Den språklege tilsløringa
Den store nye ordboksatsinga i Noreg, Det Norske Akademis ordbok, blir lansert neste veke. Alt ser bra ut, bortsett frå éin ting: Danske ord blir presenterte som heilnorske gloser.
Oppslaget «eg» i NAOB
Skjermdump frå NAOB
ORDBOK
ronny@dagogtid.no
Slår du opp i Det Norske Akademis ordbok, blir du presentert for historiske ordforklåringar som er misvisande.
Ved oppslaget «jeg» står det «av norrønt ek». På same side står det tilvising til «eg». Trykkjer du deg vidare, får du denne informasjonen: «dialektalt». Det danske opphavet til «jeg» er ikkje nemnt, heller ikkje det faktum at «eg» finst i det andre skriftspråket vårt, standardmålet denne avisa er skriven på.
Eit anna ord, «verden», blir ført attende til norrønt «verold», med tydinga «menneskealder, tidsalder». Det er direkte feil: «mannsalder», skulle det ha vore. «Ver» i «verden» går attende til norrønt «verr», «mann». Dessutan er «verden» ei gamal dansk form. Det står det ingenting om i oppslaget.
Småtteri, vil kanskje somme tenkje. Men det handlar om eit prosjekt som held fana høgt for vitskapleg presisjon. Og det handlar samtidig om eit prosjekt som ikkje skal ha språkpolitisk slagside. Kvifor utelata informasjon om nynorsk? Kvifor presentere riksmålet som eit språk med eit norrønt – altså gamalnorsk – opphav?
Er det tale om ei arbeidsulukke, eller gamaldags riksmålskamuflasje – dansk kamuflert som norsk?
Prestisje
Det Norske Akademis Ordbok (NAOB) blir offisielt opna over helga, onsdag 24. januar. Men ordboka, som er ei digital ordbok, altså nettordbok, har sidan desember vore tilgjengeleg for publikum.
NAOB er ei modernisering av Norsk Riksmålsordbok, som vart gjeven ut i fire band frå 1937 til 1957, med to tilleggsband frå 1995. Då Norsk Ordbok, ordbok over det nynorske skriftspråket og dei norske dialektane var i ferd med å bli fullførd, meinte Kunnskapsdepartementet at det var på tide at Norsk Riksmålsordbok fekk eit lyft. Arbeidet med Norsk Ordbok vart avslutta i 2016. NAOB blir gjeven ut av Det Norske Akademi for Språk og Litteratur og Kunnskapsforlaget. Prosjektet fekk 80 millionar i støtte frå det offentlege, i tillegg til 20 millionar frå private.
Det er eit prestisjetungt prosjekt. Det har 200.000 oppslagsord på bokmål og riksmål og eit rikt utval av bruksdøme frå norsk litteratur og presse. Det sistnemnde gjer NAOB til «det eneste litterære ordbokverk på norsk».
«Løb ud paa gaden»
Dag og Tid har gjort stikkprøver. Det handlar altså om historia til riksmåls- og bokmålsord. Det som på fagspråket heiter etymologi: studiet av opphavet til orda og korleis dei har utvikla seg gjennom tidene.
Vi har konsentrert oss om einskilde sentrale ord, som dei alt nemnde «verden» og «jeg», saman med ei gruppe andre orda: «støte», «velge», «selge» og «øl».
Vi har rådført oss med det mest pålitelege verket om norsk ordhistorie i handelen i dag: Våre arveord. Etymologisk ordbok av Harald Bjorvand og Fredrik Otto Lindeman.
Men før vi kjem så langt, er det påkravd med ei oppfrisking av allmennkunnskapane våre. Svartedauden, kring 1350, råka norske geistlege – dei skriveføre – hardt, og seinare kom vi i union med Danmark. Ei av fylgjene var at norsk skriftspråk gjekk under og at dansk vart innførd som administrasjonsspråk. På midten av 1800-talet steig så Ivar Aasen og Knud Knudsen fram: fyrstnemnde introduserte landsmålet, sistnemnde fornorska dansken.
Vel, dette kjenner vi til, men det er likevel verdt å gå i detaljane: I byrjinga av det førre hundreåret gjekk begge skriftspråka gjennom rettskrivingsreformer. 1907-reforma hadde stor innverknad på riksmål, og dermed på bokmål. Dei viktigaste endringane var at dei «harde» konsonantane p, t og k vart innførde til erstatning for dei «mjuke» b, d og g i ei rad ord.
«Løb ud paa gaden efter en kage» vart til «løp ut paa gaten efter en kake». Dermed fekk den gamle norskdansken eit klårare norsk preg.
