fremst.
Ved å bryte med den stivt proklamerande tragedien og komedien og i staden lage skodespel meir etter mønster av Shakespeare, står Pusjkin som ein fornyar av både den russiske dramatikken og skodespelkunsten. Men Egeberg meiner likevel at han har hatt langt større betydning for russisk lyrikk enn for dramatikken og den episke diktinga.
Lyrisk førebilete
– Mykje russisk dramatikk både før og etter han er nokså uinteressant. Og i prosaen kom seinare Gogol, Dostojevskij og Tolstoj, som i liten grad var påverka av det Pusjkin hadde gjort. Som lyrikar var han svært allsidig og dikta om allmennmenneskelege tilhøve. Han utvikla det poetiske språket til nye høgder i smidigheit og uttrykksfylde. I kjærleiksdikta skaper han ei særeigen blanding av personleg varme og lyrisk glans. Så har han dikt som «Profeten», der han maktar å kombinere referansar til Bibelen og orientalsk profetdikting med ein vri til aktuelle forhold. Seinare poetar følgjer dei linjene Pusjkin har streka opp for lyrikken.
Erik Egeberg reknar versromanen Evgenij Onegin (1835) som Pusjkins hovudverk. Ikkje noko anna litterært arbeid sysselsette diktaren over like mange år.
– Ikkje berre dekkjer arbeidet med romanen det største tidsspennet i livet hans, det er også det mest allsidige og mangfaldige verket han skreiv. Episk og lyrisk, forteljing og kjensler. Boka er ein personleg samtale med lesaren og gir plass til alt mogleg.
– Pusjkin skal ha arbeidd på 25 dramatiske verk, men berre fullført fem. Likeins byrja han på fleire prosaarbeid, som heller ikkje blei sluttførte. Kva er forklaringa?
– Først og fremst at han fekk ein tidleg død. Og så var han eit oppkomme av tankar og idear. Han kunne byrje på eit emne, men etter ei tid innsjå at det ikkje ville bli til noko. Dessutan hadde han eit sosialt liv som kravde mykje av tida hans.
– Kor mykje er sjølvbiografisk i diktinga hans?
– Noko direkte sjølvbiografisk finn ein neppe, derimot ting som heng saman med hendingar i livet hans, til dømes forvisinga. Samanlikna med Tolstoj, som skreiv svært sjølvbiografisk, er det lite.
– Russiske komponistar som Glinka, Tsjajkovskij, Musorgskij og Dargomysjskij har late seg inspirere av Pusjkins dikting til å skape opera. Kva er det som har appellert så sterkt til dei?
– Mange komponistar har nytta han som materiale for opera og andre musikkverk. Mykje av det han skreiv, er rett og slett veleigna for opera.
Aleksandr Pusjkin skal ha vore engasjert i ei rad duellar, talet seksten er nemnt, og den siste tok han sin død av. Men Egeberg fortel at somme blei forhindra og mange var meir å forstå som leikeduellar – utan alvor.
Sjå bokmelding på sidene 26–27.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Erik Egeberg om Pusjkin
Fleire artiklar
Maja Lunde har skrive om korleis teknologien tek over barndommen.
Foto: Agnete Brun
Skjermbruksvett
Skjermen er den nye synda i tilværet. Og debatten rullar.
Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.
Foto: Sindre Deschington
Mikrobrikkene som formar framtida
Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
På 70-talet meinte nokon at Billy Swan song som ein mellomting av Ringo Starr og Elvis. Det held vel til husbruk på eldre dagar.
Foto: Ctsy Monument Records, 1976
Arkivet: Hjelpa er nær
I november for femti år sidan blei genistreken «I Can Help» skriven og framført av ringreven Billy Swan.