Mindre pressestøtte til Dag og Tid
Dag og Tid fekk mindre pressestønad i år, men avisa aukar jamt i opplag.
Medietilsynet deler ut 313 millionar i pressestøtte i år.
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
Pressestønad
ronny@dagogtid.no
Medietilsynet delte ut 313 millionar i produksjonstilskot til 157 aviser denne veka. Det er alltid knytt spenning til pressestøtta, fordi summane varierer år for år. Aviser som Dagsavisen og Nationen får redusert støtte. Sistnemnde får i år 22,3 millionar kroner. Det er om lag 600.000 kroner lågare enn i fjor.
I andre enden av skalaen ligg Klassekampen og Bergensavisen. Dei får høvesvis 40,2 og 27,7 millionar kroner. Det vil seia ein auke på over ein million for Klassekampen og nesten to millionar for Bergensavisen.
Det er òg nykomarar på lista til Medietilsynet: Aviser som ikkje har fått støtte tidlegare, som Avisa Lofoten med 778.000 kroner og nettavisa Alvdal Midt i Væla med same summen.
Pressestøtta til Dag og Tid går ned i år jamført med tidlegare år. I år får avisa du no held i handa, 4,9 millionar i pressestøtte, i fjor var summen 5 millionar og i 2015 5,1 millionar. Men trass i ein liten nedgang i statsstøtta har Dag og Tid ei god utvikling sidan opplaget går fram.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Pressestønad
ronny@dagogtid.no
Medietilsynet delte ut 313 millionar i produksjonstilskot til 157 aviser denne veka. Det er alltid knytt spenning til pressestøtta, fordi summane varierer år for år. Aviser som Dagsavisen og Nationen får redusert støtte. Sistnemnde får i år 22,3 millionar kroner. Det er om lag 600.000 kroner lågare enn i fjor.
I andre enden av skalaen ligg Klassekampen og Bergensavisen. Dei får høvesvis 40,2 og 27,7 millionar kroner. Det vil seia ein auke på over ein million for Klassekampen og nesten to millionar for Bergensavisen.
Det er òg nykomarar på lista til Medietilsynet: Aviser som ikkje har fått støtte tidlegare, som Avisa Lofoten med 778.000 kroner og nettavisa Alvdal Midt i Væla med same summen.
Pressestøtta til Dag og Tid går ned i år jamført med tidlegare år. I år får avisa du no held i handa, 4,9 millionar i pressestøtte, i fjor var summen 5 millionar og i 2015 5,1 millionar. Men trass i ein liten nedgang i statsstøtta har Dag og Tid ei god utvikling sidan opplaget går fram.
Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.