Ulike forklåringar
Korleis blir desse rettskrivingsreformene gjort greie for i NAOB? Vi kan byrja med dei harde og mjuke konsonantane. «Støde» vart fornorska til «støte» i 1907. Kva seier NOAB om ordet? «Av norrønt steyta», heiter det. Men i det litterære bruksdøma er det mange d-ar, som «jeg skulde støde dolken i mit hjerte» – dømet er frå Henrik Ibsens Catilina.
Før norrønt «steyta» vart «støte» på moderne bokmål, har det vel vore gjennom ei større utvikling, inkludert ei rettskrivingsreform? Vi går til Våre arveord. Verket kjem i stendig nye og utvida utgåver. Den nyaste utgåva frå 2007, førd i pennen av Harald Bjorvand, kan fungere som «fasiten» for ordhistorisk utgreiing i denne artikkelen. Der heiter det at «formen støte historisk sett er dansk støde (med no. -t-)».
Så går vi til orda «velge» og «selge». Bjorvand nemner eldre germanske former av orda, som norrønt «velja» og «selja», men strekar under at på moderne bokmål har desse orda «dansk opphav».
Kva seier NAOB? Ved «velge» står det «av norrønt velja», men ved «selge» heiter det «fra dansk sælge, tilsvarer norrønt selja». Ved «ferge» får vi elles same opphavet: «fra dansk færge». Kvifor ulik forklåring for termar med same ordhistorisk bakgrunn?
Når det gjeld «øl», fører NAOB «norrønt ol» opp som opphav. Bjorvand skriv at «det ser følgelig ut til å dreie seg om den danske formen øl», og føyer til at Aasen i Norsk Ordbog har registrert ei avvikande norsk form: ol (med tjukk l).
«Forkvaklet dansk»
Vi vender attende til «jeg» og «verden». Bjorvand skriv at i «jeg» på bokmål, dansk og svensk ser «e-n» i ordet ut til å ha utvikla seg til «ja» framfor «k». Urnordisk «ek» blir «jak». Gamaldansk «iak» blir nemnd i NAOB, men då atter etter eit «jamfør».
Når det gjeld «verden», er «verr» er nemnd, men då med den upresise omsetjinga «mann, menneske». «Verr» som har språkhistorisk samanheng med «viril», då skulle det vel ikkje vera tvil om at det handlar om menn. Bjorvand skriv rett ut at «verden» er «historisk sett en dansk form», ikkje minst er det synleg i den bundne artikkelen som har smelta saman med ordet. I NAOB melder dei at endinga -en er vorten ein del av grunnordet, men dansk er ikkje nemnt med eit einaste ord.
Somme lesarar vil kanskje reagere på ordbruken i denne artikkelen: «heilnorsk» kontra «pæredansk». Det minner om ei tid då frontane mellom riksmålsfolk og målfolk var steile. Ei tid då Didrik Arup Seip argumenterte for at «Norge», «Trondhjem» og andre namn var av heilnorsk opphav, medan andre riksmålsmenn meinte vi burde vedkjenne oss den dansken arven: «Riksmål er og forblir et forkvaklet dansk», sa diktaren Alf Larsen på beste sendetid på NRK i 1962. Den tida er forbi. Målfolk kallar ikkje bokmål dansk lenger, og akademikarar som skriv om norsk språkhistorie, som bokmålsbrukaren Harald Bjorvand, nøler ikkje med å føre danske ord og former attende til dansk språkutvikling. Kvifor gjer ikkje NAOB det same?
Er det ei arbeidsulukke? Det har vore oppslag om skort på midlar i NAOB, arbeidet har nok vore merkt av hastverk. Eller er det tale om gamaldags riksmålskamuflasje – dansk kamuflert som norsk?
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Språkforskaren Harald Bjorvand nøler ikkje med å føre danske ord og former attende til dansk språkutvikling. Kvifor gjer ikkje NAOB det same?
Fleire artiklar
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.
Øyvind Vågnes var professor ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Universitetet i Bergen
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Støre og krisa i sosialdemokratiet
Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Ein politimeister les opp ein rettsordre som stoppar ein protest for veljarregistrering i Selma i Alabama i USA 9. mars 1965, framfor borgarrettsaktivistane Martin Luther King jr. (t.h.) og Andrew Young.
Foto: AP / NTB
Vald, hat, mot
Historia om kampen til dei svarte i USA er soga om ei frigjeringsrørsle som vann – til slutt. Men også om tvisyn og botnlaus menneskeleg fornedring.