Den nye feministbylgja
– Vi opplever ein ny kvinnekamp, der ein del minner om det kollektive i 70-talsfeminismen, seier Cathrine Holst, og viser til #MeToo. Ho stør kampanjen, men ser òg nokre problem.
Kvinnekampen har heilt frå byrjinga av vore full av historier om byrgskap, styrke og handlekraft. Vi treng fleire slike historier, seier Cathrine Holst.
Foto: Ronny Spaans
Feminisme
ronny@dagogtid
#MeToo-kampanjen opplever eit høgdepunkt i denne augneblinken. #MeToo-historier formar framsider på avisene nærast kvar dag. Det interesserer Cathrine Holst, professor ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi ved Universitetet i Oslo. Holst er ein av dei i Noreg som kjenner feminismen best. I år er ho aktuell med ei nyutgåve av boka Hva er feminisme.
Den nye utgåva inneheld nye tal, døme og tilvisingar. Mange avsnitt i boka er i tillegg nyskrivne. Fyrste utgåve kom i 2009. I denne utgåva kan ein til dømes lesa om tillaup til ei ny feministisk bylgje: «Toppen var i 2014 da 10.000 møtte opp i demonstrasjon på Youngstorget». Aksjonen galdt motstanden mot framlegget til regjeringa om å tillate fastlækjarar om å reservere seg mot å tilvise til abort. Ho nemner òg Twitter-kampanjen #Jegharopplevd i 2015, der fleire tusen fortalde om opplevingar om uynskt seksuell merksemd og seksuell trakassering.
Det sistnemnde fører oss rett inn i kampanjen i haust. Men nyutgåva av Hva er feminisme kom ut nett for seint til å omtala #MeToo.
– Eg er overvelda over #MeToo. Eg hadde aldri førestelt med at det som byrja med ei enkel Twitter-melding, skulle utvikle seg til å bli ei slik verdomspennande rørsle. Det er litt irriterande, men kan hende heller ikkje så farleg at dette ikkje kom med i nyutgåva av boka, for det er alltid vanskeleg å orientere seg når ein står midt oppi noko. Eg trur jo vi er inne i ei slags ny feministisk bylgje, der ein del minner om 70-tallet, då det dreidde seg om «å gjere det personlege politisk», men ein del er òg nytt. Kva fylgjene vil bli, veit vi ikkje heilt. Nett no tenkjer eg at det som skjer, er bra, men eg er òg litt uroa.
Feministbylgjene
For å forstå kva Holst meiner, må vi kaste eit blikk på dei førre feministiske bylgjene. I boka kjem ei rad ulike retningar til uttrykk: radikalfeministar, skilnadsfeministar kontra likskapsfeministar, blåstrømper kontra raudstrømper og så bortetter.
Men for å få eit ryddig historisk oversyn opererer Holst med tre feministiske bylgjer: Den fyrste kom på 1800-talet. Det handla om kampen til liberale mellomklassekvinner for røysterett og like rettar, og seinare striden til arbeidarklassekvinner for betre levekår. Feminisme den gongen var tett knytt til klassekamp.
I Hva er feminisme fører Holst oss vidare til den andre bylgja, den som vi i dag fyrst og fremst assosierer med kvinnefrigjeringa, dei store demonstrasjonane i 70-åra: kampen for sjølvvald abort, likestilling og velferdsordningar.
Ei tredje bylgja kom mot slutten av 90-talet. Ho er vanskelegare å setja i bås, fortel Holst.
– Då tok feminismen eit meir individualistisk preg, meiner mange. Typiske døme på denne rørsla var verk som Råtekst (1999), den norske utgåva av svenske Fittstim, der ein ny generasjon fortalde om problem som flink pike-syndrom, valdtekt, matlystplager og andre tabu. Stikkord i denne omgangen var inkludering av ikkje vestlege ståstader og såkalla interseksjonalitet, som handlar om at undertrykking ut frå kjønn, klasse og seksualitet må sjåast i samanheng.
