Diktet
Dagny Juel
Særleg dei mørke og ekspresjonistiske dikta hennar er fascinerande.
Foto via Wikimedia Commons
Dagny Juel har fotfølgt meg i mange år. Eg drøymde om å lage ein opera om ho. Reiste til Tbilisi i Georgia. Søkte grava hennar. For heim og laga ein operakabaret!
Dagny Juel (f. 1867) kom frå Kongsvinger. Ho var ein frimodig kunstnar, pianist og forfattar. Levde bohemlivet i Kristiania, der ho mellom andre møtte Edvard Munch. Reiste til Berlin for å utvikle pianospelet og heftige «samspel» med August Strindberg og andre. Ho fekk to barn med den polske forfattaren og pianisten Stanislaw Przybyszewski, som levde eit utsvevande og destruktivt liv. Dagny vart skoten av ein beundrar på Grand hotell i Tbilisi i Georgia 5. juni 1901.
Ho etterlét seg ei novelle, fire teaterstykke og 14 dikt. Ingen stor produksjon, men det ho skriv, burde fått mykje større fokus enn det har fått. Særleg dei mørke og ekspresjonistiske dikta hennar er fascinerande. Dei har eit personleg og kraftig uttrykk. Dagny stod ikkje i døropninga og såg på det som gjekk føre seg. Ho gjekk inn i rommet og tok del i livet og dikta ho skreiv.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.