Men Holst strekar under at denne «standardhistoria» ikkje er den einaste måten å fortelja soga om feminismen på.
– Feminisme er i grunnen eit vidare og større fenomen. Ordet går attende til det latinske ordet for kvinne: femina. Og ein feminisme kan sporast så langt attende som antikken, i Aristofanes’ komedie om då kvinnene i Aten og Sparta arrangerte sexstreik i protest mot krigføringa til mennene, og på 1600-talet kom det ut verk om kvinners sterke eigenskapar, som Menns og kvinners likskap av franske Marie de Gournay.
Sjølv kallar Holst seg liberalfeminist.
– Det viser til noko utover ein blå eller raud feminisme. Inspirert av filosofar som Martha Nussbaum prøver eg å skrive inn feminismen i ein brei, men distinkt humanistisk tradisjon med røter attende til den fyrste bylgja.
Den fjerde bylgja
Korleis er så den fjerde bylgja? Typisk for #MeToo er dei store oppslaga der kvinner frå kultur- og mediebransjen fortel om overtramp. Eit døme er #Stilleforopptak, som vart offentleggjord i Aftenposten 16. november: eit opprop underskrive av nesten 600 norske kvinnelege skodespelarar: Eit «oppgjør med ukulturen i norsk TV, film og teater», heitte det, og merksemda vart retta mot menn i maktposisjonar i teaterverda.
Det same skjer i andre bransjar.
– #MeToo bryt med individualismen i den tredje bylgja. Ramma er meir kollektiv og «ein for alle, alle for ein». Kampanjen gir nokre assosiasjonar til dei store kampane i syttiåra. Men ein opplagd skilnad er rolla til sosiale medium. Det viser ein fundamental ny måte å mobilisere på. No skjer det ikkje gjennom organisasjonsmedlemskap og løpesetlar, men gjennom Twitter-meldingar og Facebook-oppdateringar.
Men Holst har òg visse atterhald mot denne elektroniske mobiliseringa.
– Sosiale medium er som ein halvoffentleg arena, det tyder låg terskel for deltaking. Fordelen er at kvinner som elles vill ha tagd, no kan fortelja historia si. Men alt som blir fortalt, er ikkje automatisk «fakta», og i ein rettsstat må dei som er påtala, få høve til å forsvare seg. Demonisering og lynsjing meiner eg vi skal halde oss for gode til, sjølv om målet måtte vera aldri så edelt og feministisk.
Kjendiseri
Ei anna side ved #MeToo kom nett til uttrykk i Dagens Næringsliv: «NHO-sjefen har selv opplevd sextrakassering: – Alle fikk med seg hva som skjedde, men ingen gjorde noe», er tittelen. Ein av Noregs største maktpersonar, Kristin Skogen Lund, fortel at ho opplevde ein uverdig episode ved ein jobbmiddag i Frankrike i «yngre år».
Her er det altså ikkje tale om ei kvinne i underordna posisjon, heller ikkje frå ein bransje som sjeldan får framsidene på avisene, som hjelpepleiar eller servicebransjen i hotellnæringa.
Er dette til inspirasjon for andre, eller reint kjendiseri, undrar og spør Holst.
– Det har jo òg vore oppslag om overgrep og trakassering i omsorgs- og tenesteyrke, og det kan ha viktig ein symbolverdi at Skogen Lund fortel om dette. Trakassering er sjølvsagt uakseptabelt. Men eg vonar på lågare kjendisfaktor etter kvart. Eit viktig spørsmål er til dømes om vi i dag har det lovverket vi treng, og om lågterskeltilbodet for dei som er trakasseringsråka rundt om i arbeidslivet, er bra nok. Historier der offer, urett og krenking er i hovudsetet, er jo òg berre éi side av feminismen. Kvinnekampen har heilt frå byrjinga av vore full av historier om byrgskap, styrke og handlekraft. Eg veit at det finst mange slike historier i dag òg, og eg trur vi treng at fleire av dei kjem opp no.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Demonisering og lynsjing meiner eg vi
skal halde oss for gode til.
Cathrine Holst, professor
Